Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Rådgjevar landbruk - Avdeling for næring, plan og innovasjon | Vestland fylkeskommune | Sogndal | Fulltid |
Er du oppteken av å utvikle næringsliv og lokalsamfunn i fylket vårt og landbruket si rolle i dette arbeidet? Vil du arbeide i Leikanger i Sogn? I så fall er du kanskje den rette til å gå inn i den ledige rådgjevarstillinga i seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv.
I vår seksjon arbeider vi med oppgåver knytt til landbruk, reiseliv, lokalsamfunnsutvikling, marin sektor, vassforvaltning, vilt og mineral. Gjennom arbeidet legg vi til rette for å forvalte naturressursane på ein god måte og utvikle samfunna i Vestland.
Kontorstaden er primært Leikanger. For særskilt godt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast anna kontorstad der vi har våre fagfolk, til dømes i Bergen.
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er:
Faglaga i landbruket, Statsforvaltaren si landbruksavdeling, Innovasjon Norge og kommunane er viktige samarbeidsaktørar. Temaplan landbruk er utarbeidd i samarbeid med desse aktørane, og set mål for arbeidet. Fylkeskommunen samlar denne partnerskapen til felles innsats for å utvikle landbruket i Vestland.
Den som vert tilsett må ha:
Søkjarar med høgare utdanning på bachelornivå og med lang og relevant erfaring kan også vere aktuelle for stillinga, men vert då tilsett som spesialkonsulent og ikkje som rådgjevar.
Det er ein fordel med:
Andre opplysningar:
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.