
Å vere trainee i Vestland er mykje meir enn arbeidserfaring. Klar for eit år du aldri gløymer?
Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Har du lyst til å ta steget? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og få ditt livs år i Vestland!
Ei traineestilling byr på brei arbeidserfaring, personleg utvikling og nye nettverk. Som trainee er du tilsett i éi bedrift i Vestland i eitt år. Vi tilbyr deg:

Nettverk: Fem gongar i året møter du andre traineear på samling og utanlandstur. Her vil du oppleve nye vennskap, personleg utvikling og kompetansepåfyll.
På samlingane har vi fokus på erfaringsutveksling frå jobbkvardagen, teambygging og andre nyttige tema for deg som er fersk i arbeidslivet. Eigenutvikling er ein sentral del av det å vere trainee. Samtidig legg vi vekt på at du skal bli kjend med næringslivet i Vestland, slik at du veit kva jobbsjansar du har her. Like viktig er det at du skal trivast i Vestland, så vi legg opp til mykje hygge og moro og nye vennskap.
