23 nye ansikt er på plass i bedrifter i Vestland. Bli kjend med dei her.
Årets traineekull har lagt bak seg alle første samling i nydeleg haustver på Jølstraholmen. Der fekk dei møte kvarandre, men også sjansen til å bli betre kjend med mentoren sin. I årets kull finn du dialekter frå blant anna Sandefjord, Trondheim, Vestnes og Asker. 65% av årets traineekull har nemleg vakse opp ein annan stad enn Vestland.
Byen som har rekruttert desidert flest av årets 23 traineear, er Florø. Åtte unge, nyutdanna startar i år arbeidslivet i kystbyen. Nokre av dei har vakse opp der, medan storparten aldri har vore der før.
Regionsmessig er det Sunnfjord som stikk av med flest traineear. Det er tilsett til saman tretten personar i Førde og Florø, medan Sogn har tre, Hardanger har tre og Nordfjord to.
Ønsk dei nye innbyggarane varmt velkommen!
Lauritz Isaksen (31) frå Porsgrunn har Master i sosialantropologi og Master i international environmental studies. Han er trainee i Fjord Base Holding AS og skal jobbe med berekraft.
– Etter master nummer to ønska eg å utvikle meg vidare i jobbsamanheng, med ein "mjuk" overgang frå studieliv til næringsliv.
Lauritz forventar at Florø er ein open, imøtekommande og hyggeleg by, med kort veg til kjekke kulturopplevingar, folk og vakker natur.
– Det har blitt innfridd i løpet av mine første veker i byen! I tillegg håpar eg at vi som er traineear i byen kan samlast og dele opplevingar. Eg har tatt med meg kjæreste og hund til Florø, og vi er glade i naturopplevingar, både til fots og med ski på beina. Det trur eg det blir meir av her.
Lauritz er ein utolmodig type.
– Eg har tidleg lyst til å vise "kva eg er god for" og hive meg inn i arbeidet. Samtidig er det viktig å ta seg tid og minne meg sjølv på at eg ikkje skal kunne alt frå start.
Funfact: I tillegg til sin faste jobb på Fjord Base, er Lauritz også musikar og spelar piano i bandet Vilnes.
Lotte Becher (26) frå Svelvik har bachelor i statsvitenskap og master i endringsledelse. Ho er trainee i Fjord1 og skal jobbe med HMS og berekraft.
– Å vere trainee gir ein unik sjanse til å bygge erfaring i trygge rammer, samtidig som det er forventning om at du skal lære og utvikle deg. For meg er dette en ideell måte å bygge kompetanse og få innsikt i eit fagområde eg ønsker å bygge karriere i.
Ho ser fram til å bli kjent med Florø og utforske turar og bli kjent med nye menneske:
– Eg har blant anna deltatt på kjekke arrangement med Flora u40.
– Kva har vore det største sjokket i overgangen frå studieliv til arbeidsliv?
– Kor mykje som foregår på ei og same tid.
Funfact: Lotte har hindra at det oppstod brann i eit hus.
Robert A. Furulund (29) frå Oslo har master i rettsvitskap og skal jobba med sakshandsaming og rådgjeving hjå Statsforvaltaren i Vestland i Førde.
– Eg ønsker brei erfaring, eit godt nettverk, god personleg og fagleg oppfylging og ei bratt læringskurve.
Som ny i Førde har han nokre forventningar:
– Eg forventar eit hyggeleg og inkluderande lokalsamfunn, mykje og skiftande vêr og ikkje minst storslegen natur.
Når Robert ikkje er på jobb, spelar han fotball, les faktabøker og bakar kanelsnurrar. På spørsmål om kva som har vore det største sjokket i overgangen frå studieliv til arbeidsliv, svarar han dette:
– Den brå endringa frå akademisk fridom og fleksibilitet til ein fast, strukturert kvardag med ansvar og konkrete forventingar.
Funfact: Robert har stålkontroll på reglane i cricket, rugby og snooker.
Siri Norstrand Eielsen (30) frå Fanøy har bachelor i informasjonsteknologi og skal vere trainee i Fjord1.
– Som trainee får eg sjansen til å utforske og lære innan mitt fagområde, IT.
Sidan Siri er frå ei øy utanfor Florø, veit ho kva byen byr på. Når ho ikkje er på jobb, likar ho å vere kreativ med alt frå handarbeid til 3D printing og digital design.
På spørsmål om korleis overgangen frå student til trainee har vore, har ho lite å melde:
– Har ikkje opplevd noko sjokk enda.
Funfact: Mi første inntekt var å ta betalt kvar gong onkelen min brukte banneord. Var god business heilt til han slutta å bruke dei.
Ola Rasmussen (24) frå Trondheim har mastregrad i matematiske fag med spesialisering i statistikk. Han er trainee i Sparebank 1 Sogn og Fjordane, der han skal jobbe med likviditets- og marknadsrisiko.
Grunnen til at han søkte traineeprogrammet i Vestland, var av den enkle grunn at han ville oppdage ein ny stad:
– Eg vil bli kjent med folk i ein by eg aldri har vore i før.
Fritida går med til buldring, trening, fjellturar, gaming og å sjå film – gjerne med Mads Mikkelsen i hovudrolla, som han oppgir at han elskar.
På spørsmål om kva det største jobbsjokket var, svarar han dette:
– At mykje du har lært på studiet ikkje er nyttig.
Mikkel Folkedal Aksdal (26) frå Bergen har master i medier og kommunikasjon og bachelor i informasjonsvitskap. Han har fått traineestilling i Norec si kommunikasjonsavdeling.
– Eg ser på stillinga som ein sjanse til å teste ut arbeidslivet og ein heilt ny stad!
Mikkel er glad i å lese bøker og vise film frå filmrull, men også å halde seg i form og gå fjellturar.
– Eg ser fram til å utforske fjell og natur i Førde.
Som ny i arbeidslivet har det blitt ekstra mykje av ein svart, varm drikk:
– Eg drikk ekstremt mykje meir kaffi no enn då eg var student.
Helene Hillestad (26) frå Larvik er utdanna sivilingeniør i industriell kjemi og bioteknologi ved NTNU i Trondheim. Ho er trainee i Cargill i Florø.
– Eg jobbar i prosessavdelinga hos Cargill i Florø, ein leiande produsent av fiskefôr. Her jobbar eg blant anna med reseptformulering.
Ein av grunnane til at ho ville vere trainee, er tett oppfølging og fagleg støtte frå ein mentor i bedrifta.
– I tillegg såg eg det som ein unik sjanse til å utforske arbeidslivet i regionen og bygge nettverk.
Helene ser fram til å bli betre kjend med Florø og til å utforske den vakre vestlandsnaturen i området.
– Samtidig er eg førebudd på mykje regn – men det gjer nok at eg set ekstra stor pris på dei dagane sola faktisk tittar fram.
Helene er glad i å sjå seriar, høyre på musikk og sy, og har ein kort skodespelarkarriere bak seg:
– Då eg gikk på folkehøgskule i Ulsteinvik, var eg statist under innspelinga av Heimebane sesong 2.
Vanja Strand (30) frå Askøy tek med seg ein PhD i Moderne slaveri i forsyningskjedar når ho startar som trainee i Nor Tekstil. Her skal ho jobbe med berekraft.
– Det er ein fin overgang frå akademia til industri.
Vanja likar å bruke tid med venner, lese bøker og gå turar.
– Eg håpar på å oppleve masse fin natur i Florø og få nye venner her. Det største sjokket frå student til arbeidstakar er kor mykje guilt free fritid du har.
Nysgjerrig på å vere traineebedrift? Les meir her.
Tommy Bortheim(24) frå Førde har bachelor i Informatikk: datateknologi og er trainee i BKK. Der skal han jobbe med teknologi og utvikling.
– Eg ønsker ein god start på karrieren med kombinasjon av læring, praksis og å bygge eit sterkt fagleg og sosialt nettverk.
Av Førde forventar han å bygge vidare på nettverket sitt, og å oppleve byen frå eit nytt perspektiv gjennom arbeidslivet. Når han ikkje jobbar, går det i klatring, fotball og joggeturar.
– Kva har vore det største sjokket i overgangen frå studieliv til arbeidsliv?
– Overgangen frå fleksibiliteten i studielivet til den meir strukturerte kvardagen i arbeidslivet.
Anna Helena Sundt (26) frå Sandvika i Bærum er utdanna lektor, men skal jobbe med HR i Westcon Yard.
– Traineestillinga var ein sjanse til utvikling, med fagleg rettleiing, mentor og eit godt nettverk som gir ein trygg start på arbeidslivet.
Anna Helena forventar eit rolegare tilvære i Florø:
– Med vestlandsvær, nye bekjentskap og flott natur! Eg går frå eit sosialt kollektiv og fullt program, til å bu for meg sjølv og vere tilflyttar – men eg trivst allereie godt!
Ho er glad i å vere ute:
– Eg badar, går i fjellet og syklar. Heime prøvar eg nye oppskrifter, treffer venner eller ommøblerer i leilegheita med musikk på øyret.
Funfact: Anna Helena har møtt dronning Elizabeth.
Juan Valero Kiønig Bostad (24) frå Asker har utdanning i økonomi og administrasjon. No skal han jobbe med sal av laks mot Sør-Europa i Norwell.
– Eg søkte traineestillinga fordi eg ville lære bransjen og jobben frå botnen av med grundig opplæring, samtidig som eg får betalt.
Som ny i Florø har han gjort desse betraktningane:
– Det er ein mindre by enn eg er vand med, og så byr den på fin natur.
Når han ikkje jobbar, blir det trening og tid med venner.
– Den største overgangen frå studentlivet er at eg no har mykje meir tid på ettermiddagane.
Funfact: Før han kom til Norge, brukte han dobbeltnavnet Juan Diego.
Malina Skillebæk Neset (26) frå Lillestrøm er utdanna siviløkonom. Ho er trainee i Sparebank 1 Sogn og Fjordane.
– Her skal eg jobbe med forretningsutvikling. Avdelinga mi leiar fleire prosjekt som krev tett tverrfagleg samarbeid, noko som gir brei innsikt på tvers av ulike avdelingar og fagområde.
Malina ønsker å lære masse på kort tid og bygge nettverk, samtidig som ho får god oppfølging.
– Det gir ei bratt læringskurve og ein mjukare overgang frå studietida til arbeidslivet. Det er også kjekt å dra på lærerike samlingar og dele erfaring med dei andre traineear.
Malina ser fram til å bli kjent med byen Førde og folka der:
– Området byr på fantastiske natur og mange turar rett utenfor døra. Eg trivst godt med å vere aktiv, anten det er på tur, på treningssenteret eller på langrenn om vinteren. Samtidig set eg stor pris på å kople av med ein spennande dokumentar eller podkast.
– Kva har vore det største sjokket i overgangen frå studieliv til arbeidsliv?
– I starten krev det mykje energi å sette seg inn i nye inntrykk, menneske, rutinar og oppgåver. Samtidig er det motiverande å kjenne at eg utviklar meg.
Funfact: Malina er både høgre- og venstrehendt.
Dimana S. B. Helle (29) frå Sandefjord avsluttar snart mastergrad i statsvitenskap med fokus på strategisk kommunikasjon og internasjonal handel med sjømat ved UiT. Samtidig tar ho eit årsstudium i digital økonomi og ledelse ved HVL i Bergen. All denne kompetansen er det det Hub for Ocean i Florø som skal få gleda av:
– Eg skal jobbe med blant anna strategisk kommunikasjon, innhaldsproduksjon og eventkoordinering.
Dimana har tidlegare vore trainee i Norsk-Ukrainsk Handelskammer i Oslo, den norske ambassaden i Helsingfors og Innovasjon Norge i Stockholm.
– Det har gitt meg verdifull innsikt i internasjonal samarbeid og næringsutvikling. No blir det ekstra spennande å vere trainee over lengre tid og bli godt kjent med Hub for Ocean. Tittelen "trainee" avgrensar ikkje ansvaret. Eg har fått viktige og reelle oppgåver frå dag éin, som prosjektleiar for fleire store arrangement og konferansar, både lokale og internasjonale.
Ho ser fram til å utforske Norges vestlegaste by:
– Eg ser verkeleg fram til å bli kjent med lokalmiljøet, møte nye menneske og vere med på det som skjer.
Trass ei solid utdanning, kunne Dimana like godt blitt artist. Eller?
– Eg var på audition til Norske Talenter då eg var 13 år, heilt overbevist om at eg kunne synge som Demi Lovato. Spoiler: det kunne eg ikkje. Men det er lov å prøve seg, ikkje sant? :)
Heine Urnes (28) frå Bergen har master i innovasjon og marknadsføring. Han er trainee i Lotteri- og stiftelsestilsynet, og skal jobbe med ulike støtteordningar til frivilleg sektor, saksbehandling og forvalting.
– Å vere trainee verka som ein litt enklare overgang inn i arbeidslivet.
Bergensaren forventar nye vennskap og mykje aktivitet i Førde. Han likar å vere aktiv både i klatreveggen, elva og på gymmen.
– Eg forventar nye relasjonar og erfaringar på og utanfor jobb, og så vil eg undersøke kva fjord og fjell har å by på.
– Kva har vore det største sjokket i overgangen frå studieliv til arbeidsliv?
– Tja, har ikkje opplevd dei store sjokka til no. Kanskje eit lite sjokk at det ikkje er så stor overgang?
Funfact: I 2023 fullførte Heine utdanning innan cider og fekk den fancy tittelen Pommelier.
Magnus Nielssen (25) frå Sandefjord har utdanning frå Norges Handelshøyskole og er trainee i Nordic Mining. Der skal han jobbe med finans og forretningsstøtte, og rotere innom ESG-avdelinga.
– For meg handlar traineestillinga om å utforske ulike roller og fagområde for å finne ut kva eg verkeleg trivst med, kva som utfordrar meg mest, og kor eg kan utvikle meg vidare både fagleg og personleg.
Med arbeidsplass i den vesle bygda Naustdal, forventar han kontrastar til kva han er vand med frå byen.
– Eg gledar meg til å utforske naturen, prøve nye aktivitetar, og samtidig bli kjend med nye menneske i eit miljø som er litt annleis enn det eg er vand til.
Når han ikkje er på jobb, likar Magnus å kombinere aktivitet med å oppleve nye stadar:
– Heldigvis er det nok av stadar å ta av i området, noko eg ser fram til.
– Kva blir det største sjokket i overgangen frå studieliv til arbeidsliv?
– Å gå frå ein fleksibel studiekvardag til ein meir strukturert arbeidskvardag.
Stine Vik Letrud (21) er frå Vestnes, har bachelor i Computer Science Bch (hons) frå University of Brighton og er trainee i Digitaliseringsdirektoratet. Her skal ho jobbe som utviklar.
– Traineeprogrammet er ein unik og ressursgivande sjanse der eg vil få mange nyttige erfaringar og morosame opplevingar eg kan ta med meg inn i arbeidslivet.
Stine har høge forventningar til Sogn:
– Eg forventar at Sogndal fort blir ein stad eg kjenner meg heime. Eg har fått eit fantastisk inntrykk den første månaden eg har budd her, og trur eg kjem til å like meg veldig godt.
Når Stine ikkje er på jobb, kosar ho seg med handarbeid, godt selskap og musikk.
– Kva har vore det største sjokket i overgangen frå studieliv til arbeidsliv?
– Eg er overraska over kor lite alder og livssituasjon betyr for samhald mellom kollegaer.
Frida Pedersen Bekkestad (27) frå Drammen har Bachelor i natur-og opplevingsbasert reiseliv og Master i innovasjon og marknadsføring. Ho er trainee i Digitaliseringsdirektoratet, der ho skal jobbe med kommunikasjon, redaksjonelt innhald, kundeoppfølging og marknadsaktivitetar.
– Eg har høyrt mykje positivt om traineeprogrammet og Digdir! Samtidig som eg har inntrykk av at det vil gi ein solid start i arbeidslivet. Med nettverk og deling av erfaring med andre nye i arbeidslivet, verkar det litt mindre skummelt å vere ny.
Ho gler seg til å utforske ulike område i Digddir.
– Å vere trainee verkar utruleg spennande og lærerikt på alle nivå, både personleg og fagleg!
Frida har vore nokre år i Sogndal, og skal såleis fortsette med det ho likar best:
– Fjelltur, ski og topptur, men også hygge med venner og rolege aktivitetar som frisbeegolf, malekveld eller kafébesøk.
Og kanskje blir det ei natt eller ti ute i naturen? På spørsmål om ein funfact svarar ho dette:
– Eg har sove ute 50 netter i strekk.
Andrea Ramsrud Kjellvang (27) frå Hønefoss har bachelor i IT og interaksjonsdesign og master i innovasjon. Ho er Solund kommune sin nye trainee, der ho skal jobbe med samfunns- og næringsutvikling.
Ho ser på traineestillinga som ein mjukare overgang til arbeidskvardagen:
– Men også bratt læringskurve, nytt nettverk og vennskap og mange utfordringar - i trygge rammer.
Andrea har budd 2,5 år i Sør-Korea og tar no eit stort miljøskifte. Av Solund forventar ho vill og vakker natur, mykje friluftsliv, bli ein aktiv del av lokalsamfunnet og få nye venner for livet. På fritida skal ho gjer dette:
– Trene og gå på tur, lese bok, møte folk og nyte frisk luft på verandaen min med hav- og fjellutsikt.
På spørsmål om kva som var det største jobbsjokket, svarar ho dette:
– Det å gå frå fri flyt til fast struktur, at du ikkje lenger kan gå deg ein tur midt på dagen fordi sola skin. Og så er det ingen sensor som gir deg karakter, du må finne ut sjølv om du har gjort ein god jobb.
Kristian Hoddevik Rønnestad (27) frå Nordfjordeid er utdanna både pilot og samfunnsøkonom, men skal det neste året vere trainee i Coast Seafood. Her skal han jobbe med innkjøp.
– Å vere trainee er ein fin overgang mellom studier og arbeidsliv, samtidig som du får mykje ansvar frå første dag,
Når han ikkje jobbar blir det tid til trening og turar i fjellet. Kristian ser for seg eit fint år i Vestland.
– Den største forskjellen frå studielivet er at det no vert sett forventingar av andre enn deg sjøl.
Johannes Søgaard Berle (24) frå Asker har bachelor i finans og er trainee i Coast Seafood. Her har han tittelen Sales VAP, fersk.
– Målet med traineeåret er for meg å lære mest mogleg.
Johannes er glad i å vere sosial, trene og gå turar. På spørsmål om kva største overgangen frå student til trainee er, er det éin ting som peikar seg ut:
– Å vere del av eit arbeidsmiljø.
Lars Borge (22) frå Odda har bachelor i økonomi og administrasjon. Han er tilsett som trainee i INEOS Tyssedal, der han skal jobbe med økonomi og rekneskap.
– Å vere trainee verka som ein fin måte å starte arbeidslivet.
– Kva har vore det største sjokket i overgangen frå studieliv til arbeidsliv?
– Det må vere at det er mindre fleksibilitet samanlikna med studentlivet.
Lars ser fram til eit lærerikt og bra år i Odda, med ballsport og tid med venner på fritida.
Eli H. Lekve (23) frå Odda er utdanna ergoterapeut, og skal no jobbe med forvaltning og koordinering av helsetenester i Ullensvang kommune.
– Eg synest jobben høyrest spennande ut, og traineestillinga er ein fin sjanse til å få overblikk over helsetenestene i kommunen.
Eli forventar eit år i Odda med mange turar i fjellet, tid med venner og trening. Samtidig blir det ein overgang frå studentlivet til å vere trainee:
– Det blir nok mindre fleksibilitet.
Saleh Mohammad Azou er også trainee i Hardanger. Han skal jobbe som byggingeniør i Ullensvang kommune. Meir info kjem.