nordfjord Ullensvang trainee

Årets traineear i Nordfjord og Ullensvang 2023/24

I år er det fem traineear i Nordfjord og fire i Ullensvang. Bli betre kjent med dei her.

Aleksander Ullensvang

Aleksander ville prøve noko nytt

Aleksander Høyland er 27 år og kjem frå Valle i Setesdal. Han har ei mastergrad i global utvikling og samfunnsplanlegging og har starta som trainee som byggesaksbehandlar hos Ullensvang kommune. Han søkte stillinga fordi han var klar for noko nytt:

– Etter eit år som sikkerheitsoffiser på sjøen ville eg prøve noko heilt nytt, og eg ville vekk frå Sørlandet. Eg har lenge ønska å bu og arbeide i Hardanger, så eit år som trainee var heilt perfekt for meg.

Han kjem med eit ope sinn og ingen spesielle forventningar til året.

– Eg tar det som det kjem, og er open for alle nye inntrykk og erfaringar.

namrata Ullensvang

Namrata håpar på nettverk og utfordringar

Namrata Deep Singh er 28 år og kjem frå Stavanger. Ho er utdanna sivilingeniør med bakgrunn i bygg og konstruksjonar og er trainee i Ullensvang kommune der ho skal jobbe med byggesakshandsaming.

– Eg søkte på stillinga fordi den var relevant for bakgrunnen min, og hadde interessante problemstillingar.

Til året som trainee har ho følgande forventningar:

– Skape nettverk og bli utfordra med varierte og spennande oppgåver.

Sunniva Ullensvang

Sunniva håpar på eit kjekt år i heimkommunen

Sunniva Haustveit er 23 år og kjem frå Ullensvang i Hardanger. Ho har ein bachelor i HR og personalleiing, og det er nettopp HR ho skal jobbe med som trainee i Ullensvang kommune.

– Ullensvang er ein stor kommune der det skjer masse. Eg vil lære mest mogleg! Ikkje minst er det positivt å flytta nærare familien. Eg trur at det vert lærerikt, utfordrande, behageleg og ikkje minst utruleg kjekt.

Fun fact: I april 2023, medan ho skreiv bachelor, reiste Sunniva på Europatur i 30 dagar.

Solveig Ullensvang

Solveig ser på traineeåret som ein kjekk moglegheit

Solveig Borge er 26 år og kjem frå Odda. Ho har ein bachelor som barnehagelærar og ein master i pedagogikk med vekt på leiing. Ho skal også jobbe med HR som trainee i Ullensvang kommune.

– HR er noko eg alltid har vore interessert i, og eg såg på dette som ein kjekk moglegheit, seier ho om kvifor ho valde å søke på jobben.

Ho håpar at ho i løpet av året skal lære mykje – både fagleg og om seg sjølv.

Nikolai Coast

Nikolai ser fram til å utfordre seg i Coast

Nikolai Otterdal Heggen er 26 år og kjem frå Hornindal. Han er trainee i Coast Seafood i Måløy der han skal jobbe med IT. Der vil bachelorgraden i IKT kome godt med:

– Coast verka som ei spennande bedrift der eg får tatt i bruk utdanninga mi på ein relevant måte. Eg forventar å få utfordra med sjølv både innanfor jobb og som trainee, samt utvikle meg sjølv som person.

Fun fact: Konfirmasjonen til Nikolai gjekk på NRK.

Olina hadde hatt auga opne for Convene

Olina Nesje-Roset er utdanna tekstforfattar og kjem frå Sandane, og det er også der ho no har fått jobb. Olina er trainee i Convene Group og skal jobbe med innhaldsproduksjon. 23-åringen fortel at ho hadde hatt auga opne for Convene ei god stund før ho søkte på traineestillinga.

– Bedrifta har lenge interessert meg. Eg har inntrykk av at dei har eit godt arbeidsmiljø, og moglegheiter til å få jobbe med det eg synast er spennande.

Ho er ikkje i tvil om kva ho håpar å få ut av traineeåret:

– Å lære. Og utvikle meg både fagleg og personleg.

Torjus Normatic

Torjus styrkar lokal bedrift

Torjus Taklo er 23 år, kjem frå Nordfjordeid og har ein bachelor i datasikkerheit. Han har fått den einaste traineestillinga på heimstaden sin, og skal jobbe med IT og programmering av byggautomasjon i Normatic.

Torjus synest det er topp å få jobb i ei lokal bedrift på ein stort sett roleg heimstad. Om å delta i traineeprogrammet seier han følgande:

– Eg håpar å bli kjend med nye folk, og at vi får eit godt utgangspunkt for eit flott år.

Fun fact: Torjus kan hundrevis av fun facts!

isak elkem

Isak er glad for å jobbe i Elkem

Isak Bøyum er 24 år og kjem frå Høyanger. Han har ein bachelor innan automatisering med robotikk, og har også fagbrev som elektrikar frå tidlegare. Isak er trainee i Elkem Bremanger der han skal jobbe ein del med førebyggjande vedlikehald.

– Elkem verka som ei meget spennande bedrift å jobbe for. Dei har lang fartstid, noko eg er sikker på vil hjelpe meg når det kjem til fagleg utvikling.

Han er allereie lokalkjend på vestlandet og meiner det er lite som slår vestnorsk natur. Men det å vere trainee blir også for han noko heilt nytt:

– Eg ser for meg at traineeåret vil hjelpe meg å få ein god overgang mellom skule og arbeidsliv, samt mykje god erfaring eg kan ta med meg vidare i arbeidslivet.

Fun fact: Isak må alltid fikle med noko.

Lise Musea i Sogn og Fjordane

Lise gler seg til å oppleve fylket

Lise Lydersen er opphaveleg frå Kirkenes, har vakse opp på Dombås og bur no på Sandane. Ho har ein bachelor i Music Business og eit årsstudium i digital marknadsføring, og skal jobbe som trainee hos Musea i Sogn og Fjordane på Sandane med nettopp marknadskommunikasjon.

– Det verka som ei spennande stilling der eg får moglegheit til å reise rundt og oppleve Vestland.

No ser ho fram til eit kjekt år:

– Eg trur det blir veldig lærerikt. Vestlandet er utruleg vakkert, så det blir fint å oppleve det.

Fun fact: Lise har fått hjerneristing av å dette på rumpa... to gonger.

Har du lyst til å vere trainee neste år? Her kan du lese meir om å vere trainee.

Eller meld deg på nyheitsbrevet vårt og få tilsendt lista med ledige stillingar så fort vi lanserer dei i desember:

Påmelding nyheitsbrev

Fleire saker