Karoline og Aurora

Karoline Salbu og Aurora Andersen er to av årets nye traineear.

Nyheiter

Nye venner i Balestrand

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: Photoevent

Karoline og Aurora rakk å bli godt kjende allereie før årets første traineesamling hadde starta.

– Vi fann kvarandre på førehand og vart kjent i bilen på veg hit, seier Aurora Andersen smilande.

Ho og kjærasten Torgrim, som også er trainee, skreiv eit innlegg på Facebook-gruppa til traineeane og spurte om nokon skulle køyre til samlinga i Balestrand. Då kika Karoline Salbu inn i innboksen og tilbaud skyss.

– Det var fint at dei la ut den meldinga, då var det lett å ta kontakt. Vi har prata heile vegen hit, legg Karoline lattermildt til.

Bli kjent med årets 36 traineear her!

Balestrand traineesamling

Traineeane fekk prøve seg på samarbeid og taktiske utfordringar under traineesamlinga i Balestrand.

Pangstart på nettverkinga

Årets første traineesamling samla traineear og mentorar i Balestrand for å kickstarte traineeåret. To dagar fylt med spørsmål, speed dates, teambuilding, latter og sidersmaking. Karoline og Aurora innrømmer at det i starten var litt rart å skulle møte og bli kjent med så mange nye folk på berre nokre få dagar.

– Det har vore litt intenst, ja! Men det er veldig kjekt å bli kjent med dei andre og kva dei gjer i jobbane sine. Ikkje minst sjå kor forskjellige vi er og kor forskjellige ting alle jobbar med, seier Karoline.

Ho er trainee i Sparebanken Sogn og Fjordane, er 28 år og kjem frå Naustdal. Ein av grunnane til at ho ønskte å bli trainee var nettopp for å vere del av eit større miljø og byggje seg eit sterkt nettverk. Ho fortel at det baud på ei spent stemning å gå inn i eit rom fylt med ukjende folk: 

– Alle er jo litt usikre på kvarandre, og mykje går gjennom hovudet. Skal eg ta kontakt no, eller skal eg vente litt? Men eg følte at alle gjekk godt i lag med ein gong. Etter lunsjen på dag éin kunne ein gå til kven som helst og ta ein prat.

– Etter lunsjen på dag éin kunne ein gå til kven som helst og ta ein prat.

Karoline og Aurora sitat

Introduksjon til Vestland

Eitt av måla med samlingane er at traineeane skal bli kjent med ulike delar av fylket, og kva som finst av både næringsliv og andre opplevingar. I Balestrand budde dei på Balestrand hotell og deltok på faglege og sosiale økter både på Kviknes hotell og Ciderhuset. I tillegg vart det tid til avslapping på hotellet, bading i fjorden, biljardspeling og fellesmiddag på kveldstid.

– Eg har aldri vore i Balestrand før, så det er veldig kjekt å få sjå denne delen av Vestland. Eg likte spesielt godt å vere på Ciderhuset og lære om det internasjonale miljøet der, seier Aurora.

Ho er 28 år og trainee i Norec i Førde, men kjem opphaveleg frå Kvænangen i Nord-Troms. I Norec jobbar ho med kurs for deltakarar i både inn- og utland, og det var nettopp det internasjonale aspektet i stillinga som freista mest:

– Eg synest det er spennande at Norec støttar så mange internasjonale prosjekt, og eg brenn verkeleg for kulturforståing og gjensidig utveksling av kunnskap. Eg trur vi alle kan lære noko av kvarandre.

Ciderhuset

Bli kjent-økt, lunsj og sidersmaking på Ciderhuset.

Samling Balestrand

Ein spent gjeng på dag éin: Her fekk traineeane presentere seg sjølve for gruppa for første gang.

Aurora fortel at ho hadde ganske låge forventningar til korleis det skulle bli å bu på vestlandet, men at ho har blitt positivt overraska over Førde og er glad for opplegget traineeprogrammet tilbyr.

– Vi er jo alle i same situasjon, og veldig mange har flytta til ein ny stad. Det gjer kanskje at ein er meir opne i møte med kvarandre. Og eit smil går langt, seier ho – med eit breitt smil.

Skape eit godt arbeidsliv

Tidlegare har samlingane vore øyremerkt for traineeane, men i år har vi prøvd noko nytt: også traineeane sine mentorar i bedriftene deltek på delar av samlinga. Det gjer vi både for å styrke kompetansen rundt det å vere mentor, og for å skape eit tettare band mellom mentor og trainee heilt frå start.

Alle fekk mellom anna ein boks med bli kjent-spørsmål frå Fuelbox skreddarsydd for arbeidslivet, og det vart gjennomført mentorsamtalar og forventningsavklaring.

Balestrand hotell

– Eg har i løpet av samlinga lært mykje om andre, men óg mykje om meg sjølv som person og korleis eg er saman med andre. Det var fint å få verktøy som ein kan ta med seg vidare ikkje berre på jobb, men i livet generelt, seier Karoline, til anerkjennande nikk frå si nye venninne.

Dei to meiner samlinga har vore eit fint avbrekk frå arbeidskvardagen, og at det har gitt ein motivasjon som er fin å ha med seg når ein skal tilbake på jobb.

– No gler eg meg til neste samling, som varer i éin ekstra dag! Balestrand var ein bra start, og no trur eg det berre blir betre og betre, avsluttar Aurora.

I løpet av året deltek traineeane på fire samlingar og ein studietur til Brussel. Du kan lese om fjorårets Brussel-tur her. 

Eg vil vite meir om å vere trainee

Fleire saker