Trainee: IT-utviklar  Bilde

Vil du jobbe som trainee i Digdir?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: IT-utviklar Digitaliseringsdirektoratet Sogndal Trainee
Digitaliseringsdirektoratet Logo

Digitaliseringsdirektoratet

Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger, Noreg
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Jørn Stenehjem
91146279

Søknadsfrist

1. april 2022 Søk på stillinga her

Du søker direkte til Digitaliseringsdirektoratet på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Om stillinga

Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) er regjeringas fremste verktøy for raskare og samordna digitalisering av offentleg sektor. I vår avdeling har vi eit spesielt ansvar for utvikling, drift og oppfølging av nasjonale fellesløysingar og funksjonar, som mellom anna ID-porten og MinID.

Meir om ID-Porten finn du her: https://vimeo.com/571639558

I direktoratet er det eit stort utviklingsmiljø og utviklarane har eit stort spenn i arbeidsoppgåver, noko som gir gode mulegheiter for personleg utvikling. Vi legg vekt på smidig arbeidsmetodikk og effektive og hurtige leveransar. Vårt utviklingsmiljø har stor fagleg tyngde og spisskompetanse innan våre fagområde både nasjonalt og på europeisk nivå. Vi likar å vere best.

No ser vi etter ein trainee som vil bidra til utvikling av løysingar som blir brukt av dei viktigaste kundane - meg, deg og heile landets befolkning.

Arbeidsoppgåver

Du vil bli kjent med og bidra til utvikling av løysingar som blir brukt av praktisk talt alle innbyggarar, løysingar som vårt samfunn er avhengig av. Di rolle i eit av våre team vil bli definert ut frå dine kunnskapar, interesserer og våre pågåande prosjekt.

Kvalifikasjonskrav

Det er viktig at du:

  • er nysgjerrig og utforskande innan teknologi og metodikk, og evnar å sjå korleis det kan nyttast i våre løysingar
  • har kunnskap om systemutvikling i Java, gjerne Spring-rammeverket
  • har kunnskap om løysingsarkitektur
  • kjenner til smidige utviklingsprosessar
  • kan jobbe sjølvstendig og i team
  • kan presentere teknologi og løysingar i forsamlingar, også til andre enn teknologar
  • er engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Om deg

Våre tilsette er nysgjerrige og utforskande innan teknologi og metodikk, og evnar å sjå korleis det kan nyttast i våre løysingar. Det ønsker vi at du også er.

Vi tilbyr

I tillegg til spennande faglege utfordringar kombinerer vi fleksibel arbeidstid med fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø.

Med eit ungdommeleg studentmiljø og mange spennande fritidstilbod er Sogn ein attraktiv stad å bu.

Vi kan tilby deg:

  • løn i spennet kr 454 200 - kr 534 400 etter kvalifikasjonar
  • gode forsikrings- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • eit godt sosialt miljø med dedikerte kollegaar, treningsrom og høve til trening i arbeidstida. Sjå gjerne kva Ellen er oppteken av i si fritid: https://vimeo.com/389980853
  • spennande arbeidsoppgåver med stort potensiale for personleg utvikling

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre trainear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.