Trainee: Systemutviklar Bilde

Enivest søker trainee innan systemutvikling

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Systemutviklar Enivest Sunnfjord Trainee
Enivest Logo

Enivest

Firdavegen 5, 6800 Førde, Norge
6800 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Monica Skilbreid
913 95 308

Søknadsfrist

3. april 2022

Du søker traineestilling hos Enivest, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Som trainee kan vi gje deg ein spennande start på karrieren din i eit innovativt og lærerikt miljø. Du får eigen mentor som syter for den faglege og personlege utvikling di. Vi kan gi deg konkurransedyktig løn og moglegheit for fast tilsetting.

Arbeidsoppgåver

  • Utvikling og vedlikehald av Enivest sitt kundesystem, nettside og eksterne portalar for kundar og samarbeidspartnarar.
  • Delta aktivt i Enivest sitt utviklingsarbeid.
  • Vere med og utvikle nye tenester for Enivest sine kundar.
  • Utforske og bidra til at Enivest sitt utviklingsteam held seg oppdatert på ny teknologi.

Kvalifikasjonskrav

  • Du har bachelor eller mastergrad innan systemutvikling.
  • Du kan UX og UI design, Javascript, React, NodeJS, webpack og SCSS.
  • Du har kjennskap til Apputvikling (Android og IOS), backend (PHP og MySql) og versjonshandtering med GIT.
  • God teknologiforståing og interesse.
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne.

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Om deg

Du er ein engasjert og framoverlent person som ønsker å gjere ein forskjell, og som på sikt kan bli ein god leiar. Du har sterk interesse for teknologi og forretningsutvikling, er kreativ og initiativrik. Du kan jobbe sjølvstendig, men og på tvers av fagmiljø. Du har høg arbeidskapasitet og ønsker å bidra positivt til arbeidsmiljøet vårt.

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Eitt år med arbeidserfaring og personleg utvikling
  • Eit nettverk med traineear i andre bedrifter i Vestland fylke
  • Turar og samlingar i arbeidstida
  • Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv
  • Studietur til utlandet
  • Sjansen til å gjere ein større forskjell
  • Ein draumestart på karriera
  • Vestlandet 💚

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.