Lotteri- og stiftelsestilsynet Hovedbilde
Lotteri- og stiftelsestilsynet

Lotteri- og stiftelsestilsynet

Postboks 800

http://lottstift.no

marie.havnen@lottstift.no

Kontakt

Lotteri- og stiftelsestilsynet

postmottak@lottstift.no

578 28 000

Om oss

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal vere eit av samfunnets viktigaste verkemiddel for å sikre ansvarlege pengespel, sterk frivilligheit og trygge stiftelsar i Norge. Lotteri- og stiftelsestilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet og har sidan oppstarten i 2001 halde til i Førde i Sunnfjord.

Lotteritilsynet fører tilsyn og kontroll med dei statlege pengespela for å sikre at dei held seg innanfor rammene som gjeld for ansvarlege pengespel. Vi jobbar også for å sikre at aktørar som driv ulovleg, ikkje skal få fotfeste. Vi arbeider med å hindre kampfiksing og manipulering av idrettskonkurransar, og vi følger opp kvitvaskingslova på lotteri- og pengespelfeltet.

Stiftelsestilsynet skal blant anna sikre at norske stiftelsar driv lovleg og i tråd med formålet, men også bidra til at stiftelsar er ein attraktiv måte å utvikle samfunnet på. Vi rettleiar og fører tilsyn med norske stiftelsar. Dessutan jobbar vi med å dele kunnskap om rolla stiftelsar spelar i det norske samfunnet.


Les 10 gode grunnar til å jobbe i Lotteri og stiftelsestilsynet.

Det beste med å jobbe med oss

Hos oss er det fint å jobbe. Vi tek godt vare på våre tilsette, og ønsker at dei skal trivast. Vi har gode ordningar med fleksitid, trening i arbeidstida, kantineordning og moglegheit for heimekontor.

I Lotteri- og stiftelsestilsynet jobbar det ei god blanding av nytilsette og gamle travarar, tilflyttarar og folk som kjem frå området. Det skapar ein god dynamikk, og ikkje minst bidreg det til at vi lærer mykje av kvarandre.

Vi har treningsrom i bygget, og treningstimar for våre tilsette på Puls. I tillegg sørger Velferdskomiteen for quizar, lønningspils og bowling både i, og utanfor arbeidstida. Velkommen til oss!

Lotteri- og stiftelsestilsynet Kulturbilde

Ledige stillingar