NAV Økonomiteneste Hovedbilde
NAV Økonomiteneste

NAV Økonomiteneste

Sognefjordvegen 56

nav.okonomiteneste@nav.no

Kontakt

Linn Sofie Ugulen (Kommunikasjonsrådgjevar)

linn.sofie.stavn.ugulen@nav.no

95023101

Om oss

Du fann oss! Sjå våre ledige stillingar nedst på sida.

Eit godt stykke inn i Sognefjorden, i den vesle bygda Leikanger, finn du oss som server resten av NAV med økonomitenester. Vi skal vere ei god støtte på økonomiområdet for kollegaene i heile NAV. Når vi løyser oppgåvene våre effektivt bidreg vi med å frigjere tid til kjerneoppgåvene i NAV – å bidra til sosial og økonomisk tryggleik, og fremje overgang til arbeid og aktivitet.

NAV sitt rekneskap utgjer 1/3 av statsbudsjettet, og vi har ei viktig rolle for å sikre god kvalitet på rekneskapen. I den daglege drifta jobbar vi for å sikre rett utbetaling til rett tid - til tilsette i NAV, til leverandørar og til privatpersonar som mottek stønad frå NAV. Samstundes jobbar vi med forbetring og effektivisering ved m.a. å vere sterkt representert i utviklingsarbeidet i NAV.

Vi brukar òg mykje krefter på å vere gode rettleiarar og fagekspertar internt i NAV. Vi produserer sjølv opplæringsmateriell og informasjon i mange ulike former, som vi gjer tilgjengeleg i ulike interne kanalar for å hjelpe flest mogleg av våre kollegaer i NAV med sine problemstillingar. I tillegg både ringer og melder dei inn saker skriftleg når dei har behov for meir direkte hjelp.

Det flotte NAV-bygget på Leikanger deler vi med tilsette på NAV Sogndal, NAV Vestland, NAV Kontaktsenter og NAV sitt webinarsenter. På NAV Økonomiteneste er vi 95 tilsette fordelt på 3 seksjonar:

  • Lønn
  • Innkjøp, betaling og rekneskap
  • Fagstøtte

Det beste med å jobbe med oss

Vi har gode fleksitidordningar, og gode moglegheiter for ein hybrid arbeidskvardag (med ein kombinasjon av fysisk arbeidsplass og bruk av heimekontor). Som arbeidsgjevar ynskjer vi at arbeidskvardagen skal vere prega av gjensidig fleksibilitet, forutsigbarheit, forplikting og fellesskap.

Som nytilsett hjå oss får du ein «buddy» som følgjer deg ekstra opp den første tida. NAV har gode rammer og planar for korleis vi skal ta imot deg som nytilsett; mellom anna eit heilt eige «Ny i NAV»-program, slik at du blir litt kjend med NAV i stort heilt frå starten.

Vi har eit godt kollegafellesskap som treffast både i kantina, ved kaffimaskina, på Teams og for å gå ein fjelltur saman i «trimtimen» vår. Saman med resten av NAV-bygget har vi NAV Idrettslag (NAVIL) som har felles trening, arrangement og er med på turneringar. Gjengen på NAV Økonomiteneste held eit høgt tempo, i eit fagleg sterkt miljø og bidreg inn i store prosjekt i NAV. At vi frå bygda Leikanger kan utgjere ein så viktig funksjon i NAV er særs motiverande. Vi er definitivt med på det som skjer i NAV – og det er ein stor fordel at jobben så lett kan kombinerast med aktivt frilufts- og familieliv ved Sognefjorden. Samlinga av store, statlege og spennande arbeidsplassar gjer miljøet i bygda unikt.

NAV Økonomiteneste Kulturbilde

Ledige stillingar

Type Stilling Stad Tilsettingsform Publiseringsdato
Vi søker RPA-utvikler til å forme fremtidens økonomiprosesser Fulltid 25-03-2024