Kommuneoverlege/Fastlege

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Bremanger kommune Bremanger Fulltid

Om stillinga

Bremanger kommune med omlag 3 500 innbyggjarar, søkjer etter kommuneoverlege i kombinasjon som fastlege. I utgangspunktet startar ein med 0 - liste.

Arbeidsoppgåver

  • Fastlegen sitt arbeid omfattar kurativt arbeid, deltaking i legevakt, kommunale oppgåver og deltidsstilling som kommuneoverlege.
  • Andre oppgåver kan komme til.
  • Kommunen nyttar Infodoc Planario journalsystem.
  • Avstand til Førde sentralsjukehus er 80 km.

Kvalifikasjonskrav

  • Førarkort minimum klasse B
  • Refusjonsrett
  • Du er kvalifisert til å delta i legevakt
  • Gyldig norsk autorisasjon og gode norsk kunnskapar både skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • Bremanger kommune har 5 fastlegeheimlar og kan derfor tilby kort pasientliste.
  • Vi kan tilby driftstilskot i kombinasjon med fast tilsetjing.
  • Avtale om driftstilskot og/eller tilsetting i kommunal stillingsprosent, skjer på dei vilkår som til ei kvar tid gjeld med grunnlag i gjeldande lover, relement, tariffavtalar, sentrale og kommunale avtalar om drift av fastlegeordninga.
  • For tida gjeld ordning med utjamningstilskot etter avtale mellom KS og DNLF
  • Vi har organisert ØH funksjon i opningstida lokalt. Denne vert delt mellom legane i kommunen.
  • Utanfor opningstid har vi legevaktsamarbeid med Kinn - sør (Florø) med relativt liten vaktbelastning for kvar lege i ordninga. Vi har gode ordningar for dei som deltek i legevakta.
  • Vi deltek i samarbeid om miljøretta helsevern i felles folkehelseavdeling i regionen.