16 av 26 trainear blir

Skriven 17.06.2019 under Nyheiter

Trainee-året er straks omme, og snart flaksar dei unge lovande vidare. Alle skal ikkje så langt, heldigvis. Fleire av dei har takka ja til fast stilling i Sogn og Fjordane.

26 trainear har i eitt år vore tilsett i 20 ulike bedrifter rundt om i fylket. Bank, marknadsføring, økonomi, forsking, energi, klima, juss, sal og forretningsutvikling er blant fagområda programmet kunne tilby i år. Når traineeåret er omme, ønsker mange av bedriftene å tilby fast stilling.

– I fjor kunne vi melde at 24 av 27 trainear vart i fylket. Det var svært gode tal som det blir vanskeleg å toppe. I år har ikkje like mange takka ja til å bli verande. Nokre skal ta master, andre søker ny jobb i Oslo og Bergen, og ein del blir i bedriftene, men på eit kontor utanfor fylket, seier Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Stigande interesse for karriere i Sogn og Fjordane

Likevel er det gledeleg at 16 av 26 trainear blir i jobben, og 14 buande i Sogn og Fjordane.

– I tillegg håpar vi at dei som skal ta meir utdanning har fått gode kontaktar i fylket etter traineeåret og returnerer.

Sjølv om færre blir, er søkartala til haustens kull gode.

Til gjengjeld hadde vi fleire søkarar i år enn i fjor, så interessa for programmet og karriere i Sogn og Fjordane opplever vi som stigande. 25 nye trainear er til no signerte og klare for 2019/2020.

Susanne Støyle Alsaker har valt å forlate Sogn og Fjordane etter eit år som trainee i Framtidsfylket.

Ho reiser, men har alltid planar om Sogn og Fjordane

Susanne Støyle Alsaker (28) frå Eid har i eitt år jobba som arealplanleggar i Luster kommune. Ho er ein av traineane som søker nye utfordringar.

 Til hausten startar eg i ny jobb utanfor fylket. Eg tar med meg erfaringane frå dette året og satsar på nye utfordringar. Å vere arealplanleggar er eit allsidig yrke som involverer fleire fagfelt, så meir arbeidserfaring kjem godt med.

Ei klassisk problemstilling er grunnen til at ho no vel å forlate fylket.

– To må ha jobb, og berre éin fekk. Det er mykje som må klaffe for at begge skal få jobb på same plass i Sogn og Fjordane, og spesielt om du har ei smal og høg utdanning. Eg må òg nemne at eg saknar ein del aktivitetar frå bylivet. Til motsetnad er friluftsmoglegheitene gull i Sogn og Fjordane.

Med traineeåret i bagasjen, er tilknytinga til fylket sterkare enn før.

– No er eg meir opplyst om kva karrieremoglegheiter som finst her. Eg kjente til fleire bedrifter og organisasjonar, men visste ikkje heilt kva dei dreiv med eller kven som kunne få jobb der. Erfaringsutvekslinga med andre trainear er det viktigaste eg tar med meg, og det har vore kjekt å bli betre kjent med fylket.

Det er likevel store sjansar for at vi ein dag ser ho igjen.

– Sogn og Fjordane gjev ikkje slepp på meg. Eg har alltid planar om å kome tilbake, og familie og venner i fylket er eit stort pluss. Når eller om eg flyttar tilbake blir opp til kva som byr seg ved eit seinare høve. Jobb og eit fleksibelt arbeidsliv blir ein viktig faktor.

Tuva frå Stavanger blir!

Tuva Eide (26 ) takkar ja til fast stilling som forretningsutviklar i Kunnskapsparken.

– Grunnen til at eg takka ja til fast stilling i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, er at her får eg utvikle meg fagleg og personleg. Eg har blitt gitt mykje tillit og ansvar og jobba med mange spennande oppgåver og prosjekt. Dette er avgjerande for utvikling og læring, og noko eg ønskjer meir av, seier stavangerjenta.

Som trainee har ho opparbeidd seg eit viktig nettverk og kjennskap til Sogn og Fjordane.

I jobben min er det veldig viktig med god oversikt over dei ulike bedriftene, organisasjonane, institusjonane og menneska som er i vårt geografiske nedslagsfelt. Det overblikket eg har fått er i stor grad Framtidsfylket si forteneste.

Som tilflyttar sit ho igjen med eit solid inntrykk av Sogn og Fjordane.

– Eg opplever Sogn og Fjordane som eit framoverlent fylke. Det er mange spennande, innovative verksemder her, og dei har ein tendens til å tiltrekke seg flinke folk. For min del har det vore avgjerande å ha andre trainear i nettverket mitt, då det er ein ukomplisert måte å få seg venner på.

Kva tankar har ho om framtida?

– Nett no er det her eg vil vere, så får tida vise resten.

Tuva Eide frå Stavanger takkar ja til fast stilling som forretningsutviklar i Kunnskapsparken.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.