Arkeolog i Vestland

Nyheiter

Med historie i hendene

Dei hadde ulike inngangar til arkeologstudiet, men i dag deler begge lidenskapen for både yrket og kvarandre.

–Eg har alltid visst at eg ville bli arkeolog. Heilt sidan ungdomsskulen, smiler Isabel Furesund Berge (31). Ho fortel om interessa for eldre historie, og snakkar engasjert om både gamle Egypt og vikingtida, før ho ser lurt på Lars Jølle Berge (38).

– Du, derimot, humrar Isabel.

– Ja, jo. Det var litt meir tilfeldig at eg gjekk i den retninga, innrømmer han, og legg kjapt til:

– Men i dag er vi like interesserte og oppslukte i yrket. Det er eit ufatteleg spennande fag vi får jobbe med.

Utvikla seg

Då Framtidsfylket fekk tips om at to tilflytta arkeologar hadde fått fast stilling i Vestland fylkeskommune, og at dei tillegg var eit par, vart vi nysgjerrige.

Lars kjem frå Kviteseid i Telemark, Isabel frå Myksvoll i Alver kommune. I 2016 møttest dei på ein sesongbasert jobb i det som då var Sogn og Fjordane fylkeskommune, og det tok ikkje lang tid før dei fann tonen.

– Og så utvikla det seg, smiler dei og fortel at det var først i 2018 at dei vart eit par og etter kvart gifta seg.

Klarar du éin klarar du to

Arkeologar er ikkje bortskjemde med fast jobb, og det er vanleg å jobbe sesongbasert eller på prosjekt. Fylkessamanslåinga opna likevel opp for nokre faste arkeologstillingar i Vestland.

– Vi hadde tilbod om jobb fleire stader i landet, men ønska å bu i Sogn og Fjordane. Difor sa vi at fylkeskommunen måtte ta begge eller ingen, seier paret som no har kjøpt bustad i Hyllestad.

– Vi var på rett tid og stad, konkluderer dei om tilsetjinga.

Undersøker for kulturminne

I dag både bur og jobbar dei i lag. Ikkje alltid saman, men ofte. Når det kjem søknadar til fylkeskommunen om ein ny landbruksveg, eit nytt bygg eller andre byggeprosjekt, er det Lars og Isabel som må undersøke området for kulturminne.

– Det er heilt klart den mest spennande delen av jobben. Vi er begge mest glad i å vere ute og grave i jorda, og det er alltid knytt ei viss spenning til om vi finn noko.

Akkurat no har Vestland fylkeskommune ledig stilling som rådgjevar/arkeolog i 100 % fast stilling, i seksjon for kulturarv, fageining arealplan til kontorstad Førde.

Fann gull

Og spenning fekk dei til gangs oppleve allereie på dag to i felt som arkeologar for Vestland fylkeskommune. Då gjorde ekteparet det største gullfunnet på Vestlandet på over 50 år.

– Det er definitivt høgdepunktet i karrieren, seier Lars entusiastisk.

Då dei stod framfor gravemaskina og såg at det glitra i jordkanten på sjakta, var det nesten som at dei ikkje trudde det.

– Du tenker det er gull, men trur likevel ikkje heilt på det. Det måtte fleire til før vi torde å sleppe jubelen laus, fortel Isabel.

Det viste seg at det som glitra i jorda var ringar av betalingsgull frå eldre jernalder. Gullfunnet hadde ei totalvekt på 155,9 gram.

gullfunn Vestland

Fifteen minutes of fame

– Fekk de stjernestatus i bransjen etter gullfunnet?

Ekteparet ler, og det er tydeleg at sjølv om funnet var stas, er dei ikkje blitt veldig høge på seg sjølve.

– Eg fekk riktig nok mine fifteen minutes of fame på TV, seier Lars og ertar kona:

– Du hamna litt i skuggen der, gliser han.

– Alle arkeologar veit at det er tilfeldig kven som finn gullet. Det handlar ikkje om kven som er flinke, men om tilfeldigheiter, forklarar Isabel.

Hoggorm, flått, mygg og regn

Å vere arkeolog på Vestlandet er ikkje berre frisk luft og spennande funn. Det er også mykje dårleg ver og krypdyr.

– Det blir nokre sure dagar innimellom, seier Lars og rynkar panna.

– Og hoggorm, flått og mygg, grøssar Isabel.

"Vi er dei aller første som ser dette etter 10.000 år"

Arkeologar ute i felt

Historie i hendene

– Heldigvis kan vi bruke dei verste regnversdagane til rapportskriving, seier Lars.

Men når sola først skin og ei spennande prøvestikking etter steinalder ventar, er livet som arkeolog i det vakraste fylket fint.

– Det er lite som slår den følelsen: Når du har lese landskapet riktig, og tenker at HER, her ligg det ein steinalderplass. Du set det første stikkert og tenker at dette kan eg. Og når det samtidig går opp for oss at vi er dei aller første som ser dette etter 10.000 år... Isabel ser ut i lufta:

– Det er ganske spesielt altså. Då stå du der med historie i hendene, avsluttar ho.

Fleire saker