Elise Kvale

Nyheiter

– Det er på tide å utvide jobbsøket

Elise Kvale (30) vaks opp midt i Bergen sentrum med ambisjonar om Stortinget. Livserfaring har vendt ho mot ein karriere i distriktet.

Blikket flakkar når Elise Kvale går inn dørene på Framtidsfylket si karrieremesse i Grieghallen. Dette er noko ho har tenkt på lenge, og endeleg skal ho ta første steget mot det ho håpar kan blir ein jobb i distriktet.

– Det var ikkje aktuelt for nokre år sidan, seier ho og ler.

– Men no har eg bestemt meg. Det er på tide å sjekke ut arbeidslivet i distriktet.

Urban oppvekst

Elise vaks opp på Nordnes i Bergen, og har budd fleire år i både England og Oslo. Ho innrømmer at ho har tenkt smalt når det kjem til karriere, og å jobbe i ein storby var alltid målet.

– Helst ville eg ende opp på Stortinget. Planen var å bli politikar.

Vegen blir til medan ein går, og for Elise vart både utdanning og jobbreisa annleis enn ho såg for seg.

– CV-en min er ikkje heilt A4. Litt kronglete, kan ein seie, men innhaldsrik.

Utvidar jobbsøket

No jobbar ho som politisk rådgivar, men vikariatet går snart ut. Jobbjakta er derfor intensivert.

– Det er ikkje lett å få ein relevant jobb. Eg har alltid tenkt at Bergen eller Oslo var plassen å søke jobb, men no tenker eg at eg skal utvide søket og prøve noko heilt anna. Eg er veldig open for distriktet, og litt forundra over at eg ikkje har tenkt på det før.

Ho har oppdaga at det opnar seg moglegheiter om ein utvidar søket sitt.

– Snakk om openbaring! Det finst mange gode moglegheiter i distriktet, og eg har innsett at eg kan gå glipp av gode jobbar om eg ikkje tenker breiare. At Vestlandet har vakker natur har eg alltid visst, men at eg også kan bu og jobbe midt i det, det er noko som har gått opp for meg først no.

Framtidsfylket messe

Elise Kvale fekk eit heilt nytt inntrykk av bedriftene då ho besøkte dei på stand.

Googla seg til messe

Og korleis hamna ho her, på Framtidsfylket si karrieremesse?

– Det var fordi eg googla trainee og Vestlandet og fekk opp Framtidsfylket sitt traineeprogram. Det var då eg tok valet om å besøke messa og oppsøke interessante bedrifter.

Og messebesøket har gitt resultat:

Status: jobbsøkar

– Inntrykket er veldig godt, og dette er ein heilt annan måte å bli kjent med bedrifter på. Det er mange bedrifter her eg typisk hadde scrolla forbi på internett, men etter ein prat forstår eg at dei er relevante for meg.

Etter kveldens karrieremesse går Elise ut dørene med nye impulsar og utvida perspektiv.

– No skal eg heim og skrive søknadar, ler ho. Det er på tide å tenke nytt, utvide horisonten og teste arbeidslivet i distriktet. Altså, kvifor ikkje?

Om du vart nysgjerrig på den kronglete CV-en til Elise, kan vi røpe at på den finst det både ein bachelor i internasjonale relasjonar, årsstudium i administrasjon og organisasjonsvitskap og vidareutdanning i PPU, som kvalifiserer ho til lærar i samfunnsfag og filosofi.