grøn region vestland prosjektleiar Heidi

Heidi Synnøve Gaustad er prosjektleiar for Grøn region Vestland.

Nyheiter

Den grøne regionen

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: TechnipFMC

Er du oppteken av berekraft, er Vestland arbeidsregionen for deg.

Du har kanskje høyrt om Grøn region Vestland, men kva betyr det eigentleg? Vi har teke ein prat med Heidi Synnøve Gaustad, som har fått den ikkje så vesle oppgåva med å leie arbeidet med å omstille fylket vårt i grøn retning.

– Grøn region Vestland er eit samarbeidsprosjekt som skal få opp farten på grøn omstilling og skalere opp dei grøne verdikjedene i fylket, fortel ho engasjert.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Vestland Fylkeskommune og Innovasjon Noreg, og Heidi sit til dagleg på Innovasjon Noreg sitt kontor i Bergen. Men som prosjektleiar i Grøn region Vestland må ho bli kjent med næringslivet i heile fylket – frå Stad i nord til Sveio i sør, frå dei inste dalane i Sogn til ytst i havgapet i Solund og Kinn.

– Vår naturlege tilgang på ressursar og nærleik til havet har gjort det gunstig å byggje mykje industri i Vestland. Det industrielle eventyret har gitt oss velstand, men CO2-utsleppa knytt til denne industrien har vore så store at det ikkje er foreinleg med ein berekraftig framtidsvisjon, seier Heidi.

– Samtidig kan vi ikkje stogge verdiskapinga. Vi må difor finne ut korleis vi kan oppretthalde produksjonen, utan at det belastar samfunnet slik det har gjort til no. Det krev ein ekstraordinær innsats.

Skrikande behov for arbeidskraft i dei grøne verdikjedene

Prosjektet Grøn region Vestland er i oppstartfasen, og når Framtidsfylket ringer har Heidi hatt stillinga i litt over ein månad. Ein stor del av jobben hennar handlar om å få til samarbeid på tvers. For det å omstille næringslivet i eit fylke som tradisjonelt sett er bygd på mykje og tung industri, er ikkje ei oppgåve for enkeltmennesket eller den enkelte bedrift:

– Samarbeid er ei absolutt forutsetning for å få dette til. Det å vere god til å samarbeide vil vere ein kjernekompetanse i det grøne skiftet, meiner Heidi.

Ho fortel at skal vi få til ei berekraftig utvikling i Vestland, er det behov for arbeidskraft og kompetanse på alle nivå.

– Fagkompetanse blir ein kjernekompetanse, gjerne i kombinasjon med vidare høgskule- eller universitetsutdanning. Då får du både praktisk erfaring og teoretisk kunnskap, noko vi trur er ein god kombinasjon for å møte dei utfordringane vi skal løyse framover, seier ho.

Ifølge Heidi er det ingenting som er grønare enn å jobbe som fagarbeidar.

– Då jobbar du direkte med det som produserast og har størst påverking. Sjølv om vi ikkje tradisjonelt forbinder industri med grønt, er det mykje grønt som skjer der allereie, og mykje av omstillinga kjem til å skje innanfor dei tradisjonelle industriyrka. Då treng vi unge, friske auge som kan gå inn og sjå; kva er det vi kan gjere for å gjere dette prosjektet enda meir grønt for framtida?

Det er tydeleg at Heidi er rett dame på rett plass, og at ho brenn for oppdraget. Og det hastar å skape resultat – gjennom klimaavtalen med EU har Noreg forplikta seg til å samarbeide om å redusere klimautslepp med minst 40 prosent innan 2030. Noregs eige forsterka klimamål er på 50 og opptil 55 prosent reduksjon innan 2030 (samanlikna med nivået i 1990).

Fjord1

Å byte ut forureinande transportløysingar med grønare alternativ er éin del av den grøne omstillinga i Vestland. Her illustrert ved Fjord1, som dei siste åra har bygd og satt i drift nær 40 høgteknologiske el-ferjer som svarar på moderne klimakrav med lågutslepp.

Slår eit slag for livslang læring

Kva bør unge som har eit ønske om å bidra i det grøne skiftet tenke på?

– Det er viktig å gjere noko du verkeleg brenn for. Ikkje gjer det andre meiner er smart eller viktig – vel det du meiner er viktig og spennande. Tenk på kven du er, kva dine gode kvalitetar er, og prøv å finne ei form for retning som gir meining for deg. Vi blir alle nødt til å tenke nytt og ha evne til å sjå dei nye problemstillingane med nye auge og frå nye perspektiv.

– Ikkje berre sjå på utdanning som noko du gjer ein gong medan du er ung, men noko du også tar med deg vidare i livet. Følg med på det du synest er interessant, og der du ser at du treng litt påfyll. Vi har fantastiske moglegheiter for vidare- og etterutdanning i Noreg og i Vestland, seier Heidi.

Ho snakkar av erfaring. Sjølv gjekk Heidi jordbruksskulen etter gymnaset, før ho gjekk vidare på miljøteknologi, og geografiske informasjonssystem som påbygg.

Etter kvart såg ho at det å jobbe i prosjekt kom til å bli viktig, og at det var lurt å forstå korleis dei kan leiast på ein god måte. Då bestemte ho seg for å studere prosjektleiing. Og ikkje nok med det; seinare har ho supplert med eit studie i brytningstid frå Noregs Handelshøgskule, som handlar endå meir om leiing og innovasjon, og er spesifikt retta mot det grøne skiftet.

Banebrytande teknologi og innovasjon

Heidi fortel at i den grøne omstillinga er det mange verdikjeder og noko å jobbe med som vil vere spennande for dei fleste.

– Vi snakkar om havvind, batteriteknologi, hydrogen, kraftsystem, karbonfangst og -lagring og elferger. Vi snakkar om havet – det vil alltid vere eit stort behov for menneske som har kompetanse om havet. Vi snakkar om energien som skal forsyne folk og arbeidsplassar med straum når vi ikkje lenger kan bruke olje og gass på den måten vi har gjort. Vi snakkar om skogen, landbruket og berekraftige bygg, seier ho – oppramsingane kjem raskt og engasjert.

Fleire har påpeikt at det er eit paradoks at vi i dag har ei historisk låg arbeidsløyse, samstundes som det vil vere eit stort behov for arbeidskraft og kompetanse i dei grøne næringane.

– Då er vi avhengige av at folk med eit anna utgangspunkt omstiller seg. Mykje kompetanse i dag kan brukast også i dei nye, grøne næringane, på ein litt annan måte.

hav fiske

Kunnskap om havet vil vere ei viktig kompetanse når Vestland skal omstillast.

På full fart fram

Vi som kjenner arbeidslivet i regionen veit at det allereie finst mange bedrifter her som jobbar med grøne løysingar og utviklar bedriftene sine i meir berekraftig retning.

Er det nokre eksempel på grøne prosjekt du vil trekke fram, som du synest er ekstra kule?

– Det er svært vanskeleg å trekke fram kun nokre få prosjekt, då det er mykje kult og spennande som skjer over heile fylket. Men eg kan jo nemne langskipprosjektet som eit heilt unikt og kult prosjekt, seier Heidi, og viser til det fullskala CO2-handteringsprosjektet som skal fange, transportere og lagre CO2 frå industrien.

Hardanger hydrogenhub har eit anna spennande prosjekt der fleire selskap samarbeider om å finne ut korleis ein kan produsere og lagre hydrogen i Ullensvang, og bruke det hydrogenet i transport og prosessindustrien.

Heilt til slutt: Korleis ser framtida i Vestland ut?

– Framtida er grøn, og vi skal gjere det vi kan for å få det til. Vi ser no at alle er på full fart fram, og det går fort, seier Heidi.

– Vi er optimistiske og har stor tru på framtida. Så håpar eg at prosjekta der ute, hub´ane - ja, heile team Vestland og alle andre som er interesserte, eller som er der ute og jobbar i dette også tenker at: dette får vi til!

Framover skal vi gjere deg betre kjent med den grøne regionen Vestland. Det skal vi gjere gjennom ein serie artiklar om berekraftsarbeidet som blir gjort kvar dag i bedrifter rundt om i det flotte, grøne fylket vårt. Så heng på!

Finn jobb i Vestland

Fleire saker