Kinn kommune Hovedbilde
Kinn kommune

Kinn kommune

Postboks 294

http://www.kinn.kommune.no

post@kinn.kommune.no

Kontakt

Kinn kommune

post@kinn.kommune.no

57756000

Om oss

Kinn kommune er ein kommune i Vestland fylke med om lag 17.500 innbyggarar. Kommunen har delt kommunesenter, der administrasjonen er fordelt på Måløy og Florø. Vi har om lag 1600 tilsette, og er ein av dei største arbeidsgjevarane i kommunen.

Kinn er ein flott kystkommune kor du kan leve urbant i byane Florø og Måløy, eller bu ved naturkreftene heilt ute i havgapet. Med isbreèn i aust, flotte sandstrender i vest, så er Kinn kommune ein variert og mangfaldig kommune.

Kinn har gode skular, barnehagar og ikkje minst fritidstilbod for folk i alle aldrar. Kulturlivet er variert både for den som vil oppleve kultur og den som vil utøve kultur.

I vår varierte kommune er det god plass til alle og vi gjer det vi kan for at både fastbuande og tilflyttarar skal trivast hos oss. Ta kontakt og vi vil prøve å hjelpe deg uansett kva det måtte vere.

Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.200 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1600 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.

Velkommen til Kinn kommune!

Kinn kommune Kulturbilde

Ledige stillingar