Karrieremesse mingling

Nyheiter

Klar for å Ta Steget til Vestland?

13. februar kan du bli kjend med bedrifter frå ulike bransjar i heile Vestland. Les meir om karriretalks og sjekk ut kven du kan møte i Grieghallen her ⬇️

Vi høyrer stadig om ei verd i endring, utfordringar vi står ovanfor vert stadig meir synlege. Vi må ta vare på jorda vår og dei levande individa annleis enn vi har gjort før.

Akkurat dette har vi sett på agenda på Ta steget. Vi inviterer deg til tre Karriere-TALKS, der vi utfordrar ulike organisasjoner på korleis dei jobbe med viktige problemstillingar innan sin bransje.

📣Morgondagens helsearbeider

Teknologi tek stadig større plass i alle yrker - Helsesektoren intet unntak, og vi spør oss- korleis ser framtidas helsearbeider ut? Korleis møter vi desse endringane i framtidsfylket vårt, og kva skjer egentlig innan helseinnovasjon i regionen vi er så stolte av? Sigrid i Kunnskapsparken Vestland og Astri i Sunnfjord Utvikling AS har med seg skikkeleg bra folk på scena

📣Grøn omstilling - er Vestland ei ledestjerne eller sit vi på gjerdet?

Vestland er fylket med høgast utslepp i Norge. Korleis jobbar fylket, bedrifter og industrien for å lykkast med omstillinga, kva jobbmoglegheiter finnast ?- Tiril Amalie Johnsen, trainee i Grøn region Vestland vil i lag med endå fleire bra folk frå Årdal og Bømlo gje deg svaret på dette.

📣Korleis kan samarbeid være løysinga på eit bærekraftig havrom?

Næringslivet i Vestland vert peika på som ei sentral kraft innan grøn omstilling . De møter Hub for Ocean i lag med nye bra folk innan den blå næringa som gjennom berekraftsarbeid og samskaping i nye verdikjeder skaper nye moglegheiter.

Desse møter du i Grieghallen

Sist oppdatert 13.02.24

Nysgjerrig på messa? Her finn du stemningsrapporten frå i fjor⬇️

Manglar din arbeidsgivar i ovesikta?
Då kan du finne meir info og lenke til registrering her ⬇️

Bedriftsstand karrieremesse 2024

Fleire saker