Trainee: Web-developer Bilde

Har du lyst til å arbeide i eit internasjonalt og innovativt miljø?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Web-developer Highsoft AS Vik Trainee
Highsoft AS Logo

Highsoft AS

Sentrumsgata 44, 6893 Vik i Sogn, Norge
6893 Vik i Sogn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Anne Jorunn Færestad
951 919 38

Søknadsfrist

3. april 2022

Du søker traineestilling hos Highsoft AS, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Vår visjon er å gjere det lettare for alle å publisere data på web, og det vert travelt når kundar frå heile verda bankar på døra. Me ser no etter deg som er lidenskapeleg opptatt av programmering og med eigne hobbyprosjekt, som kan hjelpe oss å løfte våre produkt til eit nytt nivå. Du er ein lagspelar som trivast i eit internasjonalt og innovativt miljø, der du kan få leike med ny teknologi og ulike rammeverk.

Kva vil du gjere

  • Bidra til å få fram prosjekt frå spesifikasjon til lansering
  • Vere med å vedlikehalde våre ulike produkt og tenester
  • Bidra til å betre våre produkt basert på tilbakemeldingar frå kundar
  • Jobbe med programmeringsspråk og rammeverk som t.d. javascript, typescript, og node.js

Vi kan tilby

  • Konkurransedyktig lønn
  • Arbeidstid med fleksitid
  • Moglegheiter til å delta på kurs og konferansar
  • Avslappa arbeidsmiljø i moderne kontorlokale
  • Humørfylte kollegaer som har lidenskap for det dei driv med
  • Kort veg til fjord og fjell

Arbeidsstad er primært Vik i Sogn, med moglegheit for å besøkje kontora i Bergen og Oslo. Ta gjerne kontakt på hr@highsoft.com for meir informasjon om stillinga.

Søknadsfrist: 01.04

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.

Highsoft AS Kulturbilde