sunnfjord miljøverk karoline og Lennart

Nyheiter

Karoline og Lennart fann draumejobben heime

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: Photoevent

Dei hadde ulike inngangar til avfallsbransjen, men Karoline og Lennart er einige; dei har funne draumejobben hos Sunnfjord Miljøverk.

Lennart har akkurat sykla dei 12 kilometerane frå huset sitt, gjennom Førde sentrum og opp dei siste 300 høgdemeterane til Einestølen. Karoline har nett reist dei 35 minutta med bil frå garden sin i Eikefjorden frå andre sida av dalen. På toppen møtest dei på kontoret til morgonkaffi med resten av kollegaene som jobbar i Sunnfjord Miljøverk.

Slik kan ein morgon sjå ut for Karoline Høyvik (31) og Lennart Nes Nyhammer (35) i Sunnfjord Miljøverk (SUM) – eit avfallsdeponi og kontorplass som ligg naturskjønt til på toppen av Einestølen midt mellom Førde og Naustdal. SUM er renovasjonsselskapet i kommunane Sunnfjord, Hyllestad, Fjaler og Askvoll, og har som si viktigaste oppgåve å løyse kommunane sine utfordringar innan avfallshandtering på ein mest mogleg miljø- og kostnadseffektiv måte.

Med andre ord; dei hentar bosset ditt og sørgjer for at det vidare vert sortert og handtert slik at det ikkje forureinar meir enn nødvendig. Men framtidas renovasjon handlar om så mykje meir enn det. Akkurat det skal vi kome tilbake til.

SUM

Ein annan balanse i livet

– Du får ein annan balanse i livet her, både på jobben og på fritida, fortel Lennart Nes Nyhammer (35).

Han er utdanna siviløkonom og statsautorisert revisor, og flytta tilbake til Førde etter mastergraden – og åtte månadar backpacking i Asia og Mellom-Amerika. Han har jobba både i PwC og i Sparebanken Sogn og Fjordane før han begynte i Sunnfjord Miljøverk for snart to år sidan. Lennart har ikkje angra eitt sekund på at han flytta heim, og trekk fram den raske tilgangen på friluft som noko av det beste med å bu i distriktet.

– Vi som bur her blir litt bortskjemde etter kvart, og det er ikkje alltid ein tenkjer over det. Men det utgjer ein stor forskjell på livskvaliteten, seier Lennart, som altså likar å starte dagen på sykkelsetet gjennom Førde sentrum og opp bakkane til jobb.

– Så framt det ikkje er dårlege snøforhold, skyt han inn. Men utanom då kan han varmt anbefale det.

– Det er heilt fantastisk å starte dagen med å sykle opp bakkane til kontoret i ro og fred, med skogen på alle kantar og fuglekvitter rundt meg, smiler han.

– Og attpåtil så sparar eg miljøet.

SUM Karoline Høyvik

Karoline Høyvik, HMS- og kvalitetssjef hos Sunnfjord Miljøverk.

SUM Lennart

Lennart Nes Nyhammer jobbar med økonomi hos Sunnfjord Miljøverk.

Med hjarte for miljøet

Og det er tydeleg at miljøengasjementet sit i ryggmargen til begge dei to kollegaene Framtidsfylket møter. Karoline Høyvik (31) har utdanning innan miljøkjemi og analytisk kjemi, og skreiv masteroppgåve om nettopp avfallsdeponi. Ho jobbar no som HMS- og kvalitetssjef i SUM.

– Miljø og berekraft er ei hjartesak for meg, og med masteroppgåva fekk eg innsikt i avfallsbransjen. Då fekk eg verkeleg sjå potensialet i bransjen og kor viktig den er i den grøne overgangen, fortel ho.

Etter studiane på austlandet jobba ho ein periode offshore, og deretter som rådgjevar i eit stort selskap i Oslo med gode moglegheiter for karriere og ansvar. Men Karoline var gravid, og ville flytte heim til familie- og gardsliv i Eikefjorden. Då var ho langt ifrå sikker på at ho skulle få ein relevant jobb i distriktet.

– Eg trudde eg måtte gje opp karrieren då eg skulle flytte heim, men så fann eg ein endå betre jobb her!

– Eg hadde garantert ikkje fått denne jobben i Oslo. Det hadde vore så mange søkarar, og større organisasjonar som heilt sikkert hadde krevd mykje meir erfaring. Så viste det seg at eg måtte faktisk flytte heim for å få draumejobben, seier Karoline lattermildt.

SUM Lennart og Karoline

Ein bransje og arbeidsplass i utvikling

Kva er det som er så spennande med avfallsbransjen?

– Det er få bransjar som har eit så spennande og givande samfunnsoppdrag som Sunnfjord Miljøverk, slår Lennart fast.

– Både avfallsbransjen og SUM som organisasjon er i stor vekst og utvikling. Det betyr både omstilling i bedrifta og at vi skal tilsette fleire folk.

– Vi blir spådd ein tsunami av reguleringar både frå EU og norske myndigheiter som inntreff om kort tid. Det triggar og motiverer oss til å arbeide og levere på krava, seier Karoline.

Krava og oppdraget dei viser til handlar mellom anna om å redusere mengda avfall i samfunnet, og prinsippet om sirkulærøkonomi – at det vi eig må brukast så lenge som mogleg, reparerast, oppgraderast og i større grad brukast om att.

– Sidan vi er ein liten organisasjon må vi alle jobbe tett på krava som kjem. Vi har ikkje ei eiga avdeling som tek seg av det – vi må alle delta. Då får alle eit eigarskap til det òg, fortel ho.

– Det kjem også nye nasjonale krav til matsortering. Der er vi i full gang med å levere ut matavfallsdunkar til innbyggjarane. I tillegg vil vi framover satse mykje meir på digitalisering. Vi skal mellom anna montere digitale brikker på alle avfallsdunkar, slik at ein kan lese av antal tømmingar og anna informasjon, som igjen kan nå ut til den enkelte abonnent, legg Lennart til.

– Akkurat som med straumen i dag, er målet at du skal få ei full oversikt over avfallet ditt. Og at gebyret du betalar kan gjenspegle dette, forklarer han.

– Om vi kan gje meir informasjon til befolkninga om eige forbruk og eige avfall, kan kvar og ein bli meir bevisste på eige avtrykk – og eige bidrag til miljøet, seier Karoline.

SUM
SUM

Kortare veg til påverking og ansvar

Utover samfunnsoppdraget, kva er det som gjer det kjekt å gå på jobb her?

– I ein liten organisasjon kjem vi tett på kvarandre. Vi føler oss meir heime her enn i dei store konsulentselskapa, meiner Karoline, som raskt får støtte frå kollegaen:

– Det er veldig kort veg frå deg som medarbeidar, til leiinga og avgjerslene. Du ser verkeleg at det du gjer har ein innverknad, og at du har store moglegheiter til å påverke. Er det ditt arbeid som skal leggjast fram for styret, er det du som får gjere det. Så her får du verkeleg vere med på heile prosessen, fortel Lennart. Sjølv har han full oversikt og kontroll på all økonomien i heile konsernet.

– I ein større by skal det mykje til for å kome dit.

– Eg opplever at kompetansen vår blir verdsett og at vi får delta på dei arenaene det er relevant. Ein leverer ikkje berre eit produkt, men følger det heile vegen. Det gir stoltheit og eigarskap til arbeidet. Slik sett føler vi oss ganske heldige, smiler Karoline.

– Ja, og det er veldig artig at vi er i ein situasjon der vi skal tilsette fleire folk i spennande stillingar. Dei får verkeleg moglegheita til å bli del av noko som er meiningsfullt og i stor vekst, avsluttar Lennart.

Det beste med å bu og arbeide i distriktet

Karoline:

  • Kortare og enklare veg til draumejobben
  • Mindre forhold gir tettare samhald og meir ansvar = meir eigarskap og stoltheit i jobben
  • Har råd til større hus og meir plass rundt deg

Lennart:

  • Friluftsmoglegheitene
  • Får jobbe med det eg trivast best med, i ein spennande bransje
  • Work-life balance – perfekt for småbarnsfamilien
Sjekk ut ledige stillingar i Vestland

Om Sunnfjord Miljøverk

Sunnfjord Miljøverk er renovasjonsselskapet til kommunane Sunnfjord, Askvoll, Fjaler og Hyllestad – til saman om lag 30 000 innbyggjarar og 12 500 abonnentar. I tillegg til hovudanlegget på Einestølen driftar dei seks gjenvinningsstasjonar og dotterselskapet SumTrans, som står for innsamling av avfall i kommunane. Sunnfjord Miljøverk er eit selskap i vekst og med store ambisjonar for framtidas renovasjonstenester i regionen. Følg med på bedriftsprofilen deira hos Framtidsfylket for å få med deg utlyste stillingar.

Sunnfjord Miljøverk har eit betalt samarbeid med Framtidsfylket og er ei av mange verksemder som ønsker å vise fram arbeidslivet i Distrikts-Vestland. Les meir om våre tenester for bedrifter her.

Fleire saker