100% stilling som lærar GLU 1-7 eller GLU 5-10 Bilde

100% stilling som lærar GLU 1-7 eller GLU 5-10

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Aurland kommune Aurland Fulltid

Om stillinga

Vi har ledig 100% fast stilling som lærar ved Aurland barne- og ungdomsskule frå 01.08.23. På bakgrunn av at ein lærar vurderer uttak av førtidspensjon, kan det bli ledig inntil to faste stillingar.

Det er ynskeleg med fagfordjuping i kroppsøving, spes.ped og engelsk. Andre fag er og relevant for stillinga.

Aurland barne- og ungdomsskule ligg i kommunesenteret Aurlandsvangen. Skulen har pr. oktober 125 elevar frå 1. til 10. klasse, og har i overkant av 30 tilsette.

Det vert arbeidd kontinuerleg for å betre elevane sitt læringsmiljø og for å styrke elevane sin faglege og sosiale kompetanse.

Vi arbeider for at alle elevar skal oppleve meistring, ha ei positiv utvikling og tru på seg sjølv. Vi jobbar aktivt for at skulen skal ha ein høg fagleg kvalitet og ein tydeleg verdiprofil.

Skulen har eit godt kvalifisert personale med brei kompetanse som sett oss i stand til å møte mange ulike utfordringar i ein samansett skulekvardag.

Arbeidsoppgåver

-undervisning
-planlegge, gjennomføre og vurdere ei variert og framtidsretta opplæring av høg kvallitet, og med ein god progresjon
-aktivt delta og bidra inn i vårt lærande felleskap om felles kompetanseheving og planlegging av undervisning
-samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar til skulen
-aktivt delta i å skape eit trygt og godt læringsmiljø ved skulen

Stillinga kan innebere kontaktlærarfunksjon.

Kvalifikasjonskrav

Adjunkt eller høgare, basert på grunnskulelærarutdanninga eller PPU m/kroppsøving.

Om deg

-du har kjennskap til ulike digitale verktøy
-du er ein entusiastisk og inspirerande lærar
-du er ein trygg, reflektert og tydeleg klasseleiar
-du er god på relasjonar, samarbeid og smahandling
-du er ein god lagspelar
-du er aktiv, positiv, leiken og ein god teamdeltakar og kollega
-du har stor ansvarskjensle
-du har gode samarbeids-, samhandling- og kommunikasjonsevner
-du er innovativ, fleksibel, endringsvillig og løysingsorientert

Vi tilbyr

Å bli ein del av ein triveleg arbeidsplass, der arbeidsmiljø står i sentrum. Du vert ein del av den felles kompetansehevinga som skulen har, der me som kollegium lærer i lag.

Aurland barne- og ungdomsskule har ein god innarbeidd plan for lokalt entreprenørskap frå 1. -10. trinn der skulen samarbeider med Sogn Jord- og hagebruksskule, Vestnorsk Fjordlandskap, ViteMeir og lokale bedrifter.

Skulens visjon er "Ein skule for alle med blikk for den enkelte". Denne visjonen er konkretisert gjennom 1. Kunnskap og læring 2. Respekt og toleranse 3. Trivsel og tryggleik 4. Samarbeid og engasjement

- å bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum.
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad.
- gratis inngang til treningsrom og symjebasseng i Aurlandshallen.
- hjelp til å skaffe bustad. Vi har per. i dag ledig, nye og fine, kommunale husvære
- hjelp til å skaffe barnehageplass
- hjelp til å skaffe arbeid til partner

Sjå gjerne også informasjonsbrosjyra vår:
Aurland Kommune (visbrosjyre.no)

Aurland kommune Kulturbilde