Trainee: Forvalting og prosjektleiing Bilde

Ynskjer du å drive utviklinga vidare for grøn energi, berekraft og elektrifisering?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Forvalting og prosjektleiing BKK Sunnfjord Trainee
BKK Logo

BKK

Firdavegen 5
6800 FØRDE
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Andreas Nyhagen Hole
90740081

Søknadsfrist

3. april 2022

Du søker traineestilling hos BKK, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

BKK Nett er ein del av energi- og teknologikonsernet Eviny. Med utgangspunkt i kompetansemiljøet i Sunnfjord og Ytre Sogn vil selskapet styrke sitt kompetansemiljø. Vi søker difor trainee innan forvalting og prosjektleiing.

Vi treng deg med elkraftutdanning som ynskjer å drive utviklinga vidare for grøn energi, berekraft og elektrifisering. Elektrifiseringa krev store investeringar i nytt nett samtidig som eksisterande nett er modent for utskifting. Ei god forvalting av nettet er kritisk for å sikre ei framleis låg nettleige og stabil drift.

Vi er eit av dei største nettselskapa i Noreg og leverer straum, driftar og utviklar straumnettet til kundar på Vestlandet. Stillinga vil inngå i seksjonen Forvalting og Plan med ansvar for områda i Sunnfjord og Ytre Sogn. Selskapet er i starten av ei spennande reise der vi skal løfte oss ved å ta i bruk data på nye måtar. Som trainee vil du få vere med på fleire ulike oppgåver og delta i tverrfaglege team. Skal vi lykkast med å bygge framtidas straumnett trenger vi flinke folk som kan sjå alternative løysingar og bidra til utvikling.

Kven er du som søker?

  • Du er nysgjerrig på nye løysingar og synsvinklar.
  • Du er lærevillig og setter deg raskt inn i nye verktøy og problemstillingar.
  • Du likar å jobbe tverrfagleg, er opptatt av å sjå resultat og tar initiativ.
  • Du er sjølvstendig, strukturert og analytisk, med gode kommunikasjonsevner.

Kvifor bør du velje oss?

  • Du vert ein del av eit sterkt tverrfagleg miljø som jobbar med dei nyaste teknologiane og verktøya som gir fart, læring og konkurranseevne for selskapet .
  • Som trainee på Forvalting og Plan vil du være med på å bygge framtidas straumnett.
  • Konkurransedyktige velferdsordningar og eit breidt aktivitetstilbod i konsernet.
  • Du vert ein del av Eviny-konsernet med fagleg og sosial bredde.
  • Vi har eit ungt arbeidsmiljø med mange nytilsette dei siste åra, og ulike aktivitetar og samlingar gjennom året er med på å skape et godt arbeidsmiljø.

Traineekvardagen i BKK Nett

Du vil være med på å vidareutvikle kompetansen vår innan elektrofag og digitalisering. Du vil jobbe tett i lag med eit tverrfagleg team som arbeider med analyse, drift- og vedlikehald, prosjektering og planlegging av straumnettet samt utvikling av system og digitale verktøy. Du vil få varierte oppgåver og opplæring innan ulike fagområde, og vil også få dedikerte oppgåver du skal kunne løyse. Du vil jobbe tett opp mot svært kompetente fagmiljø både internt i selskapet og eksternt mot en bransje og ein marknad i sterk utvikling.

Du vil få kontorplass i BKK Nett sine lokale i Energihuset i Førde.

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland.
  • Fagleg og personleg utvikling.
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv i vår region.
  • Traineesamlingar og ein utanlandstur saman med dei andre traineeane i ordninga.

Felles krav til alle som søkjer stilling som Trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.

Spørsmål? Ring seksjonsleiar Andreas Nyhagen Hole, tlf. 90740081 for ein hyggeleg prat. Vi gledar oss til å høyre frå deg!

BKK Kulturbilde