HVL

Nyheiter

10 ledige stillingar i februar

Klar for å utforske arbeidsmarknaden i Vestland? Vi har plukka ut ti spennande stillingar til deg som er ledige akkurat no. Sjekk dei ut!

Foto: Høgskulen på Vestlandet

Statsforvaltaren i Vestland søker juristar

Er du jurist og vil jobbe med juridiske problemstillingar i helse- og omsorgstenesta? Statsforvaltaren har to ledige stillingar som jurist – éi fast stilling med kontorstad Leikanger og eitt årsvikariat med kontorstad Bergen:

Les meir

Vil du vere med å utvikle og skape aktivitet i «Noregs råaste idrettsanlegg»?

Trivselshagen er eit moderne kultur-, skule- og idrettsanlegg på Sandane som består av fire handballbaner, unikt badeanlegg, turnhall, klatreanlegg, treningssenter og BUA. No søker dei avdelingsleiar for Bad og Idrett:

Les meir

skule stad kommune

Stad kommune søker rektor ved Stårheim skule

Stad kommune ser etter ein utviklingsorientert rektor til Stårheim skule som vil leie arbeidet med å vidareutvikle skulen både fagleg og sosialt. Skulen har 60 elevar frå 1.-7. klasse samt SFO-tilbod:

Les meir

Aksello søker programansvarleg

Vil du jobbe med innovativt næringsliv i Kinn? Som programansvarleg i Aksello vil du jobbe med å sikre at gründerar og bedrifter i området får utvikle seg og forretningsideane sine:

Les meir

Bremanger kommune søker kommuneoverlege/fastlege

Bremanger kommune, med om lag 3500 innbyggjarar, søkjer etter kommuneoverlege i kombinasjon som fastlege. Dei tilbyr mellom anna kort pasientliste og driftstilskot i kombinasjon med fast tilsetjing:

Les meir

Er du tømrar og interessert i ny teknologi og digitalisering på arbeidsplass?

Veidekke Bygg har behov for fleire tømrarar i Førde og Sunnfjord og ser etter deg som vil ha fast jobb hos ein trygg og stabil arbeidsgjevar, og som har interessere for digitale verktøy:

Les meir

Dei ser også etter fagarbeidar betong i Sogndal: Les meir

veidekke tømrer

Vil du jobbe med undervisning, forsking og utvikling innan dramafaget?

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ledig ei 60 % stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i drama ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Bli del av eit spennande og framtidsretta fagmiljø ved HVL:

Les meir

Vil du jobbe med kommunikasjon i vakre Luster?

Kommunikasjonsavdelinga i kommunen var ny i 2022 og har seks tilsette som jobbar med intern og ekstern kommunikasjon, brukarstøtte og opplæring, digitalisering, utvikling og meir. Då ein av dei tilsette skal ut i permisjon er det ledig eit vikariat frå 01.05.2023 – 30.04.2024, med moglegheit for forlenging:

Les meir

Har du heller lyst til å arbeide med arkivoppgåver og bidra inn i utviklinga av arkivfaget? Luster kommune har også no ledig ei stilling som rådgjevar arkiv: Les meir

Vestland fylkeskommune søker rådgjevar landbruk

Er du oppteken av å utvikle næringslivet og lokalsamfunn i fylket vårt og landbruket si rolle i dette arbeidet? Vil du arbeide i Leikanger i Sogn? Då er du kanskje den rette til å gå inn i den ledige rådgjevarstillinga i seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv i fylkeskommunen:

Les meir

landbruk vflk

Vil du jobbe som lærar i Aurland?

Aurland kommune har minst éi ledig stilling som 100 % lærar ved Aurland barne- og ungdomsskule frå 1.8.2023. Det er ynskjeleg med fagfordjuping i kroppsøving, spes.ped og engelsk, men andre fag er også relevante for stillinga:

Les meir 

Sjå alle ledige stillingar
Nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Sjekk ut desse 50 ledige traineestillingane!

Fleire saker