Traineesamling Framtidsfylket

Nyheiter

På tynn is på traineesamling

Som ny i arbeidslivet dukkar det opp mange tankar og spørsmål. Erfaringsutveksling og psykologisk tryggheit stod på programmet på årets andre traineesamlinga.

Omlag halve Hauglandssenteret i Fjaler er dekt i vintersol når 36 traineear ruslar mot dei fargerike husa dei skal overnatte i. Resten av området er bikkjekaldt, og Flekkefjorden er dekt av is.

– Dette er ein stad eg aldri hadde besøkt om det ikkje var for traineeprogrammet, hutrar ein av traineeane, og legg raskt til:

– Men FOR ein stad, seier ho og undrar seg over den internasjonale skulen UWC Red Cross Nordic som openberrar seg i ingenstad.

Hauglandssenteret

Hauglandssenteret er vakkert både sommarstid og vinterstid.

Utviklingsprogram

I nesten tre dagar skal dei gjennom eit tettpakka program med temaa:

  • Erfaringsutveksling
  • Psykologisk tryggheit
  • Sårbarheitstrappa
  • Cross cultural communication

Men det er også tid til uteaktivitetar, isbad, yoga, strikking, mingling og quiz – eller litt åleinetid for dei som treng det.

Uteaktivitet

Lagbygging: Samarbeid etterfulgt av mestringsfølelse stod på programmet under traineesamlinga.

Walk and talk

Under erfaringsutvekslinga blir traineeane delt i mindre grupper. Med oppmoding om ein «walk and talk» i vinterkulda, får dei med seg nokre spørsmål.

Tilbake i varmen er det tid for å dele. Kva felles erfaringar har dei gjort seg? Kva er opplevingar var du åleine om i oppstarten som trainee? Kan du dele utfordringar, og korleis du løyste dei?

Og traineeane deler. Alt frå frustrasjonen rundt treig tilgang til tekniske system, til lite utfordrande arbeidsoppgåver – eller for krevjande oppgåver. Nokre set pris på fridommen til å skape sin eigen arbeidsdag, andre etterlyser meir struktur.

Trainee Vestland

Erfaringsutveksling: På kvar samling er det sett av tid til å snakke om korleis det er å vere ny i arbeidslivet.

Tips frå ein trainee

– Har du sjølv gjort noko for å endre det du er misfornøgd med, utfordrar Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket og mor trainee.

Mange føler dei er på tynn is og torer ikkje banke på døra til sjefen for å fortelje korleis ting bør gjerast.

Etter kvart kjem det tips frå andre traineear om kva ein kan gjere for å skape seg ein betre arbeidsdag:

  • Gå til mentor eller næraste leiar og foreslå arbeidsoppgåver eller prosjekt du kan bidra til. Vis fram kompetansen din!
  • Ring ein annan trainee og drøft problemet ditt!

Utforskaren i Solund

Kristine Holm er trainee i Solund kommune. Ho har fått i oppgåve å sette den vesle øykommunen på kartet, og jobben går hovudsakleg ut på å formidle eit utsnitt av livet i Solund. Målet er tilflytting.

– Det er ein heilt nydeleg jobb, smiler ho, og røper at ho etter nokre månadar på øya stortrivst både på jobb og fritid og er engasjert i blant anna volleyball.

– Innbyggarane er kjempeflinke til å dra meg med. Eg prøvar å takke ja til tilboda eg får for å bygge nettverk og få nye venner.

Solund trainee

Kristine Holm har flytta frå Bergen til Solund for å formidle det gode liv i den vesle øykommunen.

Vittig!

Kristine kjem frå Bergen, og vart reint overraska over Solund då ho var på jobbintervju.

– Guri, er dette berre to timar frå Bergen og eg har aldri vore her før? DEN naturen, fine folk og masse å gjere både til lands og sjøs, skryt ho.

Bergensaren synest det er vittig at folk visste at ho skulle komme.

– Åh, er det deg, sa dei til meg på butikken.

Kristine ler og legg til:

– Alt blir gjort i beste meining i øysamfunnet, og alle ønsker inderleg at eg skal trivast.

Verdien av relasjonar

Som fersk i arbeidslivet set ho pris på traineesamlingane.

– Det er fint å snakke med folk i same situasjon om korleis dei taklar å vere nytilsett. Det er ei tryggheit i å vite at vi står i det same. Eg tar med meg det vi lærer på samling tilbake på jobb, og etter denne samlinga tenker eg spesielt på verdien av gode relasjonar i arbeidslivet, avsluttar ho, og ser mot Flekkefjorden.

– Eg håpar vi rekk eit isbad.

Fleire saker