Bli med på Vestlandet sitt viktigaste treffpunkt mellom arbeidsgivar og arbeidssøkar. Sikre deg standplass på Framtidsfylket sine karrieremesser.
Påmeldinga for bedrifter til karrieremessa i Grieghallen 11. februar 2026 er open!

Bli med på Framtidsfylket karrieremesse i Bergen onsdag 11. februar 2026.
Stad: Grieghallen
Messa er open for publikum: 10.30-16.00.
Opprigg for bedrift: 08-09.30.
Foredrag for bedrifter: 09.45-10.15. Petter Gulli: Ei framtid å glede seg til. (Les meir om foredraget lenger nede)
Vi tilbyr 25 bedrifter å møte inntil 5 jobbkandidatar som har valt DEG for ei jobbsamtale. Her er det førstemann til mølla, så meld deg på raskt. Slik fungerer karrierecupen:
Karrierecupen tilbyr vi i første omgang til deg som bestiller stor stand.
Verda kan kjennest overveldande. Kriser, konflikter og negative overskrifter gjer det lett å gløyme alt som faktisk går framover, og kor mykje som blir skapt gjennom gode idear og godt samarbeid, ikkje minst her på Vestlandet.
Når de snart skal møte studentar som vurderer jobb og framtid ute i distrikta, handlar deg om å formidle tru, moglegheiter og retning.
Petter Gulli viser oss eit anna bilete av framtida enn det vi møter til dagleg, og løftar fram utviklingstrekk som gir grunn til optimisme. Sjå fram til eit engasjerande foredrag fullt av døme på innovasjonar, samarbeid og bærekraftige løysingar som blir skapte i Vestland akkurat no, og som viser kva som er mogleg når vi tenker nytt!
Tid og stad: 09.45-10.15, Grieghallen
I år samarbeider vi med Messeselskapet for bestilling av stand og messeutstyr.
I Grieghallen vil de i utgangspunktet stå saman med den regionen de høyrer til. Fylkesdekkande aktørar blir plassert der det passar seg best.
Liten stand: Medlem: Kr 15.000,-/ Ikkje medlem: 20.000,- eks mva
Plass til to roll-ups og inntil to personar på stand. Du får: 1 Barkrakk, 1 ståbord, straum, bordskilt, lunsj, foredrag
Stor stand: Medlem: Kr 25.000,-/ Ikkje medlem: 30.000,- eks mva
Plass til stor messevegg og inntil fire personar på stand. Du får: 2 barkrakk, 1 ståbord, straum, bordskilt, skjerm, lunsj, foredrag og høve til å delta på møtecup.
Vi gler oss til å sjå deg i Grieghallen 11. februar!
Medlemsbedriftene våre får ekstra gode prisar på standplass, i tillegg til ei rekke andre fordelar.
Les meir og opprett bedriftsprofil