Trainee: Elektrofag  Bilde

Linja AS søker trainee: Vil du bidra til den elektriske tidsalderen?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Elektrofag Sogn og Fjordane Energi Trainee
Sogn og Fjordane Energi Logo

Sogn og Fjordane Energi

Sørstrandsvegen 227
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Kristian Vassbotten, avdelingsleiar kraftsystem.
97577410

Søknadsfrist

3. april 2022

Du søker traineestilling hos Sogn og Fjordane Energi, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Kloden vår ropar etter klimatiltak, og fornybar energi er ein avgjerande del av løysinga. Gjennom ei omfattande elektrifisering av samfunnet kan vi få bytte ut fossile energikjelder med fornybar energi.

Eit robust straumnett, og ei framtidsretta utvikling av dette er ein føresetnad for å nå dei ambisiøse klimamåla. Eit robust straumnett er også ein føresetnad for å kunne frakte straumen sikkert og effektivt ut og fram til kundane våre. Straumnettet er kritisk infrastruktur for både utvikling og drift av samfunnet vårt.

Å best mogleg sikre denne kritiske livsnerven gjennom samfunnet krev innsikt, kunnskap og erfaring.

Som trainee hos oss vil du vere ein del av eit ingeniørteam som har den overordna oppgåva med sikre drift og vedlikehald av det kritiske straumnettet.
For å sikre at denne livsnerven kan vareta både si utviklings- og driftsrolle i samfunnet vil driftsanalyse, vedlikehaldspolicy og -strategi, ta i bruk ny teknologi, utarbeide vedlikehalds- og driftsplanar vere sentralt i dette arbeidet. Del av dette arbeidet vil også vere å leie gjennomføring og oppfølgjing av større aktivitetar og oppdrag

Vi er på utkikk etter deg med høgare utdanning innan elektrofag, som har eit ønske om å lære meir om drifting av kritisk infrastruktur, og samtidig ønskjer å ønskjer å bringe samfunnet over i den elektriske tidsalder.

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.

Linja AS er tidlegare SFE Nett AS. Vi byggjer og oppgraderer, held ved like og driftar, straumnettet og syter for at du har straum heilt fram til husveggen. Straumnettet er ein av dei kritiske infrastrukturane i eit moderne samfunn. Velstanden, tryggleiken og samfunnsutviklinga vår er heilt avhengig av ei trygg og god straumforsyning. Vi bidreg til vekst og utvikling for næringar og samfunni regionen vår – frå dei yste holmar til dei inste fjordarmar. Vi skal møte elektrifiseringa og eit auka behov for energi, og sikre trygg og stabil straumforsyning i framtida.

Sogn og Fjordane Energi Kulturbilde