Rektor ved Stårheim skule Bilde

Rektor ved Stårheim skule

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Fulltid

Om stillinga

Stad kommune har ledig 100% fast stilling som rektor ved Stårheim skule frå 01.08.2023.

Stårheim skule er lokalisert sentralt på Stårheim, om lag 15 km vest for Nordfjordeid sentrum. Skulen har 60 elevar frå 1.-7. klasse samt SFO-tilbod. Det er 8 årsverk på skulen. Det blir kontinuerleg satsa på eit variert utviklingsarbeid, både fagleg, sosialt og organisatorisk. Vi arbeider med fysisk aktivitet kvar dag, både med felles aktivitetar på tvers av trinn, i klasserommet, i friminutta og på arbeidsplassen.

Stad kommune skal gje alle barna ei trygg og tilpassa opplæring i eit inkluderande fellesskap. Vi søkjer etter ein utviklingsorientert rektor som vil leie arbeidet med å vidareutvikle skulen både fagleg og sosialt. For Stad kommune er det viktig at leiarane våre har god samhandlingskompetanse. Eit godt samarbeid med føresette, andre kommunale einingar og lokalsamfunnet er viktig for at skulen skal kunne gje eit godt opplæringstilbud til elevane.

Meir informasjon om skulen finn du på nettstaden www.stad.kommune.no

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å utvikle eit godt fagleg og sosialt opplæringstilbod
  • Ansvar for å drive gode utviklings-, forbetrings- og endringsprosessar
  • Ansvar for å etablere ein god samarbeidskultur der ein lærer i lag
  • Ansvar for gode system for rettleiing og kompetanseheving
  • Ansvar for rekruttering av lærarar og andre tilsette ved skulen
  • Ansvar for tverrfagleg samarbeid og samhandling internt og eksternt
  • Ansvar for omdømmebygging, informasjon og kommunikasjon
  • Ansvar for budsjett, økonomi og tilsette

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå
  • Gjerne leiarutdanning gjennom rektorskulen, master i leiing eller tilsvarande
  • Leiarerfaring og motivasjon til å vere leiar
  • God rolle-, system- og organisasjonsforståing
  • Kan bruke teamarbeid som arbeidsmetode
  • Er oppdatert på nasjonale mål og på relevant lov- og avtaleverk

Om deg

  • Kan tileigne seg og nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskap
  • Har gode strategiske og analytiske evner
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner både munnleg og skriftleg
  • God samhandlingskompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeid

Vi tilbyr

  • Vere med på å utforme det samla grunnskuletilbodet i Stad kommune
  • Mentorordning
  • Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit godt arbeids- og fagmiljø
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Løn etter avtale

Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.

Vi ber om at alle attestar og vitnemål vert last opp saman med søknaden. For nærare opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med kommunalsjef Harald Sivertsen på tlf. 980 79 873.