trainee 2023 balestrand

Møt traineeane i Sunnfjord 2023/24!

Årets traineekull har 10 traineear i Sunnfjord. Bli betre kjent med dei her.

Ida Fjordkysten

Ida ser fram til å kombinere foto og film med reiseliv

Ida Eim er 30 år, kjem frå Stavanger og har ein bachelor i medieproduksjon. Den kjem godt med når ho skal vere trainee i Visit Fjordkysten og Sunnfjord der ho skal jobbe som innhaldsprodusent. Ho søkte på jobben fordi den lar ho kombinere foto og film med reiseliv.

– Det blir spennande å jobbe i ei bedrift der eg kan kombinere tidlegare erfaring frå reiselivet med utdanninga innan medieproduksjon. Eg har budd heile livet mitt på Vestlandet, men aldri før vore i den regionen eg har flytta til, fortel ho.

Den nye jobben hennar som trainee ligg nemleg i Florø.

Fun fact: Ida har dei siste ti åra tilbrakt meir tid i fjellet enn i byen.

Karoline ssf

Karoline hadde høyrt mykje positivt om banken

Karoline Salbu kjem frå Naustdal og er 28 år. Ho har fleire utdanningar:

  • Årsstudium i engelsk
  • Bachelor i sjukepleie
  • Bachelor i økonomi og administrasjon

Økonomien trakk det lengste strået og Karoline er no tilsett som trainee på økonomiavdelinga i Sparebanken Sogn og Fjordane. Det var fleire grunnar til at ho søkte på akkurat denne stillinga:

– Eg ynskte å jobbe i denne bedrifta fordi det gir meg moglegheit til å vere del av eit større miljø når eg flytta heim etter studiar. I tillegg er det ei stilling der eg kan bruke utdanninga mi både innan engelsk og økonomi. Samstundes har eg høyrt mykje positivt om arbeidsmiljøet frå andre som jobbar der, og tenkte det var ein god start på arbeidslivet.

Av traineeåret forventar ho mykje læring og utvikling.

– Eg håpar også traineeprogrammet kan gi meg moglegheit til å byggje eit sterkt nettverk, og til slutt håpar eg at traineeprogrammet kan føre til fast tilsetting. Å vere trainee på vestlandet trur eg er ein kjempemoglegheit.

Sander bkk

Sander skal jobbe med kraft

Sander Løtuft er 22 år og kjem frå Naustdal. Han har ein bachelor i ingeniørfag data og er trainee i BKK i Førde der han skal jobbe med utvikling, prosjektleiing og systemforvalting.

– Kraft er kult, seier han om kvifor han ønskte å jobbe i BKK.

Han har nokre forventningar til året som trainee, men er litt hemmelegheitsfull om kva dei forventningane inneber. Vi håpar uansett at dei vert innfridd!

Fun fact: Sander kan namnet på alle Formel 1-verdsmeistrane sidan 1975.

Håkon ssf

Håkon byttar ut Bergen med Førde

Håkon Pedersen Ludvigsen er 27 år og kjem frå Randaberg. Han har studert samfunnsøkonomi i Bergen og skal jobbe som trainee i Sparebanken Sogn og Fjordane. Grunnen til at han ville jobbe akkurat her, var at han hadde fått eit godt inntrykk av arbeidsplassen:

– Det verka som det var mange moglegheiter der, og eg hadde fått inntrykk av eit godt arbeidsmiljø.

Av traineeåret forventar han mykje ny lærdom og stifting av nye kjennskap. Det høyrest bra ut!

Fun fact: Håkon kom sist i ein dødsekonkurranse på Voss i 2019.

torgrim pwc

Torgrim skal jobbe som advokatfullmektig

Torgrim Halse er 30 år og kjem frå Sandane. Torgrim har ein spennande kombinasjon av utdanning; han tok først ein bachelorgrad i utøvande klassisk slagverk på Noregs Musikkhøgskule, og deretter ei mastergrad i rettsvitskap på UiB. Torgrim er tilsett som trainee hos PwC i Førde der han skal jobbe som advokatfullmektig.

– Dei gav eit veldig godt inntrykk på intervju. Og PwC er ei stor bedrift med gode moglegheiter for læring og varierte oppgåver.

No ser han fram til å lære korleis han kan trivast på jobben og lukkast med arbeidsoppgåvene.

– Og så er det godt å kome heim til trivselsfylket med naturen som følger med.

Fun fact: Torgrim har vore på ein karaokebar som var full av kakerlakkar og låg i 7. etasje i eit parkeringshus i Myanmar.

Olve pwc

Olve fann spennande jobb på heimstaden

Olve Marcus Haugland Eide kjem frå Førde og er 23 år. Han har ein bachelor i økonomi og administrasjon og er trainee hos PwC i Førde der han skal jobbe med revisjon. Om kvifor han ville jobbe akkurat her, seier han:

– PwC er eit leiande globalt kompetansehus som står sterkt i Førde og Sunnfjord. Det er ein veldig bra plass å starte mi jobbkarriere, med mykje moglegheiter framover og som er godt tilrettelagt for vidare studier.

Han trur traineeåret vil bli veldig kjekt, og at det blir godt å vere nærare familien i eit par år – sjølv om han vedgår at han kan nok kome til å sakne å bu på ein større plass.

Fun fact: Olve las 1000 bøker då han var ni år.

Sander trainee 2023

Sander likar å jobbe med tal

Sander Kibsgaard Nordheim er 22 år og kjem frå Naustdal i Sunnfjord. Han er trainee i Deloitte i Førde der han skal jobbe med revisjon. Utdanninga i økonomi og administrasjon tok han på BI i Bergen.

– Eg har alltid interessert meg for tal, og lærte at eg likte liknande arbeid gjennom skuleløpet. Dette følte eg at eg kunne få brukt i Deloitte.

Ettersom Sander er frå Naustdal er han godt vant med å bu på Vestlandet, men ei fulltids traineestilling i Deloitte blir noko heilt nytt.

– Eg forventar mykje arbeid, men også mykje lærdom.

torbjørn fjord1

Torbjørn er klar for eit lærerikt år

Torbjørn Ola Sunnarvik Moen er 27 år og kjem frå Florø. Han har ein bachelor i ingeniørfag innan data frå Høgskulen på Vestlandet, og er trainee i Fjord1 der han jobbar med diverse oppgåver i IT-avdelinga innan både drift og forretningsutvikling.

– Fjord1 er ei lokal bedrift med miljøvenlege mål, seier han om kvifor han ønske å jobbe i akkurat denne bedrifta.

No er han klar for eit kjekt og lærerikt år hos fergeselskapet.

aurora Norec

Aurora er positivt overraska over Førde

Aurora Andersen er 28 år og kjem frå Kvæangen i Nord-Troms. Ho har ein bachelor i spansk og ein master i interkulturelle studiar med Spania og Latin-Amerika. Ho ville gjerne jobbe internasjonalt samstundes som ho får bu i Noreg, og då er eit traineeår i Norec perfekt. Der skal ho jobbe med kurs for deltakarar i både inn- og utland.

– Eg har halde eit auge med Norec i fleire år. Eg synest det er spennande at Norec støttar så mange prosjekt, og eg brenn verkeleg for kulturforståing og gjensidig utveksling av kunnskap. Eg trur vi kan alle lære noko av kvarandre.

Det at ho takka ja til ein jobb i Førde trur ho mange rundt ho vart overraska over, og kanskje aller mest ho sjølv:

– Eg har alltid sagt at eg har blitt for urban til å bu i ein liten by, og med unntak av eit tretti minuttars stopp på Førde Rutebilstasjon i påska hadde eg aldri vore i Førde før eg kom med flyttelasset ein dag i juli. For å vere ærleg var forventingane mine låge, men eg er positivt overraska. No gler eg meg til å bli kjent med nye menneske og alle dei fantastiske fjella i området! Eg håpar eg held fram med å trivast i Norec, for eg har blitt tatt godt imot av kollegaer. Eg vil lære alt som ein kan lære seg i Norec på eit år og håpar det kan opne dører i framtida som eg ikkje veit eksisterer no.

Fun fact: Aurora vart vegetarianar etter at ho åt heilsteikt marsvin då ho var på utveksling i Ecuador på vidaregåande. 

Sander nho

Sander ser fram til å bli kjent med næringslivet i Vestland

Sander Rusten Hauge er 25 år, kjem frå Odda i Hardanger og har studert media og kommunikasjon i Volda. Han har teke med seg flyttelasset til Noregs Vestlegaste by, Florø, for å bli trainee i NHO Vestland der han skal jobbe med politikk og kommunikasjon.

Sander ser fram til å bli kjend med næringslivet i fylket og til å utvikle seg fagleg og som person.

– Eg søkte på stillinga fordi eg ville få eit stort overblikk over næringslivet i Vestland, samt kome tett på bedrifter i heile fylket.

Fun fact: Sander ventar enno på ein telefon frå Liverpool :-)

Har du lyst til å vere trainee neste år? Her kan du lese meir om å vere trainee.

Eller meld deg på nyheitsbrevet vårt og få tilsendt lista med ledige stillingar så fort vi lanserer dei i desember:

Påmelding nyheitsbrev

Fleire saker