Trainee: Helseteknologi og robotikk Bilde

Ønsker du å arbeide med robotar for å få betre helsetenester?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Helseteknologi og robotikk Høgskulen på Vestlandet Sunnfjord Trainee
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Iris Wehn
 57 67 62 32

Søknadsfrist

3. april 2022

Du søker traineestilling hos Høgskulen på Vestlandet, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 17 000 studentar og 2 000 tilsette fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

Traineestillinga er knytt til Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag (IDER),campus Førde. Instituttet i Førde tilbyr dei 3 studieprogramma Bachelor ingeniørfag, Automatisering med robotikk og Elkraftteknikk og Bachelor Informasjonsteknologi.

Fagmiljøet i Førde har høg kompetanse på robotikk, og på laben har vi tilgang til nokre av verdas mest avanserte robotar til undervisning og forsking. Fagmiljøet er involvert i fleire større forskingsprosjekt, m.a. Teknoløft Sogn og Fjordane som ser på menneske-robot samarbeid og lærande robotar for industrien. Fagmiljøet har ambisjon om å finne nye metodar for korleis robotar kan bidra til betre helsetenester i framtida og traineestillinga vil vere del av dette arbeidet. Saman med fagmiljøet i helsefag på campus Førde skal den som vert tilsett som trainee jobbe tverrfagleg mellom teknologi og helse for å sjå på bruk av robotar i helsetenesta.

Vi søkjer etter ein trainee til eit tverrfagleg samarbeid mellom Fakultet for ingeniør- og naturvitskap/Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag og Fakultet for helse- og sosialvitskap/Institutt for helse og omsorgsvitskap

Arbeidsoppgåver

Hovudmålsettinga for traineestillinga er å vise korleis robotar kan bidra til betre helsetenester i framtida og å styrke tverrfagleg samarbeid mellom teknologifag og helsefag.

Du skal og sjå på korleis helsekompetansen best kan «lærast vekk» til robotane og kva nye moglegheiter for betre helsetenester det ligg i at robotar blir kompetente, gode, hjelparar. Det kan og bli aktuelt med andre arbeidsoppgåver knytt til robotikk.

Du vil jobbe tett saman med fagtilsette og doktorgradsstipendiatar i robotikk og saman med det helsefaglege miljøet ved campus Førde for å identifisere dei beste moglegheitene for robotar i helsetenestene. Mot slutten av trainee-perioden er målet å vise fram ein robot som løyser ei relevant oppgåve for helsetenestene

Kvalifikasjonskrav

Master- eller bachelorgrad i robotikk, kybernetikk, automatisering , informasjonsteknologi eller tilsvarande. Kjennskap til robotikk og programmering av robotar vil bli lagt vekt på.

Du som søkjer stillinga må vere interessert i å arbeide med robotar og korleis desse kan brukast i helsetenesta. Du må og ha noko erfaring med programmering, og like å arbeide med å utvikle nye teknologiske løysingar. Det vil og telje positivt om du har erfaring med å lage system eller dingsar frå tidlegare.

Noko av arbeidsspråket vil vere på engelsk, så god formuleringsevne på engelsk er ein fordel for stillinga.

Felles krav for alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor- eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Om deg

Du:

  • er interessert i å arbeide tverrfagleg
  • kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre
  • er glad i å sjå etter nye løysingar, og utvikle desse saman med andre
  • likar å formidle den faglege interessa di til andre
  • har lyst til å vere med å utforme arbeidsoppgåvene i stillinga
  • vil identifisere og løfte fram nye problemstillingar og prosjekt
  • kan arbeide systematisk og strukturert mot fristar
  • vil arbeide i eit fagmiljø som legg vekt på at alt er mogleg, og som er veldig spent på kva akkurat du og dine interesser kan bidra med

Vi tilbyr

HVL er ein inkluderande arbeidsplass med kjekke kollegaer i eit utviklande miljø der du får vere med å bidra.

  • Tilsetting i eitt år i 100 % stilling som trainee med oppstart august 2022
  • Eit spennande og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter avtale

Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utlandstur

Du vil jobbe hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.

Om oss

HVL jobbar aktivt for å vere tett på studentane og nærings- og arbeidslivet i regionen, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved campus Førde er det ca. 900 studentar og 100 tilsette knytt til Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN) og Fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS).

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har ca. 270 tilsette og ca. 3 200 studentar.

Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor- og masternivå innan ingeniør- og naturfag, i tillegg til PhD-utdanning innan datateknologi. Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Hovuddelen av fakultetet si verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde.

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde