Kristine Holm Solund trainee

Nyheiter

Utforskaren i Solund

Kristine visste ingenting om Solund, men nysgjerrigheita og ei spennande traineestilling lokka ho til øysamfunnet ytst i Sogn.

– Det verka som ein stad og ein jobb der eg kunne gjere mykje forskjellig, fortel Kristine frå kontoret sitt på Hardbakke i Solund kommune.

Ho er ein av årets traineear i Framtidsfylket Vestland, og har fått i oppgåve å sette den vesle øykommunen på kartet og formidle eit utsnitt av livet i Solund. Målet er tilflytting.

– Då eg googla plassen såg det berre heilt fantastisk ut, og faktisk så er det enda finare i verkelegheita. Det er kjekt å jobbe med å vise dette fram til fleire.

Sjå traineestillingane for 2024/25 her

Utforskartrang

Det er tydeleg at Kristine ikkje er redd for det ukjente. Dei beste opplevingane kjem gjerne når ein tek litt sjansar i livet.

– Det finst ikkje nok blekk i pennen til å skriva lista over alt eg har lyst til å gjere og folka eg vil treffe. Berre tida avgrensar meg, fortel ho lattermildt. Ho legg likevel til at ho dei siste åra har blitt litt flinkare til å la ting gå sin gang.

– Sjølv om eg ikkje får gjort alt eg vil akkurat her og no, så har eg tid seinare. Livet er heldigvis langt, seier ho med eit smil.

Kristine holm Solund

Studiar + verv enda i jobb

Og livet har 25-åringen frå Bergen så langt klart å fylle med mykje. I løpet av bachelorgraden på UiB tok ho eit heilt år med utveksling i Canada. Så bar det vidare til Sogndal, der ho tok to ulike årsstudium samstundes som ho var aktiv i VEKAO, studentfestivalen i Sogndal. Siste året gjekk ho like godt inn som sjef for heile festivalen.

– Etter det kunne eg gjerne ha haldt fram i Sogndal, men eg var òg klar for noko nytt. Det var gjennom vervet mitt i VEKAO at eg kom over traineestillingane frå Framtidsfylket. Eg hugsar eg tenkte at her var det mykje spennande, men at stillinga i Solund var ekstra interessant.

Variert kvardag

Arbeidskvardagen som kommunikasjonsrådgivar handlar mykje om å rapportere frå det som skjer i kommunen – alt ifrå kommunestyremøter til kronprinsbesøk. Då er ho med på det som skjer, tek bilder, skriv saker og oppdaterer nettside og sosiale medium. Det passar fint for ei litt rastlaus sjel:

– Eg kunne nok ikkje hatt ein rein kontorjobb. Eg treng å kome meg ut og variere arbeidsdagen litt, seier Kristine.

Ho synest det er givande å få løfte fram arbeidet som blir gjort i ei lita kommune, og meiner folk som jobbar offentleg ofte ikkje får nok ros for den jobben dei gjer.

– Eg får ei større forståing av korleis kommunen fungerer og kvifor, og fortelje om det til omverda. Eg er veldig glad for å kunne gi dei som jobbar her den skryten dei fortener.

Solund kommunehus

Grådig hyggeleg

Men korleis har det eigentleg vore å flytte til øysamfunnet Solund, som har fleire holmar, øyer og skjær enn innbyggjarar?

– Det har gått fint. Alle her er grådig hyggelege og imøtekomande, og det er lett å finne ut kva som skjer, seier Kristine, og fortel at ho etter nokre månadar på øya stortrivst både på jobb og fritid og er engasjert i blant anna volleyball. Ho er også ivrig heilårsbadar, og håpar å få med seg fleire i badeklubben sin. 

– Eg har allereie fått med meg nokre kollegaer, så det går framover! Sjå på dette som ein ståande invitasjon til alle Sulingar, seier ho med eit stort smil.

Kristine Holm trainee solund

Eit fint mellomsteg

Kristine opplever at traineeåret er eit fint mellomsteg mellom studiar og fast jobb:

– Eg var litt nysgjerrig på om kollegaene mine kom til å behandle meg annleis fordi eg er trainee – at eg ikkje kom til å vere heilt likestilt, på ein måte. Men det er verkeleg ingen negative sider. Eg får berre litt ekstra oppfølging og støtte.

Gjennom Framtidsfylket sitt traineeprogram deltek ho også på samlingar med andre traineear i Vestland.

– Det er kjekt å møte ein så variert og entusiastisk gjeng, som alle er i same situasjon og kanskje har dei same problemstillingane som meg. Alle gler seg til å lære, bli kjent med kvarandre og til å delta på arbeidsplassen sin.

Solund Kristine

Vegen vidare

Halvvegs i traineeåret er Bergensaren ikkje heilt sikker på kva framtida bringer, og fortel at ho eigentleg har ein avtale med venner om å ta eit år i Lofoten etter dette året. Men allereie andre veka i Solund byrja ho å tenke at eitt år her er for kort.

– Så no spørst det om eg må få dei til å kome til Solund i staden.

Kristine Holm er 25 år og kjem frå Bergen. Ho har ein bachelor i medievitskap frå UiB, eit årsstudium i landskapsplanlegging og landskapsarkitektur frå Sogndal og eit årsstudium i sosialantropologi frå NTNU. Kristine er trainee i Solund kommune, som er del av Framtidsfylket sitt traineeprogram, der ho jobbar som kommunikasjonsrådgjevar.

Traineestillingar 2024/25

Fleire saker