iselin

Trainee

– Engasjementet for endring må vere ekte

Den indre krafta er sterkare enn presset utanfrå. Det motiverer Iselin Helløy (25) til å vere ein del av klimaløysinga.

Ho er ein av årets traineear i Framtidsfylket Vestland, og søkte seg bevisst til ein jobb der ho kan bidra til klimaomstilling. Valet fall på Vestland fylkeskommune.

– Eg har eit stort ønske om å jobbe med klima, natur og berekraft. I fylkeskommunen har eg moglegheit til å vere både ein pådrivar og ressurs i klimaomstillinga av Vestland.

Her finn du årets traineestillingar

Storkosar seg på jobb

Sjølv om ho er fersk i arbeidslivet, har Iselin allereie gjort seg opp tankar om kva som må til for å trivast i ein jobb. Mange unge søker seg til stillingar der dei kan bidra til grøn omstilling, men Iselin trur engasjementet må vere ekte.

– Om det berre var ein tyngande ansvarsfølelse for å redde miljøet som dreiv meg, så hadde eg ikkje halde ut lenge. Det må komme innanfrå. Gleda over å bidra må vere ekte. Og det er den. Eg kosar meg skikkeleg på jobb, smiler ho frå kontorplassen sin i Sogn.

Vestland fylkeskommune klima

Viktige arbeidsoppgåver

Men kvifor søkte ho seg til ei traineestilling i distriktet?

– Fordi eg følte eg fekk meir ut av eit år som trainee enn ein vanleg tilsett. Ikkje berre skal eg gjere ein løna jobb, men personleg utvikling og sosiale samlingar er også ein del av traineeprogrammet. Og så likar eg at det er ein mildare start på arbeidslivet, der eg får ta ting i eige tempo.

Ho skundar seg å legge til:

– Utan at det betyr at eg får mindre viktige arbeidsoppgåver.

Får vere med og påverke

Og vi trur ho, for som trainee har Iselin etter eit halvt år allereie vore involvert i regional plan for klima, planlagt ein konferanse for plan, klima og folkehelse, samt vore rådgjevar for fleire kommunar når det kjem til grøn omstilling.

– Den største fordelen med å jobbe lokalt er større påverknadskraft. Det er små avgjerder og tiltak som munnar ut i stor klimaomstilling. Vi kan vinne stor siger i klimaarbeidet med å starte på små plassar, seier ho engasjert.

Frå Bergen til Sogndal

Og apropos... korleis er det for ein bergensar å flytte til Sogndal?

– Det passar meg eigentleg bra. Sogndal er passe stort, med gode tur- og fritidstilbod. Folk har tatt meg godt i mot, og eg likar at det ikkje er så stivt her. På jobben er det ein uformell tone og lett å bli kjend med kollegar. Og så kan eg alltids reise heim når eg vil det, avsluttar ho.

Iselin Helløy er 25 år og kjem frå Bergen. Ho har master i økologi frå NTNU, og bachelor i ecology and biodiversity frå Victoria University of Wellington, New Zealand. Iselin er trainee i Vestland fylkeskommune, som er del av Framtidsfylket sitt traineeprogram, der ho jobbar med klimaomstilling i seksjon for plan, klima og analyse, i avdeling for næring, plan og innovasjon.

Topp tre for å trivast i arbeidslivet:

  • God balanse mellom støtte og ansvar
  • Tryggheit
  • Tillit
Sjå årets traineestillingar

Fleire saker