Trainee: IT og dokumenthandtering Bilde

Synest du det er moro å jobbe med problemløysing i grenseland teknologi og prosess?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: IT og dokumenthandtering Lotteri- og stiftelsestilsynet Sunnfjord Trainee
Lotteri- og stiftelsestilsynet Logo

Lotteri- og stiftelsestilsynet

Postboks 800
6805 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Falk Tewes, fagdirektør
958 59 348

Søknadsfrist

3. april 2022

Du søker traineestilling hos Lotteri- og stiftelsestilsynet, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Likar du å jobbe med digitale tenester? Finn du meining i å forenkle liva til folk? Synest du det er moro å jobbe med problemløysing i grenseland teknologi og prosess?

Då kan du bli trainee hos oss i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Du får jobbe i eit miljø for inspirasjon, kunnskap og vennskap med rundt 80 kloke kollegaer. Vi gir deg sjansen til å fokusere på meiningsfulle oppgåver, lære oss og deg sjølv nye ting og utvikle deg i eit høgt tempo.

Det vi ser etter hos deg:

  • Du blir inspirert av å løyse utfordringar og søke enkle og tilgjengelege digitale løysingar i lag med andre.
  • Du likar at vi gir deg ei fri rolle (der du rapporterer direkte til direktør for IT og dokumenthandtering) og får moglegheit til å utfordre etablerte rutinar, system og integrasjonar for å forbetre og effektivisere.
  • Du blir motivert av samfunnsoppdraget vårt; å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar.
  • Du har universitets- og/eller høgskuleutdanning på minimum bachelornivå. Gjerne innan innovasjon, teknologi, tenestedesign, interaksjonsdesign, men overrask oss gjerne om du meiner du har anna relevant kompetanse og brenn for digitalisering.
  • Du er nyutdanna (maks tre års erfaring etter enda studie) med eit sterkt ønske om å vidareutvikle deg og dine evner som trainee.

Kvifor Lotteri- og stiftelsestilsynet?

  • Vi er ein organisasjon i rask utvikling og med eit viktig samfunnsoppdrag. Kultur- og likestillingsdepartementet, vårt overordna organ, gir oss stadig nye utfordringar og oppgåver vi må løyse. Vi leitar alltid etter smarte måtar å gjere det på.
  • Du får jobbe med avanserte system og oppdatert programvare i eit fagmiljø med høg kompetanse innan IT og dokumenthandtering.
  • Du blir ein del av ein organisasjon i rask utvikling og med eit viktig samfunnsoppdrag.
  • Du vil nyte godt av at vi har lang erfaring med traineear i programmet til Framtidsfylket.
  • Vi vil at tilsette skal ha det bra på jobb og legg vekt på fleksible og sosiale kvardagar.

Som trainee i Lotteri- og stiftelsestilsynet vil du mellom anna få:

  • Spennande jobb som gir deg ein god start på karrieren
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein mentor som følger deg opp
  • Kjennskap til frivillig sektor i Norge, samt korleis pengespel og stiftelsar blir regulert
  • Godt innblikk i statleg forvaltning
  • Nettverk med andre traineear – inkludert fire samlingar og ein utlandstur

Vi held til i moderne lokale midt i Førde sentrum. Her er det trening i arbeidstida, fleksitid, felles kantine og trimrom. Du blir tilsett i august 2022 med lønn etter avtale.

Lurer du på noko? Kontakt oss:
Fagdirektør Falk Tewes svarer gjerne på spørsmål, på telefon 958 59 348 eller falk.tewes@lottstift.no

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
Lotteri- og stiftelsestilsynet Kulturbilde