Hva er en trainee

Trainee

Kva er ein trainee?

Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål.

Kva er ein trainee?

Ein trainee i Framtidsfylket har bachelor- eller masterutdanning og maks tre års arbeidserfaring. Det vil seie at du kan søke som nyutdanna, eller med maks 3 års arbeidserfaring etter studiar. I eitt år skal du jobbe i ei bedrift i Vestland som er relevant for ditt fagfelt. Målet med året er brei arbeidserfaring, nye nettverk og venner, bli kjent med næringslivet i Vestland og eit innhaldsrikt år der du får utvikle deg både personleg og fagleg.

Får eg løn?

Ja. Løna blir du og din nye arbeidsgivar einige om.

Årets traineestillingar finn du her

Kva er forskjellen på ein vanleg tilsett og ein trainee?

Traineeåret er for deg som vil litt meir. I tillegg til arbeidserfaring får du tildelt ein mentor i bedrifta som følger deg opp gjennom året. Du får innsikt i heile bedrifta, betydelege arbeidsoppgåver og ansvar frå dag éin. Du får også delta på sosiale traineesamlingar med andre traineear i Vestland 🧡

Kva skjer på traineesamling?

På samlingane har vi fokus på erfaringsutveksling frå jobbkvardagen, teambygging og andre nyttige tema for deg som er fersk i arbeidslivet. Eigenutvikling er ein sentral del av det å vere trainee. Samtidig legg vi vekt på at du skal bli kjend med næringslivet i Vestland, slik at du veit kva jobbmoglegheiter du har her. Like viktig er det at du skal trivast her, så vi legg opp til mykje hygge, moro og nye vennskap 🧡

Trainee i Framtidsfylket

Kva kompetanse ser bedriftene etter?

Det varierer frå år til år. Sjekk ut årets liste. Merk at nokre av stillingane er ganske opne, og ønsker søkarar frå ulike fagfelt.

Kor tid startar eg?

Traineeåret går frå 1. august til 1. august.

Kan eg søke på fleire traineestillingar?

Du kan søke på så mange du vil.

Er det sjanse for fast jobb etter traineeåret?

Om det er match mellom deg og arbeidsgivar, og bedrifta har rom for å tilby fast stilling, er det gode sjansar for det.

Sjå årets traineestillingar

Fleire saker