Mari i INEOS

Nyheiter

Klatraren i Odda

Det var aldri meininga å klatre karrierestigen. Likevel har Mari gått frå trainee til leiar i eit milliardkonsern på to år.

– Hadde nokon sagt til meg som student at eg skulle bli leiar, hadde eg ledd. Dei fleste som studerer geologi er opptekne av faget sitt, ikkje karrierestigen, humrar Mari.

I vel eit år har 28-åringen hatt tittelen Avdelingsleiar forreduksjon i milliardkonsernet INEOS. Mari har ansvar for både prosess, HMS, økonomi, personale og at avdelinga driftar på ein konkurransedyktig måte. Store sko å fylle for ein som er fersk i arbeidslivet.

– Når du får den tilliten frå arbeidsgivaren, er det vanskeleg å takke nei. Ansvaret er stort, men du har jo lyst til å vere med og gjere ein forskjell, seier ho tankefullt.

Ineos

Grønare retning: – Når ein jobbar i industrien får ein også vere med og påverke kva retning den skal gå i.

Likar å ta sjansar

Som nyutdanna geolog valde Mari å flytte til Odda for å bli trainee i Tizir, no INEOS Tyssedal. Eit smelteverk innerst i Sørfjorden i Hardanger. Mari kjente ikkje plassen, men såg på traineestillinga som ein inngang til å jobbe med verdiskaping i industrien.

Sjå traineestillingar for 2024/25 her

– Eg synest landbasert industri er veldig spennande. Samtidig har eg sjansen til å påverke den i ei grønare retning.

Om traineestillinga eller plassen skulle vise seg å vere heilt feil, var det inga stor forplikting for Mari å vere der eit år.

– Eg likar å ta litt sjansar, seier ho på ei dialekt som vitnar om at ho vaks opp på Jæren.

Ineos Odda

Mesteparten av arbeidstida blir brukt på kontoret, men Mari likar å vere tett på drifta.

Smooth overgang

Traineeåret skulle vise seg å vere ein fin inngang til yrkeslivet. Samlingane med dei andre traineeane gav ein trygg base for erfaringsutveksling:

– Å få lufta litt tankar med folk på same alder i same situasjon, opplevde eg som trygt og nyttig. Traineeprogrammet gjorde overgangen frå studieliv til arbeidsliv meir smooth, forklarar ho.

Før traineeåret var omme, fekk ho tilbod om fast stilling og å vere leiar for ytre miljø. Mari skulle vere ansvarleg for å ha oversikt over og rapportere utsleppa til Tizir.

– At eg fekk den tilliten og det ansvaret, gjorde at eg kjente meg nyttig. Dei har trua på meg og då må søren meg eg òg ha trua , tenkte eg.

"Dei har trua på meg, og då må søren meg eg òg ha trua"

Mari INEOS

Ein heilt ny driv

Mari ler litt.

– Det skapte ein heilt ny og ukjent driv i meg.

Driven hennar førte til endå meir ansvar. To år etter at ho starta som trainee, fekk Mari tilbodet om å vere avdelingsleiar. Læringskurva har vore stupbratt dei første åra. Som nyutdanna kunne ho svært lite om smelteverkindustrien.

– Å lære nye ting heile vegen, kjenne på at eg meistrar det og så få anerkjenning.. Det er det som driv meg.

Frå fagnerd til sjef

Men korleis er det å gå frå å vere ein typisk fagnerd, til å skulle bruke tida si på administrative oppgåver?

– Akkurat no synest eg drift og leiaroppgåver er utruleg spennande. Eg går ikkje rundt og saknar faget mitt, men kanskje kjem det? Å utvikle leiareigenskapane mine har blitt viktig, for det er mange omsyn og harde prioriteringar å ta, seier ho alvorleg.

Godt å vere vestlending

Myten om at dei som klatrar karrierestigen må ofre fritida, vil ho ikkje gå med på. Heilt sidan Mari var liten, har ho søkt ut i naturen og dyrka friluftslivet.

– Eg finn framleis tid til hobbyane mine. I Odda er det topp forhold for fjellturar, skiturar, klatring, jakt og fiske. Så lenge eg får vere ute, har eg det bra, og då er Vestlandet staden å vere, tipsar ho.

Ho har etter kvart kome inn i eit miljø med andre friluftsinteresserte i Odda.

– Eg har peika meg ut dei, ja, smiler ho og legg til:

– Og så har eg sambuar og hund. Saman med eit rikt friluftsliv har eg det eg treng for å trivast her.

Mari Ineos

Vestland: I Odda er det topp forhold for fjellturar, skiturar, klatring, jakt og fiske. Så lenge eg får vere ute, har eg det bra.

Framleis sko å fylle

Når vi spør om ambisjonar for framtida, er svaret direkte.

– Eg har ingen store tankar om å gjere karriere. For meg handlar det om å gjere ein best mogleg jobb her og no, samtidig som eg utviklar meg som person og leiar. Eg har framleis ikkje fylt dei store skoa eg fekk tildelt. Når eg har gjort det, kan eg kanskje sjå vidare.

Mari Prestegård er 28 år og kjem frå Jæren. Ho har ein master i geologi frå Universitetet i Bergen, og starta karrieren som trainee i Tizir i 2020. I dag bur ho i Odda og jobbar som leiar i INEOS.

Traineestillingar 2024/25

Fleire saker