Luster kommune Hovedbilde

Rådgjevar - Arkiv

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Luster kommune Luster Fulltid

Om stillinga

100 % fast stilling som rådgjevar i avdelinga arkiv, i eininga Kommunikasjon og driftsstøtte.

Har du lyst til å arbeide med varierte arkivoppgåver og bidra inn i utviklinga av arkivfaget? Luster kommune treng ein arkivmedarbeidar som kan styrka det arkivfaglege miljøet og vera med å løysa samfunnsoppdraget me er sett til å gjera. Det inneber å sikra dokumenta våre som informasjonskjelder i notid og for ettertida, og gjera offentleg informasjon tilgjengeleg for innbyggjarane våre.

Arkivet har p.t. 2,3 årsverk og me jobbar tett med dei andre fagområda i Kommunikasjon og driftsstøtte. Luster kommune nyttar sak/arkivsystemet WebSak. Me prioritera digitalisering og jobbar kontinuerleg med utvikling.

Me søkjer deg som har interesse og motivasjon for å jobba med daglege arkivoppgåver i kommunen, og likar å jobba med driftsoppgåver på detaljnivå. Me treng ein medarbeidar med utprega sørvisinnstilling, som tek initiativ, er nøyaktig og kan bidra til utvikling og forbetring av rutinar. Det er ynskjeleg med erfaring frå brukarstøtte og opplæring, og gjerne erfaring innan offentleg forvaltning. Gode ferdigheiter i bruk av IKT-verktøy blir vektlagt. Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode evner til samarbeid. Personlege eigenskapar og dokumentert gjennomføringsevne blir vektlagd.

Arbeidsoppgåver

  • Daglege driftsoppgåver innan arkiv med posthandtering og journalføring.
  • Kvalitetssikre og klargjere postlister til publisering på kommunen si heimeside.
  • Handsame innsynsførespurnader.
  • Brukarstøtte i sak/arkivsystemet WebSak, opplæring og hjelp til sakshandsamarar i arkivspørsmål.
  • Periodiske oppgåver innan fagfeltet; medrekna å klargjere arkiv for deponering.
  • Delta i arkiv- og utviklingsprosjekt.
  • Andre oppgåver som fell til avdelinga.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning innan arkivfaget, eller relevant utdanning som til dømes fagarbeidar innan kontor og administrasjon.
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensera for krav om utdanning.
  • Interesse for arkivfag, digitalisering og høg IKT-kompetanse.
  • Luster kommune er nynorskkommune, så du må meistre målforma nynorsk.

Vi tilbyr

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår.
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn etter avtale.
Luster kommune Kulturbilde