Programansvarleg Bilde

Vil du jobbe saman med det mest innovative næringslivet i regionen?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Programansvarleg Aksello AS Kinn Fulltid

Om stillinga

I eit innovativt miljø får du utnytta ditt potensiale til å vere med å utvikle framtidas arbeidsplassar, i eit godt arbeidsmiljø med gode vilkår.

Programaktiviteten i Aksello er det viktigaste verktøyet vi har for å hjelpe gründerar og bedrifter å lukkast med forretningsutvikling. No er vi glade for å ha fått tilført auka virkemidlar for dei neste åra og vil derfor styrke teamet vårt.

For å kunne bistå gründerar og bedrifter med rett rådgjeving og rett finansiering i utvikling av nye berekraftige arbeidsplassar, er Aksello kvalifisert til å drive Inkubatorprogrammet og Næringshageprogrammet til Siva gjennom Vestland Fylkeskommune.


Arbeidsoppgåver

Som programansvarleg i Aksello vil du ha varierte og spanande arbeidsoppgåver i eit innovativt og nyskapande miljø.

Du vil sikre koordinering av programaktiviteten slik at ein utviklar eit godt, samhandlande og nyskapande miljø der ideane, gründerane og bedriftene får utvikle seg og sine forretningsidear.

Saman med dei andre tilsette i Aksello og eit erfarent rådgjevarkorps vil du kunne koordinere virkemidlane i programma slik at ein oppnår næringsutvikling og nyskaping. Dette inneberer ha ansvaret for systemaktivitet som budsjettering og rapportering i etablerte system for programaktiviteten. Du vil saman med teamet i Aksello arrangere viktige møteplassar for gründerar og næringsliv der innovasjon og berekraftig utvikling vil stå sentralt.

Vi i Aksello er oppteken av å dele dei gode historiene frå alle dei flinke gründerane og næringslivet som nyttar vår hjelp, du vil derfor delta i eit team som er oppteken av på dele informasjon digitalt, og sikre at vi som eit verkemiddel både er tilgjengeleg og oppdatert i sosiale medier og andre kanalar. Derfor set vi stor pris på at du er godt kjent og trivast med å produsere, dele og oppdatere informasjon om aktivitetane og dei kjekke sakene som skjer i miljøet.

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgare utdanning, gjerne innan innovasjon og forretningsutvikling. Relevant erfaring kan vege opp for høgare utdanning.
  • Økonomiforståing, med god kjennskap til budsjettering og rapportering
  • Kjenne til forretningsutviklings-prosessar
  • Marknadskompetanse på tvers av bransjar og evne til å skape tillit
  • Likar å halde presentasjonar for store og små forsamlingar

Om deg

  • Du har lidenskap for innovasjon og næringsutvikling
  • God på å rettleie og dele informasjon og kompetanse
  • Du synest det er kjekt å jobbe med kommunikasjon på digitale forum
  • Du likar å arrangere og legge til rette gode møteplassar og skape miljø
  • Du er løysingsorientert, ryddig og resultatorientert.
  • Du er ein lagspelar som er god på å jobbe i team, og trivast med variert oppgåver
  • Du er positiv og blid

Vi tilbyr

Fagleg spanande og interessant arbeidsmiljø med moglegheit for kompetanseheving og vidare utvikling av deg og dine evner. Eit innovativt arbeidsmiljø der alle arbeider for morgondagens berekraftige løysingar.

Aksello har kontor på Peak i Florø og tilbyr eit oppblomstrande kontorfellesskap midt i byen med stort nettverk og innovativt miljø.

Vi er i tillegg konkurransedyktig på løn og har gode pensjonsvilkår.

Vi er eit erfarent og godt team som gleda oss til å få deg med på laget vårt.

Aksello AS  Kulturbilde