Trainee: Digitalisering og velferdsteknologi Bilde

Er du opptatt av digitalisering og velferdsteknologi?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Digitalisering og velferdsteknologi Sunnfjord kommune Sunnfjord Trainee
Sunnfjord kommune Logo

Sunnfjord kommune

Hafstadvegen 42, rådhuset
6802 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Solveig M. Haugsvær
971 53 502

Søknadsfrist

3. april 2022

Du søker traineestilling hos Sunnfjord kommune, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Sunnfjord kommune ser etter ein trainee som kan bidra i omstillingsarbeidet i kommunen for å møte ei digital framtid, særleg i omsorgssektoren der digitalisering og velferdsteknologi står sentralt.

Sunnfjord kommune søker deg som:

  • Har interesse for digitalisering som ligg i skjeringspunktet mellom teknisk og helsefagleg forståing
  • Har ynskje om å bidra inn i helsesektoren for å auke kvalitet i tenestene, styrke brukarmedverknad og legge til rette for samskaping av framtidas helsetenester

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:

  • Bidra med å få teknologi til å forbedre og effektivisere tjenestetilbodet
  • Delta i ulike prosessar knytt til tenestedesign, til dømes verktøyet brukarreiser
  • Kontakt med relevante aktørar på tvers av sektor og prosjekt
  • Bidra med å oppnå gevinstrealisering av velferdsteknologi

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Høgare utdanning (minimum bachelor) innan felt som til dømes digitalisering, innovasjon og velferdsteknologi
  • Grunnleggande kunnskap om kommunale tenester og evne til å forstå samanhengar
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
  • Tek initiativ og utfordrar oss med nye idear
  • Evne til å formidle, samhandle og dokumentere
  • Å kunne kommunisere godt på norsk

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Vi kan tilby deg:

  • Kollegaer som har det kjekt på jobb, er kreative og opne for nye tankar og arbeidsmåtar
  • Nettverk med sentrale aktørar som jobbar aktivt med velferdsteknologi og digitaliseringnasjonalt og regionalt
  • Dedikert mentor som følger deg som støttespelar gjennom heile året
  • Fleksible arbeidstidsordningar med moglegheit til å styre eigen arbeidskvardag

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Traineestillinga vert løna i tråd med hovudtariffavtala ut i frå kompetanse.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.

Kontaktperson:
Solveig M. Haugsvær

Mangfaldig arbeidsmiljø

Sunnfjord kommune ønsker så langt som mogleg å spegle mangfaldet i befolkninga og ha eit mangfaldig arbeidsmiljø. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte til å søke uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn, religion, funksjonsevne, alder og seksuell orientering.

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.