
Lotteri- og stiftelsestilsynet fekk heile 80 søkarar til traineestillinga si i år. Samstundes fekk seks sommarvikarstillingar rekordhøge 107 søkarar. Kva har dei gjort?
Berre to år tidlegare var situasjonen nemleg ein heilt annan, kan HR-rådgivar Ingunn Kvåle og kommunikasjonsrådgivar Marie Havnen fortelje.
– I 2024 hadde vi tre søkarar til traineestillinga vår. Året etter steig talet til 19, men i år tok det for alvor av. Årets stilling var ganske brei og opna for fleire typar bakgrunnar, og det bidrog nok til at vi fekk så mange gode kandidatar å velje mellom, seier Kvåle.
Sjølv om årets tal er sterke, er ikkje god rekruttering noko nytt fenomen for tilsynet i Førde.
– Generelt har vi hatt gode søkartal og fått tak i flinke folk alle dei 25 åra vi har vore her. Det var jo ein av dei tinga folk lurte på når Lottstift skulle etablere seg i Førde: Kjem vi til å lukkast med å få tak i folk her? Og det har definitivt vore ei suksesshistorie, fortel Havnen.
For nokre år sidan merka dei likevel at noko endra seg.
– Konkurransen om arbeidskrafta vart tøffare. Det gjaldt for heile samfunnet, og også for oss. Vi merka at ting kom ikkje like gratis lenger.
"Vi merka at konkurransen om arbeidskrafta vart tøffare."

Marie Havnen er kommunikasjonsrådgjevar i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Foto: Dagrun Reiakvam
Sidan 2022 har dei difor styrka arbeidet med både rekruttering og employer branding. Eit viktig grep har vore å snu perspektivet i stillingsutlysingane. Her har eit tett samarbeid mellom HR og kommunikasjon kome svært godt med.
– Vi såg at vi måtte vri innhaldet vårt til å handle meir om det som gjer oss til ein attraktiv arbeidsplass. Før søkte vi kanskje ein person som skulle levere på ei lang liste med krav, medan no har vi meir fokus på kva du får ved å jobbe her. At vi som arbeidsgjevar er meir på tilbodssida i stillingsannonsen, rett og slett, seier Havnen.
Samtidig har dei jobba med å bli meir synlege både lokalt og der studentane er, ved å delta på karrieremesser, konferansar og arbeidslivsdagar for relevante studentar, som juristar og økonomar.
Sjølv om mange stillingar får godt med søkarar, finst det unntak.
– Erfarne juristar kan vere utfordrande å rekruttere, og her er nok den lokale arbeidsmarknaden meir pressa. Vi trur det handlar mykje om at erfarne juristar ofte er veldig etablerte der dei bur, medan nyutdanna er meir mobile. Sjølv om det ikkje er like lang søkerliste på desse stillingane, så har vi hatt veldig gode rekrutteringar også her, fortel Havnen.
"Det er mykje som kan lærast i jobben."

HR-rådgivar Ingunn Kvåle.
– Difor brukar vi no meir tid på å definere kva vi faktisk treng. Kva må søkarane ha frå før, og kva kan dei utvikle når dei kjem hit. Kanskje må dei ikkje alltid ha så mykje erfaring likevel. Det er mykje som kan lærast i jobben, og det har vi opna mykje meir opp for den siste tida, legg Kvåle til.
Å ha sommarjobb i tilsynet har blitt meir og meir populært. Samtidig som Lotteri- og stiftelsestilsynet har auka opp talet sommarstillingar dei tilbyr, har også søkartala fått ei kraftig auke. Frå 11 søkarar på to stillingar i 2024, til 107 søkarar på seks stillingar i år.
- Vi får kandidatar frå heile landet, alt frå førsteårsstudentar til dei som snart er ferdige. Og det er veldig gode kandidatar, seier Kvåle.
Dei har bevisst opna opp for å tilby sommarjobb til eit breiare spekter av studentar dei siste åra, noko dei meiner har gitt resultat på søkartala.
– Samtidig får vi mykje tilbake. Sommarvikarane kjem inn med ny kunnskap og friske perspektiv, og avdelingane som tilset dei er veldig, veldig nøgde. Mange skulle gjerne hatt dei lenger, smiler ho.
Sjølv om det er mange faktorar som må vere på plass for å få tak i folk, er det éin ting dei peikar på som viktigare enn alt anna:
– Å ha fornøgde tilsette som likar seg på jobb, får spennande oppgåver og snakkar varmt om jobben sin. Det er det absolutt viktigaste. Vi ser at det gjer at fleire har eit godt inntrykk av oss og ønskjer å jobbe her – og at vi ikkje misser dei igjen, seier Havnen.
– Som statleg arbeidsplass har vi mange goder. Fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida og god pensjonsordning. I tillegg vil vi gjerne legge til rette for intern mobilitet når vi har ledige stillingar, slik at dersom du vil prøve deg på noko anna, har du moglegheiten til det, seier Kvåle.

Sjølv med gode resultat er arbeidet langt frå ferdig.
– Dess grundigare behovsanalysen er, dess lettare blir det å skrive ei god og presis stillingsutlysing. Kven treng vi eigentleg? Kva kompetanse er viktigast? Vi prøvar heile tida å forbetre oss, seier Kvåle.
Havnen peikar også på ei utfordring som mange nok kan kjenne seg igjen i:
– Tid til å jobbe godt med dette. Det er alltid mykje å gjere, og rekruttering er kanskje ofte noko du skal gjere i tillegg til «alt anna». Samtidig er det å få tak i dei rette folka heilt avgjerande for at vi lukkast med oppgåvene våre. Så det å setje av nok tid og prioritere dette arbeidet kan vere utfordrande, men heilt avgjerande.
Lotteri- og stiftelsestilsynet er medlem i Framtidsfylket. Les om våre tenester for bedrifter her: