Highsoft AS Hovedbilde
Highsoft AS

Highsoft AS

Sentrumsgata 44, 6893 Vik i Sogn, Norge

http://www.highcharts.com

hr@highsoft.com

Kontakt

Anne Jorunn Fjærestad

hr@highsoft.com

951 91 938

Om oss

Highsoft er den verdsleiande leverandøren av JavaScript-biblioteket Highcharts – eit verktøy for interaktive og tilgjengelege datavisualiseringar på web. Løysinga vår blir brukt av utviklarar over heile verda, og Highcharts blir brukt av 80 av dei 100 største selskapa i verda.

Vi utviklar og vidareutviklar eit produkt i verdsklasse som gjer komplekse data enkle å forstå. Stabilitet, kvalitet og god dokumentasjon er heilt avgjerande for oss – det er slik vi held posisjonen vår i eit globalt marknad.

I dag er vi over 50 tilsette fordelt på Vik, Sogndal og Bergen, i tett samarbeid med teamet vårt i Krakow.

Det beste med å jobbe med oss

Hjå oss møter du dyktige folk som både kan faget sitt og heiar på kvarandre. Vi har lite jåleri og mykje tillit. Du får ansvar, påverknad og rom til å prøve – utan at nokon pustar deg i nakken.

Vi kombinerer høg fagleg standard med eit uformelt miljø der det er lov å stille spørsmål, vere nysgjerrig og tenke nytt. Nokre jobbar frå Vik mellom fjord og fjell, andre frå Bergen, Oslo eller heimekontor – men vi held tett kontakt og samlast jamleg.

Kort sagt: Vi byggjer verdsleiande teknologi, men vi gjer det på ein jordnær måte. Og vi har det kjekt på jobb!

Highsoft AS Kulturbilde

Ledige stillingar

Type Stilling Stad Tilsettingsform Publiseringsdato
Trainee: Webutviklar Trainee 20-03-2026