
De har lese CV-ar, vurdert motivasjon og valt ut kven de ønskjer å gå vidare med. No kjem den kanskje viktigaste delen av tilsetjingsprosessen: intervjuet. Vi gir deg nokre tips på vegen.
Det viktigaste først: Hugs at de er to som skal ta eit val.
Eit intervju handlar om to partar som vurderer kvarandre. Det er her de får sjansen til å bli verkeleg kjent med mennesket bak papira, men det er også her kandidaten får sitt tydelegaste inntrykk av dykk som arbeidsplass og kollegaer.
Korleis kandidaten blir møtt, kor godt førebudd de er og kor tydeleg de kommuniserer, påverkar om rett person ønskjer å bli ein del av laget dykkar.
Her har vi samla nokre gode råd til intervjuprosessen, basert på beste praksis frå organisasjonspsykologi og HR-faget:
Dei aller fleste vil oppleve at intervjuet blir betre når ein har gjort nokre enkle førebuingar:
Dei fleste av oss blir påverka av førsteinntrykk og umedvitne tankemønster. Slik er det berre. Men å vere klar over det er eit godt utgangspunkt.
Til dømes kan vi umedvite:
Ein kort pause mellom intervju og ei bevisst «nullstilling» kan bidra til at kvar kandidat blir vurdert på eigne premissar.

Eit godt intervju kjenneteiknast av at kandidaten får rom til å snakke og utdjupe. Opne spørsmål og aktive pausar kan gir som regel meir nyansert informasjon enn ja/nei-spørsmål.
Det også alltid lurt å notere stikkord undervegs. Hukommelsen er ikkje alltid like presis, særleg når du møter fleire kandidatar på same dag.
Å setje av tid til kandidaten sine spørsmål på slutten gir både nyttig innsikt og bidreg til ei god oppleving av prosessen.
Du gjer deg sjølv ei stor teneste om du skriv ned ei kort vurdering medan inntrykka framleis er ferske. Ta då først og fremst utgangspunkt i dei kriteria de vart einige om på førehand.
Dersom fleire deltek i prosessen, be alle om å skrive ned si individuelle vurdering før de tek ein felles diskusjon. Slik sikrar du at fleire perspektiv kjem fram.
Eit profesjonelt og strukturert intervju aukar sjansen for rett tilsetjing. Ikkje minst gir det kandidaten ei god oppleving og eit godt inntrykk av deg som arbeidsgivar.
Jo meir systematisk du er, jo betre avgjersler tar du.
Og hugs:
De er to som tek eit val.
Ønskjer du ein meir detaljert tips-guide? Ta gjerne kontakt. Lukke til med intervjuprosessen!