Om Framtidsfylket

Dette er Framtidsfylket

Framtidsfylket jobbar for å skape møtepunkt mellom arbeidsgivarar i Vestland og arbeidstakarar, der målet er at nye arbeidsforhold oppstår.

Vestland har eit variert og innovativt arbeidsmarknad som Framtidsfylket skal auke kjennskapen til. Dette gjer vi:

  • Fortel om arbeidsliv, næringsliv og gründerliv i Vestland
  • Tilbyr eit av Noregs mest attraktive traineeprogram
  • Portal for ledig stilling
  • Karrieredagar, karrierefestival og andre karrierearrangement
  • Kompetanseheving innanfor ulike rekrutteringstema
  • Rekrutteringskonferanse
  • Rådgjeving innan rekrutteringskommunikasjon

Berekraft + Framtidsfylket = sant

Framtidsfylket har prioritert følgjande berekraftsmål:

  • Berekraftsmål nr 8: Anstendig arbeid og økonomisk vekst
  • Berekraftsmål nr 10: Mindre ulikheit
  • Berekraftsmål nr 11: Berekraftige byar og lokalsamfunn
  • Berekraftsmål nr 17: Samarbeid for å nå måla

Framtidsfylket skal vere ein samarbeidspart i rekrutteringsaktivitetar i heile Vestland for å auke kunnskap om rekruttering og rekrutteringskommunikasjon, men også bidra til at arbeidsgivarar i Vestland får tak nødvendig arbeidskraft for å delta i det grøne skiftet. Dette vil bidra i arbeidet med å skape anstendig arbeid og økonomisk vekst i tråd med mål nr 8, og å nå berekraftsmål nr 11: Berekraftige byar og lokalsamfunn, minske ulikheit i tråd med berekraftmål nr 10, samt auke samarbeid på tvers av heile Vestland i tråd med berekraftsmål nr 17: Samarbeid for å nå måla.

  • Delmål nr 5.5: «Sikre kvinner fullstendig og reell deltaking og like moglegheiter til ledande stillingar på alle nivå der slutningar tas, i det politiske, det økonomiske og det offentlege liv».

Framtidsfylket er samarbeidspartner i Styrekandidat Vest, som skal bidra til å kople potensielle styremedlemmer med styrer, der målet blant anna er å auke kvinneandelen i styrer.

Kvifor blei Framtidsfylket til?

Framtidsfylket er eit resultat av fleire initiativ frå arbeidstakarar i Vestland som saman ønska å satsa på rekruttering av fersk kompetanse til regionen. Framtidsfylket AS blei oppretta tilbake i 2009, og har 36 verksemder frå både privat og offentleg sektor som eigarar. Eigarane tar ikkje ut utbytte, og all forteneste går til drift.

Hovudmålsettinga er at Framtidsfylket skal bidra til vekst og verdiskaping i Vestland gjennom rekruttering av kompetanse og arbeidskraft.