Avdelingsleiar - Trivselshagen Bad og Idrett

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Gloppen kommune Gloppen Fulltid
Gloppen kommune Logo

Gloppen kommune

Grandavegen 9
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Birte Fossheim
578 83 800

Søknadsfrist

14. februar 2023 Søk på stillinga her

Om stillinga

Trivselshagen er eit moderne kultur-, skule- og idrettsanlegg som er etablert på Sandane i samarbeid med Vestland fylkeskommune og Gloppen kommune.

Vi likar å seie at vi har fylket sitt råaste idrettsanlegg med 4 handballbaner, unikt badeanlegg, turnhall, klatrevegg, treningssenter og BUA (utstyrslager med gratis aktivitetsutstyr). Kunne du tenkje deg å vere med å vidareutvikle og skape aktivitet i eit slikt anlegg?

Vi har no ledig ei spennande stilling som avdelingsleiar for Trivselshagen Bad- og idrett.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til å fylle dette unike idrettsanlegget med mest muleg aktivitet og arrangement
  • Bidra til å vidareutvikle Trivselshagen Bad- og idrett som eit moderne og framtidsretta anlegg
  • Aktivt marknadsføre ulike tilbod i Trivselshagen
  • Vidareutvikle BUA Gloppen med aktivitetsutstyr for barn og unge
  • Vere kontaktpunkt for idrettslaga i kommunen
  • Koordinere ulike brukargrupper, leigetakarar og tilsette i Trivselshagen Bad- og idrett
  • Ha personalansvar og dagleg økonomiansvar for drift av bad- og idrettsdelen

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer etter ein person med stort engasjement for å skape aktivitet og arrangement. Vi ønskjer nytenking og interesse for korleis vi kan utvikle anlegget til å vere mest muleg i bruk.

Det å jobbe kunnskapsbasert og ta i bruk ny teknologi vert viktig. Du må vere løysningsorientert og serviceinnstilt. I jobben møter du mange forskjellige menneske, og du må samarbeide godt med born, unge og alle leigetakarar som bruker anlegget.

Jobben krev at du jobbar godt sjølvstendig og er initiativrik for å ta tak i oppgåver som du ser må løysast. Noko jobb på kveld/helg må påreknast.

Vi ønskjer at du har:

  • Relevant høgare utdanning
  • Erfaring kan kompensere for høgare utdanning
  • Kunnskap, erfaring og interesse for idrett- og kulturtilbod
  • Gode IT-kunnskaper
  • Erfaring med personal- og økonomiansvar

Vi tilbyr

Lønn etter avtale. For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader. Du vil bli tilsette på kultureininga i Gloppen kommune, med kontorstad Trivselshagen Bad- og idrett. Der vil du jobbe tett med tilsette i Trivselshagen sitt eigedomsselskap (TH eigedom) som er eigd av Vestland fylkeskommune og Gloppen kommune.
WebC-ID: 4608057333