Tibber - Join the electric revolution Hovedbilde
Tibber - Join the electric revolution

Tibber - Join the electric revolution

Hafstadvegen 23, 6800 Førde, Norge
6800 Førde

http://jobs.tibber.com

hei@tibber.com

Kontakt

Linn Hege Helle

linn@tibber.com

41002079

Om oss

Tibber er verdas første heildigitale straumselskap. Vår teknologi gjer at kunden får ein betre pris og ei betre innsikt i straumforbruket sitt. Til skilnad frå dei tradisjonelle straumselskapa vel vi å ikkje tene pengar på forbruket til kundane våre; vi ønsker heller å hjelpe dei å redusere det. Vi har eit mål om å redusere strømforbruket i heimar i Europa med 20% - og utfordrar dinosaurane i marknaden ved å ta i bruk ny teknologi og aldri kompromisse på berekraft.

Hundretusentals elbilar, varmepumper og anna smarthusutstyr er allereie kobla til Tibber-appen. Gjennom vår plattform styrer vi kundane sitt forbruk for å redusere kostnader og forbruk. Vi prøver å skape ei heilt ny oppleving av energi og utviklar dette stadig. Å utfordre oss sjølve og andre er normalen.

Snart er vi 100 fantastiske menneske som held til på fire forskjellige kontor i Norden og Europa; Førde, Stockholm, Helsinki og Berlin. Hovudkontoret er i Førde. Sidan vi veks raskt er vi heile tida på utkikk etter nye talent eller erfarne folk som er nysgjerrige på å bli med på reisa vidare!

Det beste med å jobbe med oss

Sidan vi er ute på eit oppdrag som inneber å snu opp-ned på heile energibransjen, må vi heile tida forvente det uventa. Vi er ei oppstartsbedrift, med alt det medfører av konstant endring og utvikling. Det “umulege” er vår arbeidskvardag, vi prøvar og feilar, men brukarane sine behov er alltid i sentrum for oss.
I løpet av det siste året har vi dobla talet på tilsette på kontora våre i Førde, Stockholm, Helsinki og Berlin. Vi rekrutterer frå heile verda, dyrkar mangfoldet, og jobbar like gjerne remote som frå kontoret. Den sterke kulturen og det gode samhaldet får vi mellom anna gjennom vekentlege videomøter og våre årlege pop-up-kontor; der vi møtes for å jobbe, ha det gøy og utforske ein ny by saman.
Vi jobbar systematisk med å redusere miljøpåverknaden frå produkta våre, og vi prøvar å drive selskapet på ein etisk god måte. Tibber skal vere ein positiv bidragsytar i samfunnet, og inspirere våre tilsette, kundar og samarbeidspartnarar til å leve så berekraftig som muleg.
Vi håpar at akkurat du vil bli med i Tibber Tribe!

Tibber - Join the electric revolution Kulturbilde

Ledige stillingar

Type Stilling Stad Tilsettingsform Publiseringsdato
Administrasjonsleder Sunnfjord Fulltid 21-10-2021
Teknisk kundekonsulent Sunnfjord Fulltid 20-10-2021