BKK

BKK

Firdavegen 5
6800 FØRDE

https://www.bkk.no/

Tony.Kiil@bkk.no

Kontakt

577 22 300

Om oss

BKK er det største selskapet for fornybar energi på Vestlandet, og vi skal ta ei aktiv rolle i utforminga av framtidas energisystem. I overgangen frå eit fossilt samfunn til eit fornybart har vi ei nøkkelrolle med vår fleksible og fornybare vasskraft, ein effektiv infrastruktur og kunderetta digitale løysingar.

Samtidig må vi ta i bruk ny teknologi, innovasjon og digitalisering for å kunne konkurrere med alternative energiformer. BKK vil bidra til grøn omstilling i stadig fleire bransjar, så raskt som mogleg. Våre aktivitetar fremjar fleire av FN sine berekraftsmål innan energi, infrastruktur, berekraftige byar og samfunn og ikkje minst klimautfordringa. Vi skal bidra til løysingar på dei største utfordringane i verda, og det skal vi kombinere med ny og lønsam forretning.

Vi er eit vestlandsselskap med om lag 1300 tilsette frå Haugesund til Ålesund. Vår oppgåve er mellom anna å utvikle, byggje og halde i gang den samfunnsmotoren vi kallar infrastruktur – sjølve ryggrada i energisystemet vårt. Det som gjer at vi kan bu, jobbe, gå på skule eller trening og bevega oss trygt i opplyste gater i vintermørket. Til saman har vi nesten ein kvart million nettkundar, og så mange som sju av ti store bedrifter brukar våre telekomløysingar. Vi produserer vasskraft som vi omset på den nordiske kraftbørsen. Vi tilbyr internett, fjernvarme og entreprenørtenester, og vi har ein ambisjon om å vera størst i Noreg på elektrifisering. Vi var tidleg ute med ladeløysingar for bilar, og no gjer vi det same for skipsfarten. Vi investerer også i oppstartsselskap som kan bidra til den grøne omstillinga der straum erstattar fossil energi i transport og industri.

Det beste med å jobbe med oss

Vi lever av og for Vestlandet og byggjer arbeidsplassar i heile regionen. Du vil møta eit inspirerande fagmiljø anten du jobbar i Førde, Solund, Bergen eller ved andre av våre mange lokasjonar.

BKK Kulturbilde

Ledige stillingar

Type Stilling Stad Tilsettingsform Publiseringsdato
Cloud Engineer Fulltid 27-02-2024