Sogn traineer i Balestrand

Møt traineeane i Sogn 2023/24!

Årets kull er størst i Sogn med heile 17 traineear plassert i regionen. Bli betre kjent med dei her.

Alexander Digdir

Alexander skal utvikle nasjonale tenester

Alexander Nordstrand kjem frå Hyllestad og har studert informasjonsteknologi. 27-åringen er trainee i Digitaliseringsdirektoratet i Leikanger der han skal jobbe som systemutviklar i MinID-teamet.

– Eg søkte jobben fordi det verka som ein god arbeidsplass med veldig relevant arbeid for mi utdanning.

Han trur det blir bra å vere trainee og ser fram til å lære mykje.

Bror Vestlandsforsking

Bror vil bidra med kunnskap om klimaomstilling

Bror Kristian Raanaas Tandberg er 27 år og kjem frå Drøbak. Han har studert internasjonale miljøstudier, statsvitskap og økologisk økonomi og har no flytta til Sogndal for å starte som trainee i Vestlandsforsking. Der han skal han jobbe med forsking og formidling om klimaomstilling og klimatilpassing.

– Eg ville gjerne jobbe i skjæringspunktet mellom forsking og formidling i eit forskingsinstitutt tett på lokalsamfunnet. Eg gler meg til å ha naturen tett på i kvardagen. Det blir triveleg å møte mange nye folk og lære nye ting, seier han.

Fun fact: Bror har vore moskussafariguide.

Andreas Luster

Andreas ville teste ut landsbygda

Andreas Losnegård er 27 år og kjem frå Bergen. Han tok med seg ein master i administrasjon- og organisasjonsvitenskap til Luster og har starta som trainee i kommunen der han skal jobbe med næringssaker i avdeling for nærings- og samfunnsutvikling.

Han fortel at han har blitt veldig godt motteken og ser fram til å lære mykje om næringslivet i kommunen.

– Eg har alltid ville testa ut å bu på landsbygda. Jobben i Luster kommune var derfor ein fin moglegheit til å prøva dette ut. Eg har også et sterkt engasjement for næringsutvikling i mindre sentrale strøk, seier han.

Christina luster trainee

Cristina har hjarte for bygde-Noreg

Cristina Grillo har ein bachelor i samfunnsplanlegging og ein master i byplanlegging. 26-åringen frå Stord er trainee i Luster kommune og skal jobbe med samfunns-, kommune- og byplanlegging.

Ho søkte på traineestillinga fordi ho har eit hjarte for bygde-Noreg og fordi Sogn er eit naturmekka.

– Eg håpar at traineeåret blir lærerikt, sosialt og fylt med (natur)opplevingar.

Daniel sygnir

Daniel har allereie fått forventningar innfridd!

Daniel Asle Vingen Endal er 26 år, kjem frå Bergen og er sivilingeniør innan elkraft og energi. Han er trainee i Sygnir i Sogndal, der han skal jobbe med elkraft-prosjektering og digitalisering. Daniel hadde allereie kjennskap til bedrifta han enda opp å jobbe i:

– Eg hadde vore på bedriftspresentasjon med Sognekraft på studiet, og følte meg rimeleg sikker på gode moglegheiter innan fagfeltet mitt der. Eg følte også at eg og Sygnir fekk ein god tone i innleiande samtalar, seier han.

– Forventningane om at eg kunne bruke det eg har lært i studiane har allereie blitt innfridd. Eg ser også fram til å vere nærare slekt og familie i Nordfjord og bu i Sogndal, der eg kun har vore på gjennomreise tidlegare.

Fun fact: Daniel har vore med i speidaren sidan han var 8 år og stortrivst ute rundt leirbålet i skumringa.

Kristine Holm Solund

Kristine er klar for både jobb og vêr

Kristine Holm er 25 år og kjem frå Bergen. Ho har ein bachelor i medievitskap, men ikkje nok med det: ho har også eit årsstudium i landskapsplanlegging og landskapsarkitektur og eit årsstudium i sosialantropologi. No har ho starta som trainee i Solund kommune der ho jobbar som kommunikasjonsrådgjevar.

– Det var veldig viktig for meg å ha varierte arbeidsoppgåver, og det ville eg få her. Det var også attraktivt å kunne delta innanfor eit politisk rammeverk. Naturen på Solund er også heilt fantastisk, og eg hadde eit ønske om å oppleve den på nært og lengre hald.

– Eg forventar å delta på mykje eg ikkje har vore borti før, teste kunnskapen min, utfordre meg sjølv i ein yrkessetting og personleg, og bli kjent med nye folk. Eg har alltid budd på Vestlandet, så eg veit å forvente regn.

Fun fact: Kristine har hoppa i fallskjerm!

maria simas trainee

Maria gler seg til å sjå kva Vestland har å by på

Maria Rüppel Alvestad er 26 år kjem frå Skien. Ho har ein bachelor i internasjonal juss og ein master i IKT-juss, og er trainee i SIMAS der ho skal vere ei juridisk støtte for administrasjonen. Ho fortel at då ho las traineeutlysinga tenkte ho at stillinga i SIMAS passa henne godt:

– Eg spesialiserte meg i miljørett då eg tok bachelor, og SIMAS har jo ansvar for renovasjon i Sogn, så det passa meg ganske godt å jobbe der.

No gler ho seg til å få bruke det ho har lært i praksis, og til å få utvikle seg personleg og fagleg.

– Eg synest det er spennande å få oppleve ein ny del av landet, og gler meg til å sjå det vestlandet har å by på.

Fun fact: Tom Hardy har halde døra for Maria på ein restaurant i London.

Farhan trainee

Farhan er klar for læring og moro

Muhammad Farhan er 27 år og kjem frå Pakistan. Han han ein sivilingeniør-bachelor og ein mastergrad i HydroPower Development. No bur han i Vikøyri og har starta som trainee hos Bystøl, der han skal jobbe med konstruksjon, damdesign og fiskeri.

Farhan var glad for å finne ein jobb som var direkte relatert til det han har studert. Om forventningane til traineeåret seier han:

– Forhåpentlegvis vil læring og moro gå hand i hand. Som trainee ønsker eg å få nok kompetanse til å utføre oppgåver på eiga hand. Når det gjeld å bu på vestlandet, hadde eg ikkje hatt noko imot litt mindre snø.

Fun fact: Farhan er god i badminton.

siv trainee hvl

Siv skal engasjere studentane i Sogndal

Siv Stavang Aune er 27 år, kjem frå Florø og er lektor i kroppsøving og idrettsfag. Ho er trainee på Høgskulen i Vestlandet campus Sogndal, der ho skal jobbe i fellesadministrasjonen med vekt på studentengasjement. Det var fleire grunnar til at ho ville ha nettopp denne jobben:

– Eg søkte meg til Høgskulen på Vestlandet fordi eg sjølv treivst svært godt som student, og synest at innsikt i sektoren for høgare utdanning frå tilsettsida verka spennande. I tillegg har eg høyrt utruleg mykje positivt frå folk som har studert ved HVL campus Sogndal, og tenkte at det må vere mykje å lære av dei flinke tilsette her. Og det trakk sjølvsagt opp at det var i Sogn og Fjordane.

Å bu på Vestlandet har ho berre gode erfaringar med, men akkurat Sogndal er nytt for ho:

– Her trur eg at eg vil få det veldig bra, med høve til å gjere kjekke uteaktivitetar eg likar å halde på med. Og ikkje minst folka! Her er alle eg har møtt både rause, inkluderande og inviterande. Eg ser fram til å bli kjend med dei andre traineeane og kunne dele erfaringar i overgangen frå å vere nuytdanna til å byrje i arbeidslivet. Eg synest det er svært kjekt å bli kjend med nye menneske, og ser på traineenettverket som ein god veg inn i mange kjennskap, både sosialt og fagleg.

Fun fact: Siv sender alltid postkort heim når ho er på utanlandsferie.

Endre valk

Endre forventar læring, turar og ferjer

Endre Zahl Thorkildsen er 23 år og kjem frå Kristiansand. Han er utdanna byggdesign-ingeniør ved UiA i Grimstad og er tilsett som trainee i Vestland Fylkeskommune som byggherre. Der skal han vere med på utbygging, vedlikehald, drift og beredskap.

– I denne jobben får eg mykje relevant erfaring for ein eventuell jobb vidare. Og her er mange kollegaer med forskjellige erfaringar å lære i frå, seier han om kvifor han ønskte å søke på akkurat denne stillinga.

Han har følgande forventningar til året:

– Når det gjeld det å vere trainee: At det er mykje variert og lærerikt. Når det gjeld det å bu på Vestlandet: Turmiljø og ferjer.

Vivill skyss

Vivill vart freista av samfunnsoppdraget

Vivill Talsnes er 29 år og kjem frå Oslo. Ho er utdanna siviløkonom og er trainee i Vestland Fylkeskommune der ho skal jobbe med strategi og leiing i Skyss. Vivill har kontorstad i Bergen, men er tilknytt kontoret på Leikanger.

Ho fortel at ho søkte på jobben på grunn av samfunnsoppdraget i stillinga. Om forventningane til året seier ho:

– Å lære og ha det kjekt.

Fun fact: Vivill har berre køyrt på venstre side av vegen.

Wael vflk

Wael likar å jobbe i store organisasjonar

Wael Saleh Amer er 39 år og kjem frå Syria. Han har ein master i økonomi og er trainee i Vestland Fylkeskommune der han skal jobbe med rekneskap.

Han søkte på stillinga fordi han likar å jobbe i store organisasjonar, og seier elles dette om forventningane til året:

– Få mykje erfaring, bli kjent med Vestlandet og gjerne bu her heile livet.

Tine vflk

Tine vil jobbe for klimaet

Tine Sille Svendsen er 29 år, kjem frå Danmark og har studert biologi og klimaendringar. Ho er trainee i Vestland Fylkeskommune og gler seg til å jobbe med nettopp miljø og klima.

– Eg vil gjerne jobbe for at klimaløysingar vert implementert i vårt samfunn og lære korleis dette arbeidet går føre seg i kommunar, næring og fylkeskommunar imellom.

På spørsmål om kva ho forventar av traineeåret er svaret enkelt:

– Å lære ein masse!

Fun fact: Tine har haika gjennom Finnmark med ein kano.

Elise vflk

Elise skal bidra til å utvikle Vestland

Elise Gulseth er 27 år og kjem frå Skien i Telemark. Ho tar med seg ein bachelor i fornybar energi frå NMBU og ein master i berekraft frå UiB når ho tek fatt på traineeåret i Vestland Fylkeskommune. Ho har kontorstad i Bergen og skal jobbe med ein utviklingsplan for Vestland for 2024-2028 og berekraft.

På spørsmål om kvifor akkurat denne stillinga skilte seg ut, svarar ho:

– Dei hadde fokus på berekraft, natur og klima i stillingsutlysinga.

No ser ho fram til å lære mykje, få fine kollegaer og sjå enno meir av Vestland.

Fun fact: Elise får hikke av sterk mat.

sondre vflk

Sondre ser moglegheiter i Fylkeskommunen

Sondre Sollibakke Mo er 22 år og kjem frå Lærdal. Han har ei bachelorgrad i cybersikkerheit og infrastruktur, og er trainee i Vestland Fylkeskommune der han skal jobbe med informasjonssikkerheit.

– Eg valde denne stillinga fordi den opnar for mange moglegheiter for kva eg ville gjere som var relevant til utdanninga mi.

Sondre seier at han har ikkje nokon spesielle forventningar til året, og å bu på vestlandet har han gjort då han vaks opp, men vi håpar vi kan servere han nokre kjekke opplevingar i traineeprogrammet.

lars trainee

Lars trivst i Sogndal

Lars Røyrhus er 24 år og frå Stranda. Han har utdanning innan aktivitets- og naturbasert turisme, i tillegg til innovasjon og marknadsføring. Lars er trainee i Vestland Fylkeskommune der han skal jobbe med samfunnsutvikling, reiseliv og digitalisering. Han er glad for å ha fått akkurat denne jobben.

– Eg får jobbe med mykje forskjellig, og jobben har mykje reising og networking. Samstundes får eg fortsette å bu i Sogndal. Eg har budd på Vestlandet heile livet, så det blir fint. Eg forventar at traineeåret blir lærerikt og utfordrande.

Fun fact: Lars har gått på isbre sidan han var fire år gammal.

Roger er klar for utvikling i Highsoft

Roger Foss er 23 år og kjem frå Kaupanger. Han har studert økonomi, men skal no jobbe med webutvikling som trainee i Highsoft.

– Highsoft er ei solid bedrift som konstant prøvar å forbetre seg sjølv og vekse. Dette er motiverande. Det er kunnskapsrike folk i bedrifta, og det er også eit ope og fint miljø, seier Roger om kvifor han ønska å jobbe akkurat her.

På spørsmål om kva han forventar av året, seier han følgande:

– Lære nye ting, vere nyttig, få nye vennskap og utvikle spennande produkt.

Har du lyst til å vere trainee neste år? Her kan du lese meir om å vere trainee.

Eller meld deg på nyheitsbrevet vårt og få tilsendt lista med ledige stillingar så fort vi lanserer dei i desember:

Påmelding nyheitsbrev

Fleire saker