Trainee IT teknologi

Nyheiter

Nyutdanna innan IT eller teknologi? Sjekk ut desse traineestillingane

Framtidsfylket traineeprogram er ein unik sjanse til å gå rett inn i ei spennande teknologistilling. Her får du påverke frå dag éin.

Har du lyst til å arbeide i eit internasjonalt og innovativt miljø? Highsoft ser etter deg som er lidenskapeleg opptatt av programmering. Du vil jobbe i eit internasjonalt og innovativt miljø, der du kan få leike med ny teknologi og ulike rammeverk:

Trainee web-developer

BKK Nett er eit framtidsretta nettselskap med eit ungt og sosialt arbeidsmiljø. Dei ser etter deg som ønsker å drive utviklinga vidare for grøn energi, berekraft og elektrifisering.

Trainee digital utvikling

Dei ser også etter ein trainee med elkraftutdanning:

Trainee forvalting og prosjektleiing

Digitaliseringsdirektoratet trainee

Digitaliseringsdirektoratet held til i friluftseventyret Sogn og tilbyr både ein kul jobb og pudderfri.

I Digitaliseringsdirektoratet vil du vere del av eit stort utviklingsmiljø og bidra til løysingar som blir brukt av heile landets befolkning. I tillegg til spennande faglege utfordringar tilbyr dei fleksitid og pudderfri. Eit stort pluss når du skal bu midt i friluftseventyret Sogn!

Trainee IT-utviklar

Ønsker du å jobbe med framtidas miljø- og materialløysingar? Hos Elkem Bremanger får du sjansen til å starte karrieren i eit globalt selskap, som skapar berekraftige løysningar for framtida:

Trainee tekniske fagområde

Enivest tilbyr framtidsretta internettløysingar på ulike teknologiplattformar, der fiber og fiberbasert breiband er det sterkaste vekstområdet.

No vil dei gje deg ein spennande start på karrieren i eit innovativt og lærerikt miljø, og ser derfor etter:

Trainee systemutviklar

Dei ser også etter deg som vil bidra til å utvikle nye forretningsområde i Enivest:

Trainee forretningsutviklar.

Evoy tilbyr miljøvenlege løysingar for morgondagens båtfolk. No ser dei etter ein trainee.

Evoy opplever enorm interesse frå heile verda for sine banebrytande, verdsleiande drivsystem for el-båtar. No søker dei etter trainee innan kybernetikk, automasjon eller elektronikk med sans for embedded til sitt spennande utviklingsmiljø i Florø:

Trainee kybernetikk/automasjon/elektronikk

Fjord Base er Norges største forsyningsbase, lokalisert i Florø. No ser dei etter ein trainee som vil lære om å drifte og utvikle framtidas industriområde. Du blir del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og vil få varierte arbeidsoppgåver innan tekniske og administrative fag:

Trainee tekniske fag

Bli med på verdas største grøne revolusjon i ferjenæringa og jobb med IT i Fjord1! Selskapet er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og IT-avdelinga er ein sentral bidragsytar i Fjord1 si teknologiske utvikling. Bli del av ein dyktig, sosial og aktiv gjeng som alltid byr på mykje humor og god stemning:

Trainee IT

Trainee hvl

Helse + robotar? Kunne du tenke deg å arbeide med robotar for å utvikle betre helsetenester? Høgskulen på Vestlandet si traineestilling er knytt til Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag (IDER), campus Førde. Sjekk ut:

Trainee helseteknologi robotikk

Synest du det er moro å jobbe med problemløysing i grenseland teknologi og prosess? Lotteri- og stiftelsestilsynet søker ein trainee som blir inspirert av å løyse digitale utfordringar og ei fri rolle:

Trainee IT og dokumenthandtering

Vil du utvikle digitale verktøy for bygg- og anleggsbransjen? Proresult er eit innovativt teknologiselskap med eit energisk og uformelt miljø. No ser dei etter deg med interesse for ny teknologi og progamvareutvikling:

Trainee utvikling

Er du opptatt av digitalisering og velferdsteknologi? Sunnfjord kommune ser etter ein trainee som kan bidra i omstillingsarbeidet i kommunen for å møte ei digital framtid, særleg i omsorgssektoren der digitalisering og velferdsteknologi står sentralt:

Trainee: Digitalisering og velferdsteknologi

Sygnir er det nye nettselskapet i Sogn og ein del av Sognekraft-konsernet. Som trainee vil du hospitere i ulike delar av nettselskapet og blant anna jobbe med å effektivisere prosessar:

Trainee Elkraft og digitalisering

Som trainee i Sogn og Fjordane Energi vil du vere del av eit ingeniørteam som jobbar med å sikre drift og vedlikehald av det kritiske straumnettet, og bidra til klimatiltak:

Trainee Elektrofag

Tibber

Tibber opplever eventyrleg vekst og ønsker deg med på laget!

Vil du jobbe i ein scale-up der ingen arbeidsdag er lik? Tibber søker deg som har interesse for å utvikle fysiske produkt og er klare for å styre konsumelektronikkbransjen i ei positiv retning:

Trainee Industridesigner / maskiningeniør

Vil du bli ein del av eit industrieventyr i Tizir Titanium & Iron AS ? Her vil du få engasjerte og blide kollegaer i eit spennande miljø:

Trainee Produksjon, utvikling og innovasjon

Kunne du tenke deg å forske på stordata og korleis ein kan bruke det for å skape innovative produkt og tenester i næringslivet i Vestland? Då er denne traineestillinga i Vestlandsforsking noko for deg:

Trainee stordata

Årets 50 traineestillingar

Fleire saker