Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Veidekke Bygg | Sogndal | Fulltid |
Er du strukturert, sjølvgåande og likar å levere god kvalitet i arbeidet ditt?
Veidekke Bygg Sogn og Fjordane søker dyktige fagarbeidarar til våre prosjekt i Sogn. Vi ser etter deg med fagbrev i betong og/eller gjerne nokre års erfaring frå bransjen, som ynskjer å ta del i vår vidare utvikling i distriktet.
Som betongarbeidar har du ansvar for framdrift og produksjon med laget ditt. Du sørger for god flyt i produksjonen og har ei involverande arbeidsform. Veidekke er leiande i bruk av digitale verktøy på byggeplass, og du vil bli ein del av eit involverande, innovativt og framtidsretta arbeidsmiljø der BIM er ein del av vår kvardag.
Vi ynskjer at du er strukturert, sjølvgåande og likar å levere god kvalitet og service i arbeidet ditt. Og ikkje minst har stå-på-vilje og godt humør. Du har fagbrev i betongfaget, noko erfaring og lyst til å vere med å vidareutvikle vår avdeling i Sogn innan våre satsingsområder bolig, næring, skule og offentlege bygg. Du er:
Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar og gode mulegheiter for kurs og opplæring hjå oss. Gjennom vår ordning for aksjekjøp får du høve til å eige aksjar i eiga bedrift saman med kollegaene dine. I dag eig om lag halvparten av tilsette i Veidekke 15% av aksjane i selskapet, noko som er ganske unikt for store selskap i Norge.