Helse Førde

I Helse Førde jobbar det over 3000 personar i 200 ulike yrke.

Arbeidsliv

– Vi må vere attraktive kvar einaste dag

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: Helse Førde

Helse Førde rekrutterer fleire hundre tilsette kvart år, i over 200 ulike yrke. Korleis jobbar dei for å få folk til å kome, trivast og bli verande?

– Helse Førde er både ein stor organisasjon og ein stor rekrutteringsaktør, seier HR-direktør Arne Skjelten.

Han er leiar for rundt 50 tilsette i HR-avdelinga. I Helse Førde er det over 3000 tilsette spreidde over heile regionen – frå sentralsjukehuset i Førde til lokalsjukehus i Nordfjord og Lærdal, ambulansestasjonar og distriktspsykiatriske tilbod.

– Vi rekrutterer mellom 260 og 300 faste stillingar i året. Tar du med vikarar, sommarjobbar og innleige, er vi oppe i 600-700. Då seier det seg sjølv at vi må jobbe strukturert med dette.

Helse Førde

Helse Førde er ein av dei største arbeidsgjevarane i regionen. Her frå sentralsjukehuset i Førde.

Frå strategi til 52 konkrete grep

For å strukturere arbeidet, har dei utvikla ein eigen rekrutteringsstrategi.

– Då vi starta det arbeidet såg vi fort at det kom til å bli omfattande. Så vi delte det i to: eitt strategidokument og eitt sett med konkrete tiltak. Vi ville skilje det overordna frå det operative.

Til slutt sat dei igjen med 52 ulike tiltak.

– Nokre er små, andre store. For kvart tiltak har vi laga eigne tiltakskort, slik at det ikkje berre blir ord på papiret, men noko vi jobbar med i kvardagen. Den største utfordringa er nemleg ikkje å lage ein strategi, men å følgje han opp. Difor har vi ei eiga gruppe med leiarar, HR-tilsette og tillitsvalde som møtast jamleg og ser på kva vi skal prioritere, forklarer Skjelten.

Men korleis går rekrutteringa føre seg i praksis? I Helse Førde er det rundt 160 leiarar ute i avdelingane som er ansvarlege for dette, med HR som støtte og sparringpartner ved behov.

– Det betyr at kvaliteten på rekrutteringa vår heng tett saman med kor gode leiarane våre er. Difor er også leiarutvikling ein viktig del av rekrutteringsarbeidet.

"Kvaliteten på rekrutteringa vår heng tett saman med kor gode leiarane våre er"

Arne Skjelten

Arne Skjelten, HR-direktør i Helse Førde. Foto: Oddleiv Apneseth.

Spesialistane er vanskelegast å få tak i

Sjølv om behovet er stort på mange område, er det særleg nokre stillingar som er krevjande å besette.

– Den største utfordringa over tid er spesialistar; legespesialistar og psykologspesialistar. Der konkurrerer vi i ein heilt annan marknad.

– Hos oss kan det vere éin til tre spesialistar innan eit fagfelt, mens på eit større sjukehus kan det vere tjue. Då må du enten trivast med å vere meir sjølvstendig, eller så må vi tilby noko anna, som løn og andre gode. Rett og slett finne ut kva som må til for at dei vel oss framfor Trondheim eller Bergen.

Å rekruttere lokalt er difor ekstra viktig for Helse Førde. Samarbeidet med Høgskulen på Vestlandet har blitt ein viktig bærebjelke i rekrutteringa.

– Vi skal alltid tilsetje den beste søkaren, men vi blir veldig glade når den beste også har tilknyting til regionen. Det handlar om trivsel: Har du røter her, eller ønskjer å byggje eit liv her, er det større sjanse for at du blir verande. Sjukepleiestudiet i Førde er det viktigaste enkeltstudiet for oss. Vi rekrutterer utruleg mange derifrå, seier Skjelten.

Den moderne legen vil ha eit leveleg liv

Arbeidsmarknaden har endra seg dei siste åra, noko også Helse Førde merkar.

– Før var mange opptatt av å få ein trygg jobb og bli verande lenge. No er det fleire som er meir opptatt av verdiar, fleksibilitet og balanse i livet, seier Skjelten, og forklarer korleis dette påverkar helsevesenet:

– Den moderne legen ønskjer seg eit leveleg liv, og det er heilt naturleg. Men det kan utfordre oss når ein samanliknar med den «gamle garden», som kanskje gjerne tok lange vakter og jobba under høgt arbeidspress.

Det gjer at dei i dag må jobbe litt annleis for å nå fram til nye arbeidstakarar.

– Vi jobbar mykje med korleis vi framstår. Kva tenkjer folk om oss, kva er dei opptekne av? Det kan vere samfunnsoppdraget vårt, berekraft, eller det å vere del av eit mindre miljø.

– Også ser vi på heilt konkrete ting: Kva kanalar skal vi bruke? Skal vi vere på Instagram eller Snapchat? Skal vi lage videoar eller artiklar? Skal vi møte ungdomsskule- og vidaregåandeelevar, eller halde oss til studentar? Dette er spørsmål vi jobbar med no, fortel han.

Helse Førde

Over 200 ulike yrke: Helse Førde rekrutterer til eit breidt spekter av stillingar.

– Vi må møte menneska

Sjølv om ny teknologi opnar for nye moglegheiter også innan rekruttering, er det nokre ting HR-direktøren ikkje trur kjem til å endre seg.

– Vi skal jobbe smartare og noko vil bli meir digitalt, men til sjuande og sist handlar dette om menneske. Vi skal tilsette folk som skal møte pasientar. Då må vi møte dei sjølve også. Sjå dei, snakke med dei, og kjenne at dei kan stå godt i den rolla.

Men det aller viktigaste framover? Å få dei som kjem til å trivast og bli verande.

– Har du ein leiar som følgjer deg opp, eit godt miljø og ein meiningsfull jobb – då blir du. Så vi må vere attraktive kvar einaste dag, avsluttar Skjelten.

Helse Førde er medlem i Framtidsfylket. Les meir om våre tenester for bedrifter her:

Våre tenester

Fleire saker