tre om traineelivet

Nyheiter

Tre om traineelivet

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: Photoevent

Lurer du på korleis det eigentleg er å vere trainee? Vi har snakka med tre av årets traineear om traineelivet.

Sjå traineestillingane for 2024/25 her.

– Ein unik moglegheit til å prøve seg i arbeidslivet.

Sunniva Ullensvang trainee

Sunniva er HR-trainee i Ullensvang kommune.

Sunniva Haustveit er 23 år og kjem frå Ullensvang i Hardanger. Ho har ein bachelor i HR og personalleiing, og er trainee i Ullensvang kommune der ho jobbar med HR.

Kva er det beste med å vere trainee?

– Det beste med å vere trainee må vere tryggleiken du får som ny i arbeidslivet. Fellesskapet du får med dei andre traineeane, som er i same situasjon som deg, byggjer opp denne tryggleiken. Gjennom samlingane skapar vi relasjonar og får mykje fagleg og sosialt påfyll. Vi får også hjelp til å takle problemstillingar knytt til det å vere ny i arbeidslivet. Noko eg òg ser fram til er studieturen til Brussel – ein unik moglegheit eg aldri hadde fått elles.

Nemn tre ting som er bra med plassen du bur på?

– Eg har flytta til heimkommunen, så det beste med å flytte heim er å kunne vere nærare familie og vener. Det er også godt å flytte vekk frå storby og til meir rolege omgjevnadar. Eg er også veldig glad i naturen, så det var kjekt å flytte heim til friluftshovudstaden igjen.

Kvifor bør nyutdanna søke seg til ei traineestilling?

– Som nyutdanna opplevde eg å vere usikker på om det eg studerte var like interessant i praksis. Ei traineestilling er ein unik moglegheit til å få prøve seg i arbeidslivet, med trygge rammer og lærerike moglegheiter. Samlingane bidreg til både sosiale og faglege påfyll, og finn stad på ulike plassar i fylket. Dermed får du oppleve småstadar i Vestland som du kanskje ikkje hadde reist til elles, og det er kjempekjekt!

– Samlingane er fantastiske for å bli betre kjent.

Torgrim pwc trainee

Torgrim er trainee i PwC i Førde.

Torgrim Halse er 30 år og kjem frå Sandane. Han har ein bachelor i utøvande klassisk slagverk frå Noregs Musikkhøgskule og ein master i rettsvitskap frå UiB. Torgrim er tilsett som trainee hos PwC i Førde der han jobbar som advokatfullmektig.

Kva er det beste med å vere trainee?

– Det beste med traineeopplegget er at ein kjem inn i eit fint miljø med unge, nyutdanna personar i same situasjonen som deg sjølv. Samlingane er ein fantastisk plass til å bli betre kjent gjennom det faglege opplegget som legg opp til veldig gode samtalar, i tillegg til alt det sosiale vi finn på på kveldane.

Nemn tre ting som er bra med plassen du bur på?

  • Førde har kort veg til fantastisk natur.
  • Lett å bli kjent med nye folk og skaffe seg eit nettverk, ettersom det er mange unge tilflyttarar.
  • Og det aller viktigaste: Veldig god sushi!

Kvifor bør nyutdanna søke seg til ei traineestilling?

– Traineestillingane er absolutt å anbefale. For min del, er det som om eg får akkurat like mykje ansvar på jobb som eg ville hatt med ei normal tilsetting. Samstundes får eg brukt traineesamlingane til gode samtalar og andre aktivitetar, og reflektere rundt korleis ein lukkast og har det fint som ny i arbeidslivet. Til slutt vil eg påstå at Sogn og Fjordane er ein fantastisk plass å utvikle seg karrieremessig. Med litt mindre skala på det meste samanlikna med dei større byane, er det kort veg til sjefen, og ein får tidleg prøve seg på varierte arbeidsoppgåver.

– Eg får stødig oppfølging og det er kort veg til alt!

siv trainee

Siv er trainee på Høgskulen på Vestlandet i Sogndal.

Siv Stavang Aune er 27 år, kjem frå Florø og er lektor i kroppsøving og idrettsfag. Ho er trainee på Høgskulen i Vestlandet campus Sogndal, der ho jobbar i fellesadministrasjonen med vekt på studentengasjement.

Kva er det beste med å vere trainee?

– Det beste med å vere trainee er at eg får tillit og fridom av arbeidsplassen til å jobbe med ting eg sjølv synest er kjekt og viktig, samstundes som eg får stødig oppfølging. Eg får bu i Vestland, og sett mange fine stader i fylket. Ikkje minst er traineesamlingane eit kjekt og nyttig avbrekk frå arbeidskvardagen som gjer at eg får utfordra meg på andre måtar enn eg gjer i jobben elles.

Nemn tre ting som er bra med plassen du bur på?

– I Sogndal er det kort veg til alt eg treng, og eg set stor pris på å sleppe å bruke tid på å forflytte meg mellom stadar i kvardagen. Då blir det meir tid til kjekke ting, slik som ski, klatring og sosialt. Folk er opne og imøtekommande, og det er mange på min alder i bygda. Det vart vel kanskje tre ting?

Kvifor bør nyutdanna søke seg til ei traineestilling?

– Fordi det er ein god moglegheit til å prøve ut ein bransje eller eitt yrke du er nysgjerrig på, og samstundes ein ny stad å bu. Dette heilt utan å låse seg til noko – eg synest det er befriande å tenke på at det er for eitt år, då kjennest det ikkje så overveldande ut. Så er det jo berre ein rein bonus om det blir klaff og ein kan halde fram på arbeidsplassen etter traineeåret.

Eg vil også trekke fram at traineesamlingane er eit stort pluss. Det gjer at du blir kjent med folk i heile fylket, og for min del også vener! Både på studiet og i jobb omgåast ein med dei som driv på med mykje av det same som deg, men i traineenettverket har eg opplevd å få innsikt i mange yrker eg ikkje har noko kjennskap til, og det er verdifullt i seg sjølv spør du meg. Rett og slett eit lite utsnitt av samfunnet samla i ei gruppe med kjekke folk!

Traineestillingar 2024/25
traineesamling balestrand erfaringsutveksling

Nettverket med andre traineear er gull verdt for dei som er nye i arbeidslivet.

traineesamling balestrand

Samlingane inneheld både fagleg påfyll og sosiale sprell.

Fleire saker