Bli synleg for arbeidstakaren

Vil du ha fleire og betre søknadar til ledige stillingar? Vil du vise fram kva som gjer bedrifta di til ein attraktiv arbeidsplass? Vil du nå ut til jobbsøkarar som er interesserte i karriere i Vestland? Då bør du bruke Framtidsfylket sine tenester.

Missing caption

Våre tenester

Framtidsfylket tilbyr verktøy og tenester som gjer deg synleg for potensielle kandidatar. Vi veit at det kan vere vanskeleg å konkurrere med større byar og miljø når det gjeld å tiltrekke seg talent. Men vi veit også at Distrikts-Vestland har ein av Noregs mest spennande og varierte arbeidsmarknadar. Vi vil at fleire skal oppdage dei moglegheitene som er her – og vi vil hjelpe deg med å formidle dei.

Ved å ta i bruk Framtidsfylket sine tenester når du eit publikum som er interessert i Vestlandslivet, og mange av dei er jobbkandidatar som let seg freiste av spennande miljø og kule arbeidsplassar i kanalane våre.

Her er nokre av tenestene vi tilbyr:

Medlemskap:

Som medlem får du ei eiga side der du kan presentere bedrifta di for framtidige tilsette med tekst, bilete og video. Inkludert i medlemskapet er tilgang til vår portal for ledig stilling, ein enkel CV-database, rådgjeving i rekrutteringskommunikasjon, tilgang til traineeordninga, samt gode prisar på karrieremesser og kurs arrangert av Framtidsfylket.

Les meir og bli medlem her.

Karrieremesse:

Kvart år arrangerer vi karrieremesser der du kan møte framtidige jobbkandidatar ansikt til ansikt. Saman med resten av næringslivet i fylket viser vi fram ein attraktiv arbeidsregion med mange moglegheiter. Dette er ein unik sjanse til å knytte kontakt med talentfulle folk som vil jobbe i Vestland.

Les meir om karrieremesse her.

Traineeprogram:

Som traineebedrift er du med i Framtidsfylket sitt traineeprogram og tilbyr ein nyutdanna sjansen til å få verdifull erfaring. Til gjengjeld får du ein motivert kandidat med fersk kompetanse og friske tankar. Til no har vi rekruttert 270 trainear til fylket, der to av tre framleis bur og jobbar her.

Les meir om å vere traineebedrift her.

Tips oss!

Vi elskar å fortelje historiene frå Vestlandslivet som inspirerer til å bu og jobbe her. Vi vil gjerne skrive om det som skjer i bedrifta di – både folka som jobbar der og dei gode historiene. Har du noko på hjartet som du vil dele med oss? Tips oss gjerne!

Send inn ditt tips her.

Missing caption

Vi gjer arbeidsliv i Vestland kjent!

Framtidsfylket jobbar for å rekruttere og behalde kompetanse og arbeidskraft i Vestland. Har du spørsmål, gode innspel eller berre lyst på ein hyggeleg prat? Kontakt oss gjerne!

Missing caption
Arbeidsliv Våre beste tips til deg som skal gjennomføre jobbintervju

De har lese CV-ar, vurdert motivasjon og valt ut kven de ønskjer å gå vidare med. No kjem den kanskje viktigaste delen av tilsetjingsprosessen: intervjuet. Vi gir deg nokre tips på vegen.

Missing caption
Nyheiter Ivrige jobbsøkarar på messe i Bergen

Bergen bada i februarsol då bedrifter i Vestland tok imot nærare 700 studentar og jobbsøkarar som ville vite meir om jobb i fylket.

Missing caption
Nyheiter Her er årets traineekull

23 nye ansikt er på plass i bedrifter i Vestland. Bli kjend med dei her.

Missing caption
Arbeidsliv Kampen om kompetansen

Distrikts-Vestland snakkar om hjerneflukt, Bergen snakkar om hjerneflukt og Oslo snakkar om hjerneflukt. Vi er ikkje nok folk. Kva gjer vi då?

Missing caption
Nyheiter Våre beste tips for stillingsannonsen

Om du brukar litt meir tid og krefter på stillingsannonsen, kan vi garantere at fleire blir nysgjerrig på å jobbe hos deg.

Missing caption
Arbeidsliv Våre beste tips for stillingsannonsen – del 2

Du har skrive tidenes stillingsannonse og er klar for å dele den med omverda. Men korleis får du merksemda til søkarane?

Missing caption
Arbeidsliv Vi må hugse å fri til tilflyttaren, ikkje berre heimflyttaren

Om du som arbeidsgjevar fyrst og fremst ynskjer at folk skal kome heim, er ikkje det eigentleg diskriminering?

Missing caption
Arbeidsliv I sommar bør du tilsette ein Endre

Det kan virke fjernt å tenke på sommarvikarar no, men som med alt anna som gjeld rekruttering, er det lurt å tenke langsiktig.

Missing caption
Om oss

Framtidsfylket jobbar for å skape møtepunkt mellom arbeidsgivarar i Vestland og arbeidstakarar, der målet er at nye arbeidsforhold oppstår.

Missing caption
Arbeidsliv – Vi når fleire når vi samarbeider

Samarbeid var eit viktig stikkord då attraktive bedrifter frå distriktet møtte studentar på Framtidsfylket si karrieremesse i Trondheim.

Missing caption
Arbeidsliv – Traineeane kjem inn med engasjement, driv og nye perspektiv

SIMAS var så fornøgde med sitt første år som traineebedrift at dei følger opp suksessen med eit nytt år.

Missing caption
Arbeidsliv Samarbeider om ny konferanse

Korleis får vi tak i dei og korleis får vi dei til å bli? Det vil den splitter nye rekrutteringskonferansen FOLKA fortelje deg.