Om stillinga
Som trainee kan vi gje deg ein spennande start på karriera di i eit innovativt og lærerikt miljø. Du får eigen mentor som syter for den faglege og personlege utvikling di. Vi kan gi deg konkurransedyktig løn og moglegheit for fast tilsetting.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til å utvikle nye forretningsområde i Enivest.
- Vere med å vidareutvikle eksisterande produkt i Enivest.
- Delta aktivt i Enivest sitt interne utviklingsarbeid.
- Overvake, strukturere og analysere kundar, konkurrentar og marknad.
- Samarbeide tett med andre funksjonar i selskapet.
- Oppfølging av leverandørarar og samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonskrav
- Du har bachelor eller mastergrad innan økonomi, ingeniørfag, innovasjon eller tilsvarande.
- God teknologi- og kommersiell forståing og interesse
- God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap
Om deg
Du er ein engasjert og framoverlent person som ønsker å gjere ein forskjell, og som på sikt kan bli ein god leiar. Du har sterk interesse for teknologi og forretningsutvikling, er kreativ og initiativrik. Du kan jobbe sjølvstendig, men og på tvers av fagmiljø. Du har høg arbeidskapasitet og ønsker å bidra positivt til arbeidsmiljøet vårt.
Som Framtidsfylket Trainee får du:
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.