Tømrar Førde/Sunnfjord Bilde

Tømrar Førde/Sunnfjord

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Veidekke Bygg Sunnfjord Fulltid
Veidekke Bygg Logo

Veidekke Bygg

Vangestadvegen 6, Kaupanger Industriområde
6854 Kaupanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Bjørnar Haveland
92023650

Søknadsfrist

20. februar 2023 Søk på stillinga her

Om stillinga

Er du tømrar og interessert i ny teknologi og digitalisering på byggeplass?

Veidekke Bygg Sogn og Fjordane har behov for fleire tømrarar i Førde og Sunnfjord. Vi ser etter deg som er strukturert, sjølvgåande og likar å levere god kvalitet og service i arbeidet ditt. Og ikkje minst har stå-på-vilje og godt humør. Du har fagbrev i tømrarfaget, noko erfaring og lyst til å vere med å vidareutvikle vår avdeling i Førde innan våre satsingsområde bolig, næring, skule og offentlege bygg.

Arbeidsoppgåver

Som tømrar har du ansvar for framdrift og produksjon med laget ditt. Du sørger for god flyt i produksjonen og har ei involverande arbeidsform. Veidekke er leiande i bruk av digitale verktøy på byggeplass, og du vil bli ein del av eit involverande, innovativt og framtidsretta arbeidsmiljø der BIM er ein del av vår kvardag.

Kvalifikasjonskrav

  • Fagbrev innan tømrarfaget (anna relevant erfaring/kompetanse kan bli vurdert – vi tilset også vaksenlærlingar)
  • Snakkar norsk, svensk eller dansk

Om deg

  • Engasjert
  • Kvalitetsbevisst
  • Nøyaktig og målretta
  • Interessert i ny teknologi og digitalisering
  • Har høgt fokus på HMS


Vi tilbyr

  • Fast jobb i eit uformelt og godt arbeidsmiljø hos ein trygg og seriøs arbeidsgivar.
  • Gode lønnsvilkår og ordningar for forsikring og pensjon
  • Framtidsretta arbeidsmetodar, gode utviklingsmulegheiter og digitale løysingar


Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar og gode mulegheiter for kurs og opplæring hjå oss. Gjennom vår ordning for aksjekjøp får du høve til å eige aksjar i eiga bedrift saman med kollegaene dine. I dag eig om lag halvparten av dei tilsette i Veidekke 15% av aksjane i selskapet, noko som er ganske unikt for store selskap i Norge.

Veidekke Bygg Kulturbilde